All posts tagged: Saltbakte rødbeter

Raudbetsalat og biff a la Lindstrøm

Akkurat no er raudbetene i sesong. Eg likar å saltbake dei, då blir det litt mindre blodraud saft å halde styr på. Enklare å skrelle vert den og. Eg veit at bildet ser ille ut, men det kunne ha vore mykje verre, viss eg hadde skrelt røttene rå. Med masse møre og fine raudbeter parat prøvde eg meg på ein klassisk svensk raudbetsalat med eple og pepparrot. Det vart veldig godt! Denne salaten er ein veldig god base viss du skal lage sildesalat, då vatnar du ut så mange sildefiletar du har, skjer dei i små bitar, og blandar inn i salaten. Salaten serverte eg oppå små, lekre skiver av paté, som kvilte på ei rista loffskive. Det vart ein perfekt liten forrett, og den kan også serverast som eit lite tiltygg viss det er litt lenge til middag. Raudbetene kan du bake i god tid, dei held seg minst to-tre dagar i kjøleskapet. Du kan også bruke ferdigkjøpte sylta raudbeter, då kan du droppe eddik og kanskje også sennep i salaten, smak deg fram …