Fest, Gryterettar, Kjøtt
Kommenter innlegget

Oksegryte med søtpoteter og persillerot


I dag har eg laga ei kjøttgryte med rotgrønsaker og paprika. Det er ein slags variant av biff stroganoff, og den er laga av billig og seigt oksekjøt. Men det seige kjøtet er det beste når det får koke lenge, så det handlar berre om å vere tolmodig. Eller eventuelt å ha ein trykkokar.

IMG_6456Når ein er mange til bords må det mykje kjøt til, og det å stå og steike kjøtet i porsjonar i gryta er uendeleg kjedeleg, og fyller huset med steikeos. Eg fann ein genial måte å gjere dette på, som går mykje fortare, og som skjer medan du gjer andre ting. Eg steiker kjøtet med varmluft i steikeovnen! Då får eg i gang ein fin mailliard-prosess, den gjer at kjøtet vert brunt og ikkje minst at det blir masse deilig smak i gryta.

Har du trykkokar så puttar du så kjøtet i gryta, får opp trykket, og så er kjøtet mørt på førti minutt. Har du ikkje det, legg du kjøtet i ei gryte, og lar det koke i to timar. Høyrest dette ut som reklame for ein trykkokar? Det kunne det ha vore, men eg har ingen reklameavtalar, eg berre elskar trykkokaren min.

Smaken i denne gryta kjem mykje av grønsakene, i dag fann eg søtpoteter og persillerot. Når du finn slike rare grønsaker, så kjøp dei. Butikkane brukar stadig vekk ”ingen kjøper det” som argument for å la vere å ta inn rar mat, det må vi få slutt på. Rar mat er bra. Grønsakene kokar også fortare i trykkokar. Lagar du gryta på vanleg måte legg du dei i siste halvtimen. Med trykkokar tek du gryta av ovnen når kjøtet har kokt ein halvtime, og let ein tynn vasstråle renne på loket i to-tre minutt slik at trykket fell. Så opnar du, legg i grønsakene, og så skrur du gryta til igjen, og let det heile koke i ti minutt til.

IMG_6463Oksegryte med søtpoteter og persillerot

1 kg bankekjøt

2 ss smelta smør

Salt og peppar

½ liter buljong

1 ts timian

To persillerøtter

To søtpoteter

To gule løk

400 g sjampinjong

To paprikaer

Eit beger creme fraiche

Salt og peppar

Smør til steiking

Set steikeovnen på 220 grader med varmluft.

Skjer kjøtet i 2×2 cm terningar. Ha det i ein bolle, hell over to spiseskeier smelta smør, raust med salt og peppar og rør rundt. Legg bakepapir på ei langpanne med kantar, og hell i kjøtet. Set inn kjøtet, og la det stå ein halvtime på 220 grader.

Rens grønsakene, skjer løken i båtar, del soppane i fire, og skjer persillerøtter og søtpoteter i ikkje alt for små terningar. Kutt paprikaen i munnfullbitar.

Ha kjøtet i ei gryte, og slå på buljong. Ha i timian, og kok kjøtet i 2 timar utan trykkokar, 30 minutt med. Ha i eit beger creme fraiche, persillerot og søtpotet, og la det heile koke ein halvtime til, ti minutt med trykkokar.

Steik sopp og løk i ei gryte, og ha i saman med paprikaen mot slutten av koketida. Brukar du trykkokar, så ha paprikaen i saman med persillerot og søtpotet.

Server gryta med kokt ris og eit godt brød.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s