Billig mat, Bokprosjekt
Comments 5

Unntakstilstand


Ja, no er det unntakstilstand på kjøkkenet mitt.

I dag har vi lagd, styla og fotografert tolv rettar, og fotografen «min», Tove Breistein, seier at det er bra. Ho meiner å ha vore på langt meir kaotiske «førstedagar» enn denne, og det er vel ein kompliment?

I kveld har eg og min kjære laga nokre til, slik at vi har noko å byrje med i morgon tidleg. Eg driv altså først og fremst og lagar maten til, Tove gjer styling og tek seg av det fotografiske. Innimellom får eg teke nokre få bilde av det eg held på med, som denne deilige paien som vi har kosa oss med i heile ettermiddag, etter at den vart steikt og fotografert, altså.

Og du, er du i byen i kveld, har ingenting å gjere på og er svolten, så stikk innom. Vi har alt for mykje mat, så vi treng spisehjelp. Eg har ikkje hjarte til å kaste noko. Det kan hende du vert sett til å vaske opp litt, men det klarer du sikkert.

Vi deler ut til andre og. Butikkmannen vår, Singh og kona hans har allereie fått tomatsuppe og spansk kikertsuppe på boks. Min kjære får med seg blåbærpannekaker og mulligatawnysuppe på jobb i morgon. Ovedia har vore her og fått med seg baba ganuosh og hummus, samt ein bit av den gode paien til sin kjære. Så vi delar goda her i byen. Ha ein fin dag!

This entry was posted in: Billig mat, Bokprosjekt

av

Kvinne, bur i Oslo, lever med mat, musikk, dufter, ein liten hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

5 Comments

  1. Nina says

    Hei! Dette er litt utenom postens innhold, men jeg fant ikke annen måte å sende forespørsel på.

    Hva ville du dynket en helt vanlig sjokoladekake med, dersom du var redd for at den skulle bli tørr fordi du laget den dagen i forveien av et arrangement? Den er ganske søt, og har semi-mørk kakao-/melis-/smør-/kaffeglasur som ikke er påsmurt ennå. Melk? Sjokolademelk? Rom? Irish Cream kaffesirup? Vann? Kaffe? (Stort sett det jeg har til rådighet) Og hvor mye? Blir gjort ca. 1-2 timer før servering.

    Likar

    • Eg ville ha pakka den tett i plast når den er kald. Då vil den halde på si eiga fukt, og det burde vere nok, så lenge den ikkje er veldig tørrsteikt.

      Likar

  2. Haha, det lyder kjent! Moro, ikke sant? Vi har fremdeles frysern full av vørterkake, hvetebrød, julekake, ølbrød og valnøttbrød.

    Likar

  3. Jeg skulle veeeeldig gjerne befunnet meg i byen i dag… Til gjengjeld skal jeg til byen «min» snart og treffe mamma; hun kommer pga jobb og vi skal ha en bursdagsmiddag sammen. Hurra! Da blir det gave og mat, hvilket er stas!!

    Gleder meg til å se det ferdige resultatet av boka!

    Likar

  4. Gunn-Torill says

    Travle dagar, skjønar eg. Lukke til! Dumt at eg ikkje er på by-tur…

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s