Fest, Kaker, Noko søtt, Sjokoladekake
Comments 9

Guinness-sjokoladekake


Denne kakeoppskrifta har gått som ei farsott i min venninnegjeng. Det byrja med at ei venninne fann den i ein amerikansk matblogg, og lagde den til mannen sin på farsdagen. Den gjorde stor, stor lykke, og sidan då har den halde fram med å gjere suksess.

Enkelte mistruiske seier at det er berre namnet, men det er det altså ikkje. Det er ein aldeles fantastisk god, ganske vaksen smak på sjølve kaka, kombinert med ein salt karamellglasur som er noko av det beste eg har smakt. Den kan for øvrig lagast for seg sjølv, og brukast til dømes som topping på is.

Får du ikkje tak i Guinness, så lag den med andre typar øl. Det er den bitre tonen vi er ute etter, den finst også i andre øltypar. Denne oppskrifta er med norske (metriske) mål, det gjer den litt enklare å lage enn når ein må rekne om frå litt underlege amerikanske mål, som ein som regel finn når ein søker opp denne oppskrifta. Kaka kan også lagast i miniformer, til dømes til ein buffé eller eit pent selskap.

IMG_2309Guinness-sjokoladekake med salt karamellsaus

2,5 dl Guinness

250 g smør

2 dl (90 g) kakao

5 dl (350 g) mjøl

5 dl (450 g) sukker

2 ts bakepulver

1 ts vaniljesukker av den ekte typen

1/2 ts salt

3 egg

2 dl rømme

Set omnen på 180 grader.

Smør forma du vil bruke, typisk ei såkalla randform, altså ei kakeform med hol i midten. Dryss forma med mjøl eller semulegryn, og bank godt ut av den i vasken slik at det ikkje dannar seg klumpar med mjøl/gryn.

Ha smør og øl i ei gryte, og la det koke opp. Pisk inn kakaopulveret til blandinga er glatt. Sett det til side.

Bland saman mjøl, sukker, bakepulver, vaniljesukker og salt i ein bolle.

Bruk ein miksmaster, og pisk saman rømmen og egga i ein romsleg bolle. Alt skal samlast i denne bollen. Rør smørblandinga inn i egg/rømmeblandinga. Vend til slutt inn mjølblandinga, ikkje rør for mykje. Røra skal ikkje bli seig, berre akkurat blandast slik at det ikkje blir mjølklumpar. Eg brukar ofte ein halv ballongvisp i denne operasjonen.

Hell røra i forma, og steik kaka midt i omnen på 180 grader i 55-60 minutt. Sjekk med ein spagettipinne når det har gått 55 minutt, sit det ikkje røre fast på pinnen er kaka ferdig, viss det er røre på den treng den fem minutt til.

La kaka kolne i forma, la den stå minst ein time, før du vender den på eit fat. Den er uansett for varm til å helle glasur over når den kjem rett ut av omnen.

Salt karamellsaus

5 ss smør

1,2 dl brunt sukker

1 dl fløte

Ei klype salt

1/2 ts ekte vaniljesukker

2 dl melis

Ha smør, brunt sukker, vaniljesukker, fløte og salt i ei gryte, og rør jamnt og trutt til det kokar opp. La det koke friskt i eit minutt, medan du rører. La blandinga kolne litt.

Ha i halvparten av melisen, og rør sausen glatt. Rør i resten av melisen skei for skei, til du har den konsistensen du vil ha. Det er ikkje sikkert du treng alt.

Hell glasuren over den avkjølte kaka, og dryss litt flaksalt på toppen. Nyt.

9 Comments

  1. Veslemøy says

    Må det være Guinnes eller mulig med annen sort? Har lyst til å prøve på denne til et sted det er min tur til å ta med servering i morgen… Men er 7 mil t/r om jeg ikke kan bytte med noe annet. Men Guinness er Guinness kanskje?

    Likt av 1 person

    • Huff, no vart eg alt for sein med å svare! Ja, du kan lage den med andre typar øl og. Det er den bitre smaken ein er ute etter, og det har alle typar øl i varierande grad. Håper du lagde den!

      Likar

  2. Veslemøy says

    Mente at det er langt å kjøre dit de selger denne ølsorten… 😉

    Likar

  3. Lager den nå. Det vil si, jeg venter på karamellsausen så den blir litt tykkere, hvis ikke renner den vel rett av. Foreløpig ser dette ut til å bli en vinner ja!!! Fantastisk. Takk for oppskriften!.

    Likt av 1 person

  4. Hei, takk for oppskrift, den ble laget til vennelag i går kveld og slo bra an. Men jeg undret meg over sausen, jeg brukte ekte smør, og den var aldeles rennende lenge. Prøvde å legge på litt på den kalde kaka, men det rant rett ned. Måtte vente veldig lenge før den var kald nok til å smøre på. Hadde vært fint om det stod noe om det i oppskriften. Super oppskrift ellers! (Forresten: 1,2 dl brunt sukker? Mener du 1,5?)

    Likar

    • Nei, eg meiner 1,2 dl. Sausen tjuknar, så den skal vere ganske tjuktflytande før du har den på kaka. Du kan godt sette den litt i kjøleskapet, men den må ikkje bli for tjukk heller. 🙂

      Likar

  5. Elise says

    Er det mulig å bruke anna form? for eksempel vanlig rundform? Hva blir evt endret i fremgangsmåte, steketid? 🙂

    Likar

    • hoi, her har eg vore treg med å svare! Ja, det kan du, prøv med litt lengre steiketid, tre-fem minutt kanskje?

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s