Eg føler av og til at eg driv og lokkar lesarane mine utpå med dei mest vanvittige idéar.
Før helga var det å buljongbake blodappelsiner. Det er jo ganske sprøtt, kanskje på linje med saltsylta sitronar.
Men når eg får deg til å vurdere om du skal prøve noko så vilt, så føler eg eit visst ansvar for å gje deg nokre fleire døme på korleis du kan bruke det du lagar.
Eg var heime åleine her om dagen, og så steikte eg meg eit stykke laks. Før laksen smørsteikte eg eit lite lass med aromasopp, og til dette hadde eg ein salat med buljongbakte appelsiner i. Det smakte veldig deilig, og eg fekk då konstatert at dei var like gode seks dagar etter at dei var lagde. Så mykje lenger trur eg ikkje dei held seg.
Eg brukte litt av buljongkrafta som appelsinene var bakt i til å slå på steikepanna slik at eg fekk ei fin sjy til laksen. På toppen av det heile lagde eg ein vinaigrette med appelsinskiver i.
Denne oppskrifta er til ein person, bortsett frå vinaigretten. Den held seg til gjengjeld i kjøleskapet i fleire dagar. Slik gjorde eg det:
Laks med sopp og appelsinsalat
100 g blanda bladsalat
Litt agurk
Litt alfalfaspirar
1 skive buljongbakt appelsin
Parmesan
200 g aromasopp
Kraft frå appelsinene
170 g laks
Kutt soppen i bitar, og steik den i smør i ei steikepanne på middels varme. Legg gjerne lok på panna, slik at soppen lettare slepp væta og vert smaksrik og fin. Hald den varm.
Steik eit laksestykke 2-3 minutt på kvar side i smør. Slå på nokre skeier buljong frå appelsinene det siste minuttet.
Skyll og tørk salaten, eg brukar ei salatslynge for å få den tørr. Anrett den på tallerkenen med oppkutta agurk. Fordel ein liten neve alfalfaspirar eller andre spirar over salaten. Del appelsinskiva i små bitar, og ha over salaten. Riv over parmesan. Server med ein vinaigrette:
Appelsinvinaigrette
2 skiver buljongkokte appelsiner
3 ss balsamico
6 ss olivenolje
1 ts honning
Salt og peppar
Køyr det heile glatt i ei minimatmølle eller med ein stavmiksar.
Anrett laksestykket på ein tallerken med sopp og salat, og ringle vinaigretten over salaten.