Fest, Italiensk mat, Lasagne, Middag, Veggis
Leave a Comment

Inspirasjon frå Green Bonanza: Lasagne med spinat og tre ostar

Eg elskar det når eg finn nye, spennande bloggar, og ein av dei relativt ferske er Mia som skriv på bloggen Green Bonanza.

Sjølv om ho har blogga berre sidan juni 2014 så har bloggen verkeleg tatt av, og er i toppsjiktet blant dei ledande norske veggisbloggane. Det syns eg er gøy, det er så flott med folk som satsar på det dei elskar og gjennomfører det. Bloggen har ein heilt eigen estetikk som eg likar godt, og Mia tek veldig gode bilde.

I dag har eg laga ein av hennar lasagne-variantar, og eg vart freista av denne klassiske ostelasagnen med tre ostar og spinat. Den vart knallgod, gjestane mine berre akka og oia seg i fryd når måltidet var over. Mia kallar det ein Rolls Royce-lasagne, og det har ho heilt rett i.

IMG_6664Lasagne med tre ostar og spinat

Fyll:

400 gram fersk spinat

200 gram (1 boks) kremost

250 gram (2 stk) fersk mozarella

4 egg

En neve bladpersille

3 ss hakka ramsløk

1 ts salt

1 ts grovkverna peppar

12 lasagneplater

Saus:

3 sjalottløk

5 kvitløksfedd

3 ss smør

4 ss kveitemjøl

1 liter lettmjølk

1 ts salt

0,5 ts muskat

100 gram pecorino (delt i to)

Rens spinaten, viss du ikkje har ferdig rensa. Skyll den i tre vatn, og fjern dei tjukkaste stilkane og det som er stygt. Kok opp vatn og hell det over spinaten i ein bolle eller ei gryte. La det stå i fire-fem minutt. Hell av vatnet, skyll spinaten i kaldt vatn, og klem ut så mykje vatn som mogeleg. Eg brukte eit reint klede til det. Finhakk spinaten, og ha den i ein bolle.

Bland ricotta, mozarella skoren i små terningar, persille og salt og peppar oppi spinaten. Her putta eg i eit par nevar ramsløk, berre for at eg hadde det. Knekk egga, og rør dei saman med ein gaffel før du heller dei oppi spinat- og osteblandinga. Sett til side.

Finhakk sjalottløken. Smelt smøret i ei tjukkbotna gryte, og ha i løken. La det surre medan du finhakkar kvitløksfedda, og ha dei oppi når løken har fått litt farge. La det surre eit lite minutt før du rører inn kveitemjølet. La mjøl- og smørblandinga boble litt utan å bli brunt på medium varme før du slår på mjølka. Spe i mjølka litt og litt til sausen tjuknar. Ha i muskat og halvparten av den faste osten. Her brukar Mia parmesan, men eg hadde pecorino, som gjer same nytta. Eg droppa salvien, fordi eg ikkje hadde det tilgjengeleg.

Ikkje bruk ei altfor stor form, dette er ikkje ei veldig stor oppskrift. Legg kvitsaus i botnen, så lasagneplater, og så fyll. Fortsett å legge lag på lag til du har brukt opp både fyll og saus. Det øverste laget er siste rest av sausen og resten av den harde osten som du dryssar på.

Steik lasagnen på 200 grader midt i omnen, i ca. ein halvtime. La den stå nokre minutt før du delar den i porsjonar. Server lasagnen med godt brød, og gjerne med ein salat med litt syrleg dressing.

Leave a Reply