Fest, Mat
Kommenter innlegget

Smørbrødkake med leverpostei


Søtt og salt på same tid? Neida, berre salt. Og saftig, smakfullt og mettande.

Som du sikkert har forstått er eg inne i ein svensk stim for tida. I dag tek eg for meg det geniale konseptet ”smörgåstårta”, eller smørbrødkake som det bør heite på norsk.

Ei smørbrødkake er altså noko som i fasong ser ut som ei kake, men som er eit stort og velsmakande måltid. Svenskane serverer det ofte til lunch, du kan få det servert til søndagskaffen, eller som oppvarming til ein fest. Dei aller fleste bakeri i Sverige lagar smörgåstårtor på bestilling, og smaksvariasjonane er bortimot uendelege.

Når ein lagar ei smørbrødkake lagar ein to-tre ulike rører som ein legg lagvis med brødskiver som ein har skore skorpene av. Og så vert kaka dekt med ein krem av eit eller anna slag, eg har laga ein urtekrem med fetaost, og ein med creme fraiche, pepparrot og riven sitron. Grunnene til at eg vel creme fraiche er at den er relativt fast i konsistensen, og vert ikkje flytande på kaka. Du kan også bruke gresk yoghurt om du vil ha mindre feitt i. Kremen skal smørast ned på sidene av kaka, slik at den pynten du har på dag to sit fast i kremen.

Rørene som skal vere inni kan vere basert på skaldyr, fisk, egg eller kjøt. Dei kan også vere vegetariske, basert på bønner, kikerter eller vegetariske posteiar. Oliven, soltørka tomatar eller artisjokk kan vere tilleggsingrediensar som gir masse smak. Blir røra di for syrleg eller bitter, så juster med litt mild honning, det gjer ofte smaken meir balansert.

For kunsten når ein lagar ei smørbrødkake er å treffe med balansen mellom smakane. Grunnen til at eg brukar pepparrot er at eg vil ha det litt skarpe som balanserer det milde i creme fraiche, egg og brød. Leverposteien knar eg ut i remulade, den er syrleg og balanserer godt med sjølve leverposteien. Ein kunne tenke seg å legge inn eit lag med sylteagurk, til dømes i form av bostonagurk. Men då syns eg det blir for mykje smak av leverposteiskive. Dette skal vere noko anna enn det å ta seg ei brødskive.

Ei smørbrødkake skal lagast dagen før. Det er fordi den skal få tid til å trekke til seg kremen du smører på utsida, og bli saftig og god. Smaken frå fyllet får også fordele seg godt i kaka, og den blir fastare i fisken samtidig som den blir saftigare. Og så pynter du kaka den dagen den skal serverast. Sånn sett er det perfekt festmat, det meste er gjort dagen før, og du har tid til å dekke eit pent bord, og å kose deg med gjestane dine.

IMG_6433Smørbrødkake med leverposteifyll

Ein pakke brødskiver av rasker-typen

250 g leverpostei, gjerne med bacon

1,5 dl remulade

Tre egg

1 dl majones

2 ts riven pepparrot, frå tube

Creme fraiche

2 ts pepparrot

Skalet av ein sitron

Salt og peppar

Ha leverposteien i ein bolle, og kna den mjuk med remuladen. Sett til side.

Koke egga i ti minutt, og skyll dei i kaldt vatn. Skrell dei, og Del del dei først på langs og så på tvers slik at det blir terningar. Ha majonesen i ein bolle, og rør inn eggehakket. Smak til med salt og peppar

Legg fire brødskiver utan skorpe på eit stort fat. Smør på leverposteikrem, og legg på fire skiver til. Smør på eggekrem, og legg på fire skiver til. Hald fram til du har brukt opp all røra du har laga. Avsluytt med fire skiver

Bland saman creme fraiche, pepparrot og sitron. Smak til med salt og peppar. Smør utsida med denne kremen lik at alt brødet er dekt. Legg eit lok eller ein bolle over fatet, og set kaldt til dagen etter.

Dag 2: Pynt kaka med det du har for handa, til dømes skiver av squash skorne med ostehøvel eller mandolin, cherrytomatar, reddikar, skinke, ruccola osv..

IMG_6445

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s