All posts tagged: festkake

Guinness-sjokoladekake


Denne kakeoppskrifta har gått som ei farsott i min venninnegjeng. Det byrja med at ei venninne fann den i ein amerikansk matblogg, og lagde den til mannen sin på farsdagen. Den gjorde stor, stor lykke, og sidan då har den halde fram med å gjere suksess. Enkelte mistruiske seier at det er berre namnet, men det er det altså ikkje. Det er ein aldeles fantastisk god, ganske vaksen smak på sjølve kaka, kombinert med ein salt karamellglasur som er noko av det beste eg har smakt. Den kan for øvrig lagast for seg sjølv, og brukast til dømes som topping på is. Får du ikkje tak i Guinness, så lag den med andre typar øl. Det er den bitre tonen vi er ute etter, den finst også i andre øltypar. Denne oppskrifta er med norske (metriske) mål, det gjer den litt enklare å lage enn når ein må rekne om frå litt underlege amerikanske mål, som ein som regel finn når ein søker opp denne oppskrifta. Kaka kan også lagast i miniformer, til dømes til ein …