Fest, Mat, Middag
Comments 2

Smørbrødkake med fyll av varmrøykt laks


Smørbrødkaker med fyll av sjømat er ein klassikar i det svenske kjøkkenet. Skal du gjere det fort og gale kan du til dømes bruke skagenrøre eller andre kjøpesalatar som fyll, men det artigaste er å lage sine eigne rører, med dine eigne favorittsmakar.

Eg brukar varmrøykt laks, det kan du bytte ut med kaldrøykt, som du finhakkar. Krepsehalane kan byttast ut med reker. Når du pyntar ei slik kake så er det uante muligheiter. Sjå kva du finn i butikken. Forrige gong eg lagde dette fann eg ein lekker bunt med friske, små reddikar. Du kan dekke sidene med urter, eller du kan bruke squash eller salatblad.

IMG_1944Smørbrødkake med laksefyll

Laksefyll

250 g varmrøykt laks

200 g kremost

1 dl gresk yoghurt

2 ts pepparrot

1 ts akasiehonning eller ein annan mild honning.

salt og peppar

Urtekrem

400 g fetaost

1,5 dl gresk yoghurt

Salt, peppar og honning

2 dl finhakka urter, grasløk, persille, dill

Pynt:

Krepsehalar i lake

Rekeost på tube

Salat/tomat

Smuldre laksen i ein bolle. Ha i kremost, yoghurt og pepparrot, og rør det godt saman. Smak til med salt, peppar og litt honning. Honningen kan byttast ut med litt sukker. Sett til side.

IMG_1933Ha fetaost og yoghurt i ei matmølle, og køyr det glatt. Smak til med salt, peppar og litt honning. Ha i urtene til slutt, og la matmølla pulsere nokre få gongar før det er ferdig. Dette er for at kremen ikkje skal bli jamnt lysegrønn, men framleis ha urtene synleg i kremen. Sett til side.

Legg tre skiver i rekke på eit avlangt fat. Smør på eit ikkje for tjukt lag med urtekrem. Legg på tre skiver til, og smør på eit lag med laksekrem.

IMG_6428Hald fram til du har brukt opp laksekremen. Avslutt med tre brødskiver. Smør resten av urtekremen utanpå heile kaka. Sett kaldt til dagen etter.

Dag 2:

La krepsehalane renne av i eit såld. Klem ut rekeosten og før tuben over kaka slik at den ligg i eit bølgande band langs kanten. Legg på tomatar eller reddikar, og fyll på med krepsehalar innimellom rekeosten og grønsakene. Fest fine salatblad langs kanten slik at sidene er dekt. Sett kjøleg fram til servering.

IMG_6437

This entry was posted in: Fest, Mat, Middag

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Tilbakeping: Äntligen! | Alt godt

  2. Tilbakeping: Skagenrøre | Alt godt

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s