No nærmar konfirmasjonar og andre festdagar seg med stormsteg, så det gjeld å vere budd.
Kan du ta med ei kake? På Sunnmøre er det eit heilt naturleg spørsmål. I Oslo, der eg held til, er det berre dei aller næraste ein kan spørje om slikt. Så for konfirmantforeldre er Sunnmøre langt å foretrekke.
Men kva skal ein bake? Eg har lært ein tommelfingerregel: Det skal vere runde kaker til fest. Ei venninne av meg kom med ei skuffekake til ein barnedåp, det var heilt feil, fekk ho merke av blikka ho møtte då ho leverte kaka på kjøkkenet. Så i dag får du oppskrift på to runde kaker, som vonaleg vert godkjend av damene på kjøkkenet.
Den klassiske festkaka for meg er ei marsipankake. Den er fin nok til bryllup, og sjølv om den faktisk er ganske enkel å lage, så får du mykje skryt viss du har laga ei god marsipankake.
Marsipankaker kan godt lagast dagen før festen, men vent med å legge på marsipanloket til sjølve festdagen. Du kan godt kjevle loket ferdig, rull det forsiktig i litt plast og legg det kaldt til dagen etter. Ta det ut i god tid før du skal legge det på, så det får mjukna litt. Roser og annan pynt kan også lagast dagen før, men møtet mellom marsipan og krem kan vere hjarterått. Kremen kan få marsipanen til å smelte.
Når eg skal lage marsipankaker til fest stikk eg innom min lokale bakar, og kjøper marsipan av han. Då får eg seig og fin marsipan med meir glukose i enn den eg får kjøpt i butikken, og då er det lettare å få til glatte, lekre lok og fin pynt.
I dag har eg gjort det enkelt, og brukt pepparkakehjarteformer til å stanse ut hjarte med. Det er ein fin og lettvint måte å pynte ei marsipankake på. Skal du servere kaka på nyttårsaftan kan du kanskje stanse ut stjerneskot? Men til dei store festdagane passar hjarte godt. Slik gjorde eg det:
Sukkerbrød:
Til rund form 26 cm.
6 egg
180 g sukker
120 g kveitemjøl
60 g potetmjøl
1/2 ts bakepulver
1/2 liter kremfløte
Til pynting (stor kake):
2 dl sitronbrus (sprite eller 7up)
Tre pakkar kremfløte
Jordbærsyltetøy (eller anna syltetøy)
Ei korg ferske jordbær
800 g marsipan
Konditorfarge, eg brukte fargepasta frå Jernia
Sett omnen på 160 grader, ikkje varmluft. Knekk egga i vispebollen, og ha i sukkeret. Pisk dette til stiv eggedosis, det tek gjerne 5-10 minutt. Bland saman det turre i mellomtida, og gjer forma klar ved å dekke botnplata med bakepapir og knepp den igjen. Pass på at kanten på botnplata vender oppover, vender den ned kan røra renne ut.
Ta bort vispen, og ta bollen av maskina. Bruk ein halv ballongvisp eller liknande, og vend mjølblandinga forsiktig skei for skei inn i eggedosisen. Hell røra i forma. Steik kaka på 160 grader i ca. 35 minutt, på nederste rille.
Når kaka er steikt, tek du den ut av omnen og vender den på ei rist. La den kolne der, gjerne over natta. Del kaka i tre ved å skjere eit jamnt, vassrett kutt inn i kaka rundt heile kanten. Legg ein sterk sytråd inn i kuttet, og dra den fram og tilbake til du har delt frå øverste laget av kaka. Gjenta dette slik at du til saman har tre lag.
Ta frå halvparten av den eine marsipanpakken, og kna inn nok farge til at marsipanen får ein fin raudfarge. Bruk gjerne eingongshanskar i denne prosessen. Legg den farga marsipanen kaldt.
Kna den andre marsipanpakken smidig. Kjevle den ut til eit tynt flak som går noko utanfor kakefatet når du held det over for å måle. Bruk eit tynt lag med mjøl på bakebordet når du kjevlar, og snu leiven ofte.
Legg det første laget med kakebotn på kakefatet du vil bruke. Dynk botnen med sitronbrus. Den skal ikkje vere våt, men saftig. Pisk halvparten av fløten, bland med jordbær og smør halvparten av det igjen på den nederste delen. Legg på neste lag, og smør på resten av jordbærkremen. Del jordbæra i tynne skiver, og legg dei utover andre laget. Legg på det øverste laget. Pisk resten av kremen, og stryk den utanpå heile kaka.
Få nokon til å hjelpe deg slik at marsipanloket ikkje revnar, og løft det over kaka. Ikkje senk det ned før du ser at loket dekker kaka jamnt og med ein god kant rundt. Bruk gjerne ei (heilt rein) saks, og klipp av det overflødige av marsipanloket. Dytt marsipanen inntil kaka. Det vil bli nokre brettar på loket, prøv å gjere desse så pene som du får til.
Kjevle ut den raude marsipanen, og stikk ut hjarte. Fukt hjarta forsiktig på sida som skal vende ned mot kaka med ein bakepensel som er dyppa i vatn. Lim hjarta litt hulter til bulter utover marsipanloket. trill den kvite marsipanen som er til overs og restane av den raude marsipanen til to tynne pølser. Snurr desse pølsene saman, og legg dei som eit band rundt kaka. Det skjular alle bommertar langs kanten. Server!