Kunst
Comment 1

Dårleg gjort

Det eg skal gjere noko er eigentleg skikkeleg dårleg gjort, eg skal skrive om noko som eg var med på i går, som det ikkje er råd å bli med på nytt.

Vi var nemleg på siste forestilling av Jesus Christ Superstar på Det Norske Teatret. Åfyttikatta! Det var ei imponerande forestilling på alle vis. Det var sjølvsagt stort å så Hans Erik Dyvik Husby på scenen som Jesus. Eg har ikkje vore fan av Turboneger, men den mannen har noko ved seg. Det er mogeleg det var fordi det var siste forestilling, men det såg ut som om kjenslene låg på utsida av kroppen hans, eg opplevde framføringa hans som ein stor emosjonell prestasjon.

Men den som imponerte meg aller mest, og som eg har vore blodfan av så lenge eg har visst om han, er Frank Kjosås, som spelte Judas. Han har dette androgyne uttrykket som gjer at han trekker til seg blikka frå salen på ein heilt annan måte enn andre skodespelarar. I Hair var det særleg tydeleg, i Peter Pan var rolla hans meir “låst” til eit barnsleg rampete uttrykk.

Denne gongen framsto han som meir mann, vaksnare enn eg har sett han før, og eg likte det. Måten han spelte Judas på var overtydande, alvorstynga og klok. Samstundes syng han så fantastisk, og han ber forestillinga vokalt. Etter første nummer braut salen ut i applaus, han opna som ein storm.

Eg kan ikkje seie gå og sjå, men eg kan seie gå og sjå alle stykke der du ser Frank Kjosås er med. Og sett av tid til hausten, då spelar dei Den Hemmelege Hagen, som også blir ei forestilling for store og små. Tusen takk til den snille broren min som ga oss billettgåvekort til jul, å gje opplevingar i julegåve er ein strålande idé!

This entry was posted in: Kunst

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

Leave a Reply