Fest, Fisk
Kommenter innlegget

Sashimi med teriyaki-dressing


Sushibølga har slått over oss, og sashimi er sushi utan ris. Det er ein perfekt forrett til ein fyldig og mettande middag. Teriyakisaus får du kjøpt i velassorterte butikkar, eg smakset min med litt rista sesamfrø og lime.

Skal du lage forretten i god tid er det best om du ventar med å ha på sausen. Sidan det er lime i den så er den syrleg, og det kan ”koke” fisken viss det blir ståande for lenge. Men du kan gjerne skjere opp laksen og la den ligge klar på fat tre-fire timar før servering, så lenge den står tildekt og kaldt.

IMG_6461Sashimi med teriyaki-dressing

50 g laks av salma-type per person

2 ss sesamfrø

1 dl teriyaki-saus

Safta av ein halv lime

To chiliar, raude

To stilkar vårløk

Sett ei tørr panne på plata, og varm den opp til den er godt varm. Dryss i sesamfrø, og rist dei i eit par minutt til dei er gylne og fine. Press limesafta, og bland den i teriyaki-sausen. Rør inn frøa. Del ein av chiliane i to, fjern frøa og finhakk den. Vend chili inn i dressingen, og sett den til side.

Skjer laksen i tynne skiver. Legg opp laksen på eit fat, og rett før servering ringlar du over dressingen. Skjer den andre chilien og vårløken i tynne skiver, og dryss over. Server. Dersom du vil at folk skal bli litt mettare, kan du servere ris til.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s