All posts tagged: festmat

Syrisk taco


Dette er kjempegodt, det smakar betre enn fredagstaco, sa min kjære då han fekk dette servert. Så då vart det syrarane kallar fatteh omdøypt til syrisk taco her heime hos oss. Eg har alltid vore glad i maten frå midt-austen. Eg har vore eit døger i Istanbul, då budde eg på eit veldig fint hotell. Då eg kom til frukost var det som å vere i London, bacon, egg, tomatbønner og ein eigen omelettkokk. Men eg såg at dei som var tyrkiske gjekk rett forbi omelettkokken. Eg følgde etter dei, og lengst inn og til venstre kom eg til den mest fantastiske frukostbufféen eg nokon gong har sett. Frukt skore opp på kunstferdig vis, store skåler med ulike yoghurtar og dippar, Falafel, hummus og ein eigen fatteh-stasjon. Eg var i himmelen. Fatteh betyr eigentleg smular, og denne retten er ein måte å bruke opp gamalt brød på. Brødet er eit tynt, mjukt flatbrød, og vert servert til alle måltid. Brødet er veldig godt ferskt, men i heile midtausten har dei gjort det å bruke gamalt …

Oksegryte med søtpoteter og persillerot


I dag har eg laga ei kjøttgryte med rotgrønsaker og paprika. Det er ein slags variant av biff stroganoff, og den er laga av billig og seigt oksekjøt. Men det seige kjøtet er det beste når det får koke lenge, så det handlar berre om å vere tolmodig. Eller eventuelt å ha ein trykkokar. Når ein er mange til bords må det mykje kjøt til, og det å stå og steike kjøtet i porsjonar i gryta er uendeleg kjedeleg, og fyller huset med steikeos. Eg fann ein genial måte å gjere dette på, som går mykje fortare, og som skjer medan du gjer andre ting. Eg steiker kjøtet med varmluft i steikeovnen! Då får eg i gang ein fin mailliard-prosess, den gjer at kjøtet vert brunt og ikkje minst at det blir masse deilig smak i gryta. Har du trykkokar så puttar du så kjøtet i gryta, får opp trykket, og så er kjøtet mørt på førti minutt. Har du ikkje det, legg du kjøtet i ei gryte, og lar det koke i to timar. …