Ferie, Reise
Leave a Comment

Vil du bu hos oss?

Vi har lagt huset vårt i Sverige ut på airbnb!

IMG_2278Det betyr at viss du har lyst til å besøke huset vårt, for eksempel feire ein bursdag der, ta med nokre vennar og tilbringe ei veke eller ei langhelg ved Dalslands kanal, så kan du det.

Då kan du leige kano og padle på Laxsjön, eller du kan vandre gjennom naturreservata i nærleiken, sjå på fossane og treffe elgen in persona, slik vi gjorde forrige helg.

Og kanskje kjem rådyra og helsar på i hagen medan du et frukost. Kven veit?

IMG_1982

Og ved dette bordet kan du servere gjestane dine god mat og god drikke. Systembolaget i Bengtsfors ligg fem kilometer frå huset, just sayin». IMG_6210

Leave a Reply