Ja, det er berre å innsjå det først som sist: No er det vinter.
Men vinteren har jo sine fine sider og, så eg deppar ikkje. Dessutan er eg heldig å ha hage i ei mild klimasone. Det er heilt fascinerande, alt som framleis står i hagen og byr seg fram! Eg var ute og plukka i dag, og eg fann grønkål, persille, rosmarin, timian, salat som har frøsådd seg, og den gode, pepparaktige isopen, som eg er så glad i. Alt dette står klart til hausting til fram imot jul. Det er ingen grunn til å ikkje planlegge for å ha ein frodig hage også no i november.
Grønnkål kan bli litt treen og seig i rå tilstand, men eg brukar å massere den med ein god vinaigrette, og då mørnar den og blir veldig mjuk og fin i bladverket. Den taklar fint å bli blanda med litt vanleg salat og, då får du ein godt balansert salat. Eg fann nokre fine, raude eple som eg tok med, saman med litt chevre og valnøtter vart det ein veldig god kombinasjon. Eg brukar eit triks når eg skal lage ein god salat, og det er å finhakke urter og blande dei i salaten. Du kan ha urtene i vinaigretten og, men eg likar at dei er blanda i salaten, slik at du plutseleg støter på eit lite urteblad, og smaken eksploderer i munnen. Lykke!
Vil du at salaten skal vere vegansk eller mjølkefri, så bytt ut osten med steikt fast tofu, og bruk evnt sukker eller sirup i dressingen. Dette er ein perfekt vegetarrett til ein buffé. Det fine med den er at du kan lage den i god tid, den blir berre betre av å stå over natta, fordi grønkålen mørnar og smakane blandar seg. Denne salaten passar også perfekt til viss du lagar Biff a la Lindstrøm.
Grønkålsalat med eple og chevre
200 g grønkål
100 g vanleg salat
50 g valnøtter
Det du måtte ha av urter, finhakka
To vårløkstilkar
To raude eple
100 g chevre eller fetaost
Lys vinaigrette
1,5 dl olivenolje
1 dl kvitvinseddik eller eplecidereddik
1 ts sennep
2 ts sitronsaft
1 ts honning
Salt og peppar
Ha alt til vinaigretten i ein smal bolle, og køyr det med stavmiksaren til alt har blanda seg godt. Tjuknar den har du vunne i vinaigrettelotteriet, då har honningen og sennepen emulgert dressingen.
Vask og tørk urter, vårløk, grønkål og salat. Finhakk urtene og vårløken, og sett til side. Oppbevar salaten kaldt så lenge. Skjer bort nerven i grønkålblada, og snitt dei til strimlar. Ha grønkålen i ei skål, slå på 3-4 ss vinaigrette, og masser grønkålen godt med vinaigretten. Det er grisete, men tru meg, det er verd det. La dette gjerne stå eit par timar i kjøleskapet.
Fjern kjernehus og stilkfeste på epla, og skjer dei i tynne skiver. Rist valnøttene på middels varme i ei tørr steikepanne. La dei kolne før du grovhakkar dei.
Bland salaten, vårløken og urtene inn i grønkålblandinga, og fordel det heile på eit fat. Fordel eplebåtar, valnøtter og bitar av chevre over salaten, og server med ekstra dressing.