Fest, Mat, Middag
Leave a Comment

Øl i maten

Eg har hatt eit anstrengt forhold til øl heile livet. Dei første tjue åra var det fordi eg var fråhalden, dei neste nesten tretti har det vore fordi eg ganske enkelt ikkje likar smaken.

Men eg har funne ut at øl i maten kan vere heilt fortreffeleg, og det var nyttig lærdom. Øl har ein bitter smak som går dårleg med mine smaksløkar, men når ein lagar mat skal ein ha litt av alt, surt, søtt, salt, bittert og umami, den berømte femte smaken som ein finn i ost, sopp og steikt kjøt, til dømes.

Når ein tilset øl i maten er ølet med sitt tilskot av bitter smak med på å balansere dei andre smakane, og gjere det samla smaksbiletet fyldigare og rikare. Har du ikkje øl i huset kan du erstatte det med litt ekstra væske og ei teskei sennep. Du kan bruke alle typar øl, alkoholfritt går heilt fint.

I dag har eg laga ei gryte med kyllinglårfilet, som ofte er å få i butikken. Då har nokon beina ut kyllinglåret for oss, slik at det reine kjøtet er att. Det egnar seg svært godt til gryter og ovnsbakte rettar. Lårkjøtet er saftigare og mørkare, og dermed rikare på smak enn dei tradisjonelle kyllingbrysta, som kan bli litt tørre og kjedelege i samanlikning. Viss du ikkje får tak i utbeina lår kan du kjøpe rå lår og skjere ut beina, eller du kan lage denne retten av lårstykke som du får ved å dele eit lår i to ved leddet. Då må gjestane dine fjerne beinet sjølve, men det klarer dei fint.

Lårfiletane har eg krydra og linda inn i baconskiver, og så steiker eg dei i panna. Ølet kjem inn ved at eg kokar ut panna med øl etter at kjøtet er steikt. Då får du med alle dei gode smakane over i den eldfaste forma. Å deglasere kallar kokkane den prosessen, og målet er å få ein mest mogeleg smaksrik saus.

I denne retten får sausen i tillegg smak av at eg har fenikkel, squash og løk i botnen av forma. På den måten vert grønsakene bakt saman med kjøtet, og det blir ein klassisk vinn-vinn-situasjon: Meir smak, mindre oppvask.

IMG_6601Kylling i øl og fløte

800 g kyllingfilet

10-12 skiver bacon

Ein stor fenikkel

Ein stor gul løk

Ein squash

2 dl mørkt øl, eg brukte guinness

3 dl fløte

Smør til steiking

Salt og peppar

Set steikeomnen på 200 grader.

Rens løken, skjer tupp og botn av squashen og fjern botnen og tørre endar på fenikkelen. Snitt løken og fenikkelen fint, og fordel dei i ei eldfast form. Kutt squashen i skiver, og så i ”pinnar”. Fordel dette oppå fenikkelen og løken.

Surr kvar lårfilet inn i ei skive bacon, og fest baconet med ein tannpirkar. Smelt smør i ei steikepanne, og steik lårstykka gylne på alle sider. Legg lårstykka oppå grønsakene.

Kok ut panna med øl, og la det koke inn til ca. halv mengde. Slå på fløten, og la det koke nokre minutt. Skrap ut alt frå panna, og hell det over i den eldfaste forma. La det heile bake i 25-30 minutt, til grønsakene er møre, sausen er tjukk og fin, og kyllingen er gjennomsteikt.

Server med ein god salat, ris eller potetmos. Eg serverte den med denne salaten.

Husk å minne folk på å sjå etter tannpirkarane, elles kan det gå gale.

Leave a Reply