All posts tagged: lårfilet

Øl i maten

Eg har hatt eit anstrengt forhold til øl heile livet. Dei første tjue åra var det fordi eg var fråhalden, dei neste nesten tretti har det vore fordi eg ganske enkelt ikkje likar smaken. Men eg har funne ut at øl i maten kan vere heilt fortreffeleg, og det var nyttig lærdom. Øl har ein bitter smak som går dårleg med mine smaksløkar, men når ein lagar mat skal ein ha litt av alt, surt, søtt, salt, bittert og umami, den berømte femte smaken som ein finn i ost, sopp og steikt kjøt, til dømes. Når ein tilset øl i maten er ølet med sitt tilskot av bitter smak med på å balansere dei andre smakane, og gjere det samla smaksbiletet fyldigare og rikare. Har du ikkje øl i huset kan du erstatte det med litt ekstra væske og ei teskei sennep. Du kan bruke alle typar øl, alkoholfritt går heilt fint. I dag har eg laga ei gryte med kyllinglårfilet, som ofte er å få i butikken. Då har nokon beina ut kyllinglåret for oss, …