Her om dagen lagde eg nokre saftige dessertmuffins. Dei fekk trekke til seg ein lake av brunt sukker og blodappelsinsaft så dei vart soggy og fine.
Desse muffinsa er ikkje noko å gøyme på, dei er best når du serverer dei lunkne. Eg satte dei i omnen når gjestane kom, tok dei ut og dynka dei like før vi sette oss til bords, så dei var perfekt lunkne til desserttid. Dynkinga gjer at dei blir intenst søte og appelsinsmakfylte, og dermed egnar seg perfekt til dessert. Slik gjorde eg det:
220 g mjukt smør
2 dl sukker
2 egg
4 dl mjøl
1 ts bakepulver
2 dl surmjølk
Skal av 2 appelsiner
”glasur”:
1 dl brunt sukker
1/2 dl appelsinsaft av den appelsinen du tok skalet frå
Set omnen på 200 grader. Vask appelsinene godt, og riv skalet av dei.
Ha smør og sukker i ein bolle, og pisk det med handmiksar til det er lyst og luftig. Pisk inn egga eitt og eitt. Bland saman mjøl, appelsinskal og bakepulver i ei anna skål, og vend det inn i smørblandinga vekselsvis med surmjølka. Fordel røra i 10-12 muffinsformer, og steik muffinsa på 200 grader i 20 minutt.
Sjekk med ein spagettipinne eller ei kakenål om dei er ferdige. Sit det røre att på pinnen når du stikk dei inn i muffinsen må dei få nokre minutt til.
Bland saman brunt sukker og safta frå ein av appelsinene. Dynk kvar muffins med vel ei spiseskei av denne glaseringa medan dei framleis er varme og står i forma si. La dei kolne i forma, før du eventuelt anrettar dei på ein dessertasjett. Eg serverte mine muffins med blodappelsinfiletar og vaniljekesam.