Kjøtt, Mat, Middag, salat, Tilbehør
Leave a Comment

Raudbetsalat og biff a la Lindstrøm

Akkurat no er raudbetene i sesong. Eg likar å saltbake dei, då blir det litt mindre blodraud saft å halde styr på. Enklare å skrelle vert den og. Eg veit at bildet ser ille ut, men det kunne ha vore mykje verre, viss eg hadde skrelt røttene rå.

Med masse møre og fine raudbeter parat prøvde eg meg på ein klassisk svensk raudbetsalat med eple og pepparrot. Det vart veldig godt!

Denne salaten er ein veldig god base viss du skal lage sildesalat, då vatnar du ut så mange sildefiletar du har, skjer dei i små bitar, og blandar inn i salaten.

Salaten serverte eg oppå små, lekre skiver av paté, som kvilte på ei rista loffskive. Det vart ein perfekt liten forrett, og den kan også serverast som eit lite tiltygg viss det er litt lenge til middag. Raudbetene kan du bake i god tid, dei held seg minst to-tre dagar i kjøleskapet. Du kan også bruke ferdigkjøpte sylta raudbeter, då kan du droppe eddik og kanskje også sennep i salaten, smak deg fram kor mykje sting du vil ha i den.

Eg laga ein stor porsjon raudbetsalat, og då vart det også nok som tilbehør til min variant av ein klassisk biff a la Lindstrøm. Det er store kjøtkaker med kapers, løk og gjerne steikte poteter og raudbetbitar i. Eg droppa potetene, og raudbetene fekk vere att i salaten. Men kjøtkaker med løk og kapers smakte fortreffeleg, så det vil eg anbefale. Du kan velge om du steiker løken først, eller om du har den rå i biffane, eg brukte den rå.

Raudbetsalat

6 raudbeter

5 dl grovt salt

3 syrlege eple

50-70 g pepparrot

2 ts dijonsennep

2 ts eplecidereddik

Salt og peppar

2,5 dl kremfløte

Sett steikeomnen på 200 grader. Vask raudbetene, men la dei behalde skalet på. Dryss litt grovt salt i ei eldfast form. Legg raudbetene i forma, og slå over resten av saltet. Bak raudbetene møre i 1,5 time. Rens dei, og kutt dei i små terningar.

Skrell epla, fjern kjernehus og stilkfeste, og kutt dei og i små terningar. Riv pepparrota fint.

Pisk kremfløten ikkje heit stiv, og smak til med sennep. Vend inn raudbetene, epleterningane og pepparrota litt etter litt, og smak til til slutt med eddik, salt og peppar.

Server raudbetsalaten til biff a la Lindstrøm.

Biff a la Lindstrøm

 

400 g kjøtdeig

2-3 skiver loff

2 dl mjølk

2 ss kapers

1 gul løk

(Evnt 1-2 finhakka, kokte raudbeter om du vil)

1 ts salt

½ ts peppar

Litt riven muskatnøtt

Legg loffskivene i mjølk ei stund før du skal lage biffane. Ha kjøtdeigen i ein bolle, og tilset salt, peppar og muskat. Finhakk løk og kapers, og rør det inn. Elt kjøtdeigen smidig, medan du har i brødet og mjølka.

Form fire store, gjerne avlange kjøtkaker av farsen, og steik dei gylne i smør i ei varm steikepanne. La dei ettersteike på låg varme under lok i 10 minutt, til dei er gjennomsteikte. Viss du vil kan du også lage ein god brun saus og servere til.

Leave a Reply