All posts filed under: Duft

Neste utfordring


Neste utfordring er klar! Denne gongen er det Ragna som vil ha duftekspertane sin assistanse. Eg har fått mange mailar, og kjem til å spreie dei litt utover denne veka og neste. Her er Ragna sine «personalia»: Jeg synes dette var en kjempegod idé og prøver meg med en beskrivelse! Har faktisk vurdert å sende deg en mail tidligere og spørre om akkurat dette… Jeg er duftanalfabet og synes det er utrolig vanskelig å finne dufter. Mat: Gourmet-mat. Tester ut alle Michelin-restaurantene i Oslo. Er glad i retter som inneholder lam, and, gåselever, ting som smaker mye. Glad i spansk tapas. Er også glad i sterk indisk, thai og vietnamesisk mat men det må være skikkelig gode restauranter (med unntak av thai-mat som er helt umulig å lage dårlig). Drikke: Drikker lite vin og øl. Litt vin til mat – en halvtørr hvitvin og en kraftig rødvin er ikke å forakte. Foretrekker imidlertid vann og grønn te, smaksmessig sett, og er glad i melk! Drikker ikke kaffe unntatt av og til en kaffe latte med …

Det haglar inn!


Første parfymeutfordring er klar, Dewberry vil ha forslag til duft. Her er hennar opplysningar om seg sjølv: Mat: Jeg er ganske altetende, men jeg er veldig glad i litt eksotiske ting, som smakssterke retter fra India og Sør-Øst Asia, for eksempel. Jeg er også glad i søte saker, spesielt sjokolade. Drikke: Jeg drikker helst vann, eller farris. Noen ganger juice, da er jeg mest glad i syrlige ting, som grapefruktjuice, appelsinjuice eller lemonade. Jeg er sånn som kan sitte å spise sitroner. Jeg er veldig glad i vin, både hvit og rød, men er ikke så begeistret for brunt brennevin. Det blir aldri noen whiskey-drikker av meg, kan du si. En god, frisk, syrlig cocktail, derimot…! Jeg er veldig glad i kaffe, men drikker også mye te. Ikke fruktte  så ofte, men grønn te, jasminte. Rene smaker. Blomster: Blomster har jeg et litt fjernt forhold til. Mange lukter godt, men jeg vet ikke helt hvilke. Jeg liker duften av roser, for eksempel, men den konsentrerte roselukten man finner i parfyme synes jeg sjelden noe om. …

Tirsdagsdufta: Vil du ha hjelp til å finne di duft?


Eg fekk ein lys idé. Ofte så kjem folk til meg og slit med at dei ikkje finn «si» duft. Eg veit at det er nokre ganske kompetente parfymefolk som les bloggen min. Difor tenkte eg: Vil du ha hjelp til å finne di duft, så send meg ein mail på altgodtblogg@gmail.com. Skriv kva du likar i livet av mat, drikke, blomar og fritidssyslar. Sei gjerne også noko om dufter du har prøvd, og kva du likte og ikkje likte ved deg. Så samanfattar eg det du skriv, anonymiserer viss du vil det, og så kan vi som likar sånt idémyldre, og kome opp med forslag som du kan prøve. Sleng deg på!

Heaven Scent flyttar!


Heaven Scent har holdt til i Jacob Aalls gate på Majorstua sidan dei opna. No har dei flytteplanar! I løpet av den komande helga skal dei frakte alle sine dyrebare dropar ned til Eger, kjøpesenteret på Egertorvet. Det blir sikkert kjempefint for dei, med eit spennande kundegrunnlag med spending ability og shopping capacity. Det kan hende det vert litt trangare i butikken når vi tunge sniffarane kjem dit for å kose oss i lang tid om gongen, men eg satsar på at dei hyggelege damene på Heaven Scent klarer å ta like godt vare på kundane sine som dei har gjort. Eg skal iallfall ein tur innom i neste veke.

Nytt parfymeri!


Eg stakk innom det nye parfymeriet Parfumerie i Vibes gate i dag. Lykke! For ein godtebutikk! Eg lukta meg igjennom Carthusia, Villoresi, Nasomatto og Malin & Goetz. Comme de Garcon og Annick Goutal har eg vore igjennom før, så dei fekk stå i fred. Vi er verkeleg priviligerte her i byen no, det er fleire merke her som du ikkje inn i København eller Stockholm. I tillegg har dei masse eksklusiv hudpleie, barberprodukt for menn og mykje anna moro. Det brukte eg ikkje tid på, men eg kjem attende med vurderingar av nokre av duftene eg fekk prøve på. Stikk innom, du og, Parfumerie er ein bytur verd!

På utstilling


På fredag, då hovudformålet var å skaffe ny seng, kjøpte eg og eit vitrineskap. Eg har nemleg hatt ein hemmeleg draum om å stille ut parfymene mine! Det er også ei praktisk årsak til dette, eg avgjer ikkje kva for duft eg skal ha på meg ein dag før eg er heilt klar, og har kledd på meg. Når parfymene er på loftet gløymer eg altfor ofte å ta på meg noko. Når dei no står i skapet i stova kan eg ta på meg ei duft rett før eg går. Dei er ikkje så veldig organisert i skapet, men sortert etter to hovudprinsipp: Bakerst står dei høge flaskene. Så blir dei mindre og mindre framover. I tillegg har eg dei mørke flaskene og flaskene med raudtonar nede, og dei lyse flaskene og flasker i gyldne tonar øverst. Eg har også prøvd å plassere dufter av same produsent saman. Sett i forhold til andre parfymegale er denne samlinga ikkje spesielt stor. Det finst parfymegale som har heile rom fylt med dufter. Men eg er glad for …

Heldige meg…


Inni denne pakken låg det to prøver, den eine i voks og den andre i sprayform. Det er den nye Eau Duelle frå Diptyque som har kome til Heaven Scent. Eau Duelle er ei lekker vaniljeduft, lett krydra, med litt sitrus i seg. Eg får ein følelse av å «ha på meg» ein deilig kopp varm te med mjølk og søte krydder. Den er ganske potent, men ikkje skarp. Etterkvart får den eit preg av tobakk, ikkje røyk men den søtlege sydlandske lukta av ein tobakkspung. Når den tørkar inn vert musken meir framtredande, og den er ei utprega få-lukte-meir-duft. Du får lyst til å snuse heile tida – viss du likar vanilje. Ein tanke slo meg, den luktar slik eg skulle ønske Shalimar lukta på meg. Eg elskar Shalimar på andre, men det er noko i den som ikkje fungerer. Eau Duelle er Shalimar si høflege og lett androgyne kusine. Sidan eg har D&G The One, Acqva e Zucchero og Havana Vanille kjem nok ikkje denne til å kome inn i mitt skap med …

Ei duftande gåve


Ein kollega av meg hadde vore med på å rydde etter eit dødsbo i familien, og sidan ho veit at eg er oppteken av parfyme tok ho det som ingen ville ha med til meg. O lykke! Dette var ein skatt. Eg fekk ei flaske med Choc av Cardin, ei klassisk 4711, den bestemora vår brukte og ein ambercologne frå Honoré Payan, eit Grasse-firma som har gått ut av soga. I tillegg fekk eg to miniar, som eg elskar, nemleg Madame Rochas og Champagne frå Yves Saint Laurent. Då Champagne vart lansert i 1993 slo vinbøndene frå distriktet Champagne seg vrange, og kravde at YSL skulle endre namnet. Det gjorde dei etter rettsleg pålegg, no heiter dufta Yvresse, og den er reformulert mange gongar. Den eg fekk er frå før bøndene fekk gjennomslag. Så viss du vil lukte på originalen, så får du stikke innom på ein kopp te ein dag, så skal det nok bli ei råd. Er eg ikkje heldig?

Idylle i ny versjon


Guerlain Idylle vert i kvart øyeblikk introdusert i ny versjon, ei lettare utgåve, eau de toilette. Den har blitt samanlikna med Narciso Rodriguez EdT og Sarah Jessica Parker Lovely, og for min del er den vel den einaste Guerlain-dufta eg kan gå med. Den er ein grøn floral chypre med ein base av patchuli og kvit musk. Dei florale notane er dominert av rose, liljekonvall og peon. Det er nok liljekonvallen som gjer at eg opplever den som grøn, den har dette elegante, vegetale utan at forråtnelsen er nær foreståande, slik det kan vere med enkelte grøne dufter. Men eg har ikkje kjøpt den enno, kjærleiken er ikkje så sterk. Det er så mange andre dufter som fortener å bli elska meir. Den vart lansert med ein fin reklamefilm i dei landa der dei har budsjett til å marknadsføre dufter på tv, her har du den:

Meir deling


Som eg skreiv i går, har samlarar også heldigvis lett for å dele goda. Eg er med på eit internasjonalt parfymeforum, og der har vi dei siste vekene hatt «The Scent Trail» gåande. Det byrjar ganske enkelt med at vi vart delt inn i grupper, og kvar av desse gruppene har ein «starter». Startaren leiter gjennom sine småprøver og dufter, og lagar eller finn fram fem prøver på minimum 1,5 ml av ulike parfymer, og sender dei til nr. 2 på lista. Så tek nr. 2 det han eller ho vil ha, legg i nye prøver og sender vidare fem prøver til nr. 3. Sidan vi bur over heile verda tek dette litt tid, eg fekk min pakke frå Australia i går, og skal sende vidare til USA i morgon. Pakken frå Australia inneheldt fem skattar, fire av dei er dufter eg aldri har prøvd før, og som ikkje er råd å få tak i her i landet. Eg fekk desse duftene: Donna Karan: Gold Keiko Mecheri: White Petals Nasomatto: Silver musk Bornard: Lelande Bleu …

Del godene!


Nei, dette har ikkje blitt ein politisk blogg, sjølv om eg kan kome med eitt og anna drypp. No handlar det om folk som er lidenskapeleg opptekne av eit eller anna, som parfyme, haging eller kva veit eg. Eg har nemleg oppdaga eit fellestrekk for slike menneske; dei likar å dele lidenskapen sin med andre. Og det gjer seg reint fysiske utslag, i form av Hemmelig Hagevenn-prosjekt, Secret santa eller The Scent Trail. Men det gjer seg også utslag i at når eg er i Paris så er det ei rein glede for meg å gå inn i Palais Royal og handle Bas de Soie og Tubereuse Criminelle til ByP. Det vart han så glad for at han har sendt meg ei miniskattkiste med småflasker! I skattkista fann eg: Serge Lutens: – Fumerie Turque – Borneo 1834 – Sarrasin – Tubereuse Criminelle Christian Dior: – Diorissimo EdT – Bois d’Argent Montale: Amber & Spices Prada: no. 3 Cuir Ambrée Guerlain: Vol de Nuit Parfum Caron: Nocturnes Atelier Cologne: Bois Blonds Gucci: Rush Byredo: Rose Noir …

Nytt paparazzibilde


Vi var innom Chanel i går, eg skulle lukte meg igjennom Les Exclusifs. (Ingen nye darlings, dessverre, vurderte både Beige og Coromandel nøye, men ikkje FB-verdig.) Elleveåringen syns solbrillene var så kule, så han prøvde nokre. Det er eit fotoforbud inne på Chanel i Rue Cambon som er strengare enn det på Musée d’Orsay. Eg visste eg hadde ein sjanse, så eg stilte inn kameraet etter beste skjønn og hadde det klart ved sidan av veska mi. Akkurat idet alle ekspeditørane og muskelmannen i døra var uoppmerksomme eller opptekne med andre ting, vrei eg meg rundt og knipsa. Her er resultatet. Er han ikkje skjønn? Fire og eit halvt sekund etter at eg hadde knipsa var muskelmannen og to ekspeditørar i rommet. Eg veit ikkje om dei er trent opp til å kjenne igjen lyden av eit kamera, men dei var iallfall umenneskeleg kjappe. Men då låg allereie kameraet trygt i veska mi. Eg kan nemleg også vere umenneskeleg kjapp, viss eg vil. Så det så.

Gateliv i Paris


Gatene i Paris sydar av liv, iallfall viss du finn dei rette gatene. Det handlar mykje om det, den eine gata er daud og stille, den neste sydar av liv. Utfordringa er at der det sydar av liv trivst ikkje alltid parisarane. Turistfeller, kallar mange det, desse gatene som berre har plakatbutikkar, isbarar og dyre klesbutikkar. Vi «gjorde» nokre av desse områda i går, vi gjekk gjennom St. Germain og så tok vi t-bana til Montmartre og Sacre Coeur. Men før vi kom til St. Germain passerte vi pont St. Louis, og der sto, svært passande, eit fransk-amerikansk jazzband som spelte gamle klassikarar. På den brua står det alltid musikarar og spelar, så ein spasertur over der kan eg anbefale. Ei av dei finaste gatene i St. Germain er Rue de Buci. Den går frå Place St. Michel, rett på andre sida av Seinen frå Notre Dame, og vestover til Rue de Four. Rue de Buci er full av fine restaurantar og koselege butikkar, men den er meir eller mindre forlatt av parisarane, iallfall i …

Dagens utskeiingar


I dag gjorde vi Rue Faubourg de Honoré. Dette er ei av dei mest eksklusive handlegatene i Paris, og her finn du spesielt mange, spennande parfymebutikkar. Men aller først måtte vi innom Palais Royal, og gjere nokre heilt nødvendige innkjøp. Advokaten kjøpte med seg ei av dei meir eksotiske og treorienterte duftene, Ambre Sultan. Eg kjøpte med Tubereuse Criminelle, som skal sendast til Sunnmøre for å få ein heim der. I tillegg ga eg meg sjølv Bois et Sepia som ei lita, diskret gåve. Fjortenåringen forelska seg i Gris Clair, og den rause dama bak disken ga henne ein minipose med to prøver av den med på vegen. Vi vandra vidare til Rosine, der Advokaten fann ein ny favoritt, Pouissiére de Rose. Det er ei orientalsk roseduft, og den er heilt nydeleg. Eg har lova å overta ansvaret for den dersom Advokaten skulle kome fram til at den likevel ikkje passar henne. Etter Rosine var vi innom Marc Jacobs, og lukta på den nye eksklusive herredufta Bang. Den er tung på vetiver, og ingen av …

Te og parfyme


Turen måtte gå til Mariage Fréres i dag. Dette er ein nydeleg liten tesalong som ligg i Rue Bourg-Tibourg i Marais-området, 4. arrondissement. Vi hadde to grunnar, te måtte kjøpast inn til dette kaffedrikkande huset ved Nation, og vi trengte brunch. Vi rakk nemleg ikkje butikkane i går kveld, og var dermed utan brød og anna som høyrer til ein frukost. Brunch på Mariage Fréres kjem i fleire utgåver, vi valde ein med litt saltmat i og. Fjortenåringen fekk filorullar med røykalaks, reker på spyd og matcha-krydra eggerøre, eg fekk te-parfymert kylling på aubergineskiver, med bønner og squash i vinaigrette. I tillegg kom dei sedvanlege sconesa, te-marmeladane og kake til slutt. Mmm! Det med te-marmelade må eg utforske nærare, det spørs om ikkje det blir årets julegåve. Etterpå tok vi bana oppover mot Champs Elyssées, det var ikkje bysyklar å oppdrive der vi var. Vi måtte innom den store Sephoraen, der sto dei i døra og hoia folk inn, med diskomusikk og vakter som var særs høge og mørke. Nokre nødvendige småting vart kjøpt inn, …

Oppdag Ormonde Jayne


Ormonde Jayne er eit britisk parfymehus som presenterer eksklusive dufter av høg kvalitet. No har dei produsert eit sett med tolv ulike OJ-dufter i rause småprøver. Så viss du har lyst til å sniffe deg igjennom duftene deira har du sjansen no, for 42 pund, inkludert porto. Det er ikkje ein dårleg deal, samanlikna med å kjøpe prøver hos Luckyscent eller andre. Lenka finn du her.

Chopard: Madness


Chopard lanserte parfymen Madness i 2001, og akkurat idet dei skulle køyre i gang med ein internasjonal kampanje flaug det to fly inn i World Trade Center i New York. Det førte til at denne parfymen aldri fekk den merksemda den fortente, Chopard/Coty kansellerte kampanjen. Dei meinte vel at det ikkje var heilt passande med det namnet i den tida. Dessverre har det ført til at dufta har levd eit «hemmeleg» liv i hyllene på kjøpesentera rundt omkring. Eg har ikkje sett Chopard-dufter i Norden i det heile tatt, faktisk. I går regna det, og når det gjer det er bonusen at ein får utført litt indreteneste. Eg rydda og vaska begge bada i huset, og oppi ei korg som eg ikkje har hatt fingrane i på lang, lang tid fann eg ein liten prøve på Madness. Eg har ingen forklaring på kvar den kjem frå, viss nokon har vore på badet mitt og donert den til meg av rein og skjær glede så seier eg takk. Dagen i dag har eg altså tilbrakt innhylla …

Good news!


-For oss duftgale, altså. Heaven scent har endeleg fått på plass Parfumerie Generale i hyllene! Dei har inne 21 dufter frå hovudkolleksjonen, 10 frå the private collection og to limited editions i tillegg til seks ulike duftlys. Det kan ikkje bli lenge til eg tek ein ekskursjon dit i studieøyemed. Denne veka har dei sommarope frå 11 til 16, og neste veke tek damene ferie. I august er dei attende med normal opningstid; 11-18. Eg får sjå om eg avspaserer ein time eller to på fredag. Ville ikkje det passe bra?

Dei milde gåvene


No kan eg skrive om det som låg i pakkane til Selma og Syrin, for eg postla pakkane på tirsdag, og vonar dei har komt fram. Lista over alt som er oppi blir for lang, så du får klikke på bildet og sjå sjølv. Eg kan iallfall seie så mykje at det dufta deilig på kontoret mitt då pakkane hadde stått der over natta! Det var nok på grunn av dei velduftande lysa frå Mizensir som Heaven Scent hadde putta oppi. I tillegg frå ting frå Heaven Scent er det masse fint frå Gimle og Glasmagasinet oppi der. Gratulerer, begge to!

Siste sjanse!


I dag er siste sjanse for å bli med på parfymeutdelinga, eg legg konvoluttane i posten i morgon tidleg. Kast deg på, og send mail. Enkelte har fått mail der eg etterlyser adresse, den må eg få fort. Jalla, jalla! 🙂

B de Boucheron


Boucheron-duftene er ganske heftige i mi nase, både Trouble, Femme og Jaïpur er dufter som både du og omgjevnadane dine merkar at du har på deg. I 2008 kom Boucheron med B, ei floral muskduft med innslag av trenotar som på mange måtar er ei motvekt til dei tyngre «store» Boucheronduftene. Eg har prøvd og vurdert B fleire gongar, og slått den frå meg. Ikkje fordi den ikkje tiltalar meg, for det er ei velbalansert og tiltalande duft. Eg har lagt den på is fordi den varer for kort på huda. Men her om dagen kom eg innom Glasmagasinet, og der sto det ein gåvepakke og venta som om den visste eg skulle kome. Den innehaldt EdP og bodylotion, og bodylotionen var «på kjøpet». Det er eit klassisk triks for å auke «styrken» på ei duft å kombinere den med kroppsprodukt med same duft. Med B fungerer det veldig godt. No, 14 timar ettar at eg tok på meg begge delar, kjennest ikkje sjølve dufta så godt lenger, men ifølge 14-åringen luktar eg friskt og …

Fin fredag


No har eg sykla opp frå byen, etter ein tur til Glasmagasinet for å få med godis til dei heldige to vinnarane av 200 000-konkurransen min. Det har skya over, men ikkje over meg, eg har mi eiga sol som følgjer meg akkurat no. 🙂 Neste helg blir ei langhelg, og den blir ikkje tilbrakt i Norge, det er alt eg førebels veit. Posane ved sidan av inneheld alle prøvene frå Gimle som skal ut til blogglesarane mine, og den bakerste posen inneheld fine ting frå Heaven Scent. Syrin og Selma kan glede seg til dei får pakke! Sjølv om eg har fått mange mailar (også frå ein del afrikanske bankfolk…) så har eg ikkje delt ut alle prøvene enno, der er framleis tid til å melde seg på det store gåvedrysset. Eg ynskjer alle lesarane mine ei god helg, ta vare på deg sjølv og dine. Vi er så viktige for kvarandre, og vi seier det kanskje ikkje så ofte som vi burde!

Gåvedryss frå Alt godt og Gimle!


Eg var innom Gimle i går for å tigge prøver til dei to som vann 200 000-besøkskonkurransen min. Der var avkastninga langt over det ein kunne forvente. Eg har fått med to fulle posar med Acqua di Parma-prøver! Eg har altså MANGE prøver på Colonia, Magnolia nobile og Colonia Intensa. Desse vil eg sjølvsagt dele ut til mine engasjerte lesarar, så lenge lageret rekk. Det dokke må gjere er å sende ein mail til altgodtblogg ætt gmail dått com, med namn og adresse, og fortel også om dokke vil ha alle tre eller berre enkelte av dei. Fyr laus! Eg set strek søndag kveld.

OK, her er greia:


Lag ein skjermdump frå bloggen min som viser det næraste talet til 200 000, mail det til meg på altgodtblogg ætt gmail dått com i låg men leseleg oppløysing, og legg igjen nick, namn og adresse. Den som kjem nærast får ein godtepose full av deilige parfymeprøver (og kanskje noko anna og? ;-)) Eg ventar med å «innhente» prøver til eg veit om det er ein mann eller dame som vinn. Er du med?