Allergi, Billig mat, Grønt, Mat, Supper, Veggis
Kommenter innlegget

Deilig gulrotsuppe – og litt sjølvskryt


Gulrotsuppe har blitt ein moderne klassikar, og kven skulle tru at denne grønsaka som vi som regel kokar i hel og serverer til kvit fisk kan gi ei så nydeleg suppe? Her kan du også nytte høvet til å få rydda i grønsaksskuffen.

fullsizeoutput_2bEg fann to persillerøtter og eit par sjalottlaukar, men du kan like gjerne bruke selleri, og vanleg gul lauk eller purre. Trikset for å få fram dei gode smakane er uansett å frese kvitløk, ingefær, løk og chili i smør eller olje først, då kjem aromaene ut i full blomst.

Suppa treng ikkje jamnast, eg berre koker grønsakene møre, og køyrer suppa glatt med den geniale reiskapen stavmiksar. Eg har min hengande ved sidan av komfyren, for eg brukar den nesten kvar dag. Før eg fekk ein ordentleg ein dreiv eg og styra med å køyre supper og sausar i matmølla, men det er så utruleg mykje greiare med ein stavmiksar som eg set rett i gryta.

Det er alltid fint med litt garnityr på supper. Ein klatt rømme, finklipte urter, nokre rista frø eller kjerner, eller sprøsteikt bacon. I dag hadde eg ein kyllingfilet som vart til overs frå middagen i går. Den skar eg i tynne skiver, og steikte sprø i smør. Det var ein fin og salt kontrast til den søtlege, aromatiske suppa.

Er det lov med litt sjølvskryt? I svenskehuset vårt har vi handverkarar for tida, dei driv og legg stein i hagen. Når eg er her brukar eg å by dei på lunsj, og i dag serverte eg denne suppa. Steinleggaren hadde med seg ein seksten år gamal handlangar, og vi sat og spiste og snakka om laust og fast. Vi kom inn på mat, og eg spurte: Kva er det aller beste du veit å spise? Den här soppan, sa han. Då vart eg glad! Så har du ein sekstenåring i huset, så prøv å lage denne suppa, og sjå om den slår an hos ungdommen.

 

fullsizeoutput_29Gulrotsuppe med ingefær

Olje eller smør til steiking

2 fedd kvitløk

2 cm fersk ingefær

1 liten chili, raud

Ein halv purre

Ein sjalottlauk

Fem-seks gulrøtter

To persillerøtter

1 liter vatn

2-3 buljongterningar

2 dl kremfløte

Salt og peppar

Finhakk kvitløk, ingefær, chili, løk og purre. Varm opp smør eller olje i ei vid gryte, og ha alt du har hakka i gryta. Fres det i tre-fire minutt, til løken er blank og all smaken har komt fram.

Skrell gulrøttene og persillerøttene, og hakk dei i cm-store bitar. Ha dei i gryta, og slå på vatn. Ha i buljongterningane, og la suppa koke i ti minutt, til gulrøttene er møre. Køyr suppa glatt med stavmiksar. Ha i kremfløte, og smak til med salt og peppar. Server suppa med godt brød til, og det garnityret du har lyst på.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s