Billig mat, Drikke, Mat, Noko søtt, Safting og sylting, Vegansk, Veggis
Kommenter innlegget

Aroniamoro


Aronia eller svartsurbær finn du mange stader, men visste du at det er eit førsteklasses syltebær?

Då vi fekk ny parkeringsplass denne våren måtte vi bestemme oss for kva type hekk vi skulle ha. I hagespørsmål er det stort sett eg som har styringa, men her var mannen min svært engasjert: Vi må ha aronia! Så vi bestilte 40 plantar, og fekk dei i jorda 17. mai-helga.

Sidan sommaren allereie då viste seg frå si varme side, la vi opp eit vatningsanlegg med sveitteslangar som ga dei litt vatn 20 minutt kvar morgon og kveld. Det gjorde at hekken trivdest og vaks, og no står den tung av bær. Etter ein plukkeraptus har vi fått inn åtte kilo, og det er slett ikkje verst første året.

9WkeeCYnStqcCnU7RFhCuQAronia vert mykje brukt som hekkplante i offentlege uterom, så lær deg korleis den ser ut, så kan du plukke når sesongen er der. Det norske namnet til aronia er svartsurbær, og den lever opp til namnet sitt. Bæra er kolsvarte, og ikkje spesielt søte.

Enkelte hevdar at bæra blir søtare etter ei frostnatt, men det bør skje i frysaren. Vert dei hengande på buskene til frosten kjem så har nok fuglane spist dei før dei frys. Dessutan er eg ikkje sikker på om den frosten gjer så stor skilnad på smaken. Eg blandar også eplebåtar i bæra, det har vi uendeleg mykje av, og eg trur at epla gjer safta litt søtare.

5i1JazAXS0SwI60YbeM5EgVi safta bæra, og laga søt saft. Det går lettast viss du har ein saftdampar, ein kjele i to eller tre delar, der du har bæra i toppetasjen, og vatn i ein kjele nedst. I midten samlar safta seg etter kvart som den vert ferdig. Saftdamparar får du i butikken, eller for ein billig penge hos din lokale bruktbutikk.

Det du må passe på er at botnkjelen ikkje går tom for vatn. Då dampar det ikkje lenger, og du får ikkje ut safta av bæra. Skal du dampe mykje bær, så tapp av saft i ein ny kjele etter kvart. Eg sette ein krakk ved komfyren med ei gryte på, og tappa safta oppi den etter kvart som den samla seg i midtdelen.

Dampinga kan fort ta fire-fem timar, iallfall viss du fyller på med bær og meir vatn undervegs, så du må hente fram tolmodet ditt. Men det er verd det, tru meg.

OwWM6y6cRzuH1oECQ5FmVwI enkelte oppskrifter kan du få forslag om å ha sukkeret i saman med bæra. Eg syns ikkje det er den beste måten. Det er lettvint å tappe sukra saft rett i flasker, men du kan få kvalitetsvariasjon og ulik styrke på dei ulike tappingane. Eg likar å fylle på med bær etter kvart, og då blir det vanskeleg å få lik styrke på den første og den siste flaska. I staden kokar eg opp den ferdige, usukra safta, og tilset sukker og sitronsyre til det er passe god og balansert smak.

Då har du også eit førsteklasses utgangspunkt for gelé. Du kan også lage tradisjonelt syltetøy av aronia, men eg likar ikkje å støte på kjernene, så eg føretrekkjer gelé. Geléen smakar nydeleg til dømes på nysteikte vafler, eller til ost. Den kan også erstatte tyttebær til vilt og til kjøttkaker.

Den framgangsmåten eg beskriv her kan du bruke til alle typer safting. Både rips, solbær, eple og rogn kan saftast på same måte. Viss du ikkje har saftdampar kan du bruke ei stor gryte og eit klede. Kok opp all bæra med litt vatn, og la den koke til den er mør under lok. Legg eit stort, heilt reint klede i ein romsleg bolle, og aus oppi bærmassen. Knyt saman kledet, og heng det i ein krok i taket over bollen. La det henge over natta, og renne av. Det finst også eigne saftposar, som du kan sette på eit stativ over ein bolle eller ei bøtte, dei gjer også nytta.

pDuWZkV7RZSGMRuEXhnNHgAroniasaft

Aroniabær

Eple kutta i båtar viss du har

Vatn

400-500 g sukker pr liter dampa saft

1-2 ts sitronsyre

½ ts atamon pr liter ferdig saft

Skyll bæra, og hell ho i den øverste kjelen. Legg i eplebåtar viss du har. Fyll opp den nederste kjelen med vatn, og la han koke opp. Sett saftdelen og bærdelen på plass, og la bæra stå og dampe til den har sunke saman, og mista fargen. Du kan fylle på med meir bær undervegs.

Tapp av safta i ein romsleg kjele. Når all safta er dampa ut, set du kjelen på komfyren. Ta til side 2 liter saft til gelé i ei eiga gryte. Mål opp resten, og kok det opp med 400 g sukker pr liter saft. Smak på safta undervegs, lag gjerne eit prøveglas der du sper den ut så mykje som du har tenkt å spe den ut. Ha i sitronsyre, og juster med litt meir sukker viss det trengst. Skum av det skummet som dannar seg på toppen og langs kanten av gryta. La safta få eit siste oppkok. Dra kjelen til side, og ha i atamon. Fyll safta på reine, varme flasker som du har kork til med trakt og ause. Oppbevar safta mørkt og kaldt.

IMG_7320Aroniagelé

2 liter usøta saft

800 g sukker

Ein pose pektinpulver

2 ts sitronsyre

Kok opp safta med sitronsyre og fruktpektinpulver. La det koke friskt eit minutt. Ha i sukkeret, og la det koke opp på nytt. Smak om du syns balansen mellom surt, søtt og bittert er passe. Juster med sukker og sitronsyre viss det trengst. Skum av det skummet som dannar seg på toppen og langs kanten av gryta.

Dra gryta til side, og fyll geléen på reine, nykokte glas. Skru på lokka på glasa med ein gong, og sett dei kjøleg. Oppbevar geléen mørkt og kjøleg.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s