All posts tagged: aktivitetsferie

Vil du bu hos oss?

Vi har lagt huset vårt i Sverige ut på airbnb! Det betyr at viss du har lyst til å besøke huset vårt, for eksempel feire ein bursdag der, ta med nokre vennar og tilbringe ei veke eller ei langhelg ved Dalslands kanal, så kan du det. Då kan du leige kano og padle på Laxsjön, eller du kan vandre gjennom naturreservata i nærleiken, sjå på fossane og treffe elgen in persona, slik vi gjorde forrige helg. Og kanskje kjem rådyra og helsar på i hagen medan du et frukost. Kven veit? Og ved dette bordet kan du servere gjestane dine god mat og god drikke. Systembolaget i Bengtsfors ligg fem kilometer frå huset, just sayin’. 

Vi skal på leir!

Visste du det? Det finst faktisk ein leirskule for vaksne. Dit skal vi i sommar! Og ein av aktivitetane er sjølvsagt eit syltekurs med lokale råvarer frå Øksendal, kurset vert halde av yours truly. Det gler eg meg veldig til. Men eg gler meg vel så mykje til alle dei andre aktivitetane som går føre seg på dette strålande arrangementet. Programmet er fullt av andre fine aktivitetar og, frå motorsagkurs til fjellklatring og kurs i brødbaking i steinovn. Syns du det høyrest kult ut, og har sommarferie utan planar lagt for veka 20.-27. juli, så kast deg på! Gå inn på http://www.underleir.no, og meld deg på. Vi sjåast!