All posts filed under: Duft

Generaltabbe

I det siste har eg vore noko bakpå når det gjeld å få lese avisene som kjem i hus. Eg har gjort mange kjekke ting, vore på festar og truffe nydelege menneske, og difor er eg ikkje ajour. Det har sin pris. I ettermiddag senka freden seg etter handletur og andre viktige ting, og eg fekk sett meg ned med ein kopp te og ein stabel med aviser. Kva les eg i Aften Aften for torsdag? At det er marknadsdag i Bygdøy Allé på laurdag. Skal tru om Gimle parfymeri er med på det, tenker eg. Jaudå, mellom anna har dei -50-70% rabatt på ein del nisjeparfymer… Kva er det dei har selt til halv pris og mindre enn det? Profumum? DelRae? Byredo? Acqua di Parma? Creed? No er det uansett for seint. Det er så ille at eg må berre la vere å tenke på det. Grrr… Er det nokon av dokke lesarane som fekk med dokke dette, og gjorde kupp? Rapporter i kommentarfeltet, og gni det inn – med salt…

Dei sju deiligaste

Britt Åse har utfordra meg til å fortelje om dei sju beste ikkje-parfymerelaterte duftene eg veit om. Det er mange, så eg får velge ut dei beste. Her er dei: 1. Havet på ein kjøleg men solfylt vårdag 2. Nybakt brød 3. Nydusja elleveåring 4. Håret til fjortenåringen 5. Syrinar. Eg kjente årets første i går. 6.  Ny bil 7. Ny skinnveske Kva er dine favorittkvardagsdufter? Fortell i kommentarfeltet.

Samlinga mi

Det har skjedd ting sidan sist eg la ut bilde av parfymene mine, så eg tenkte eg skulle legge ut eit bilde eller to. Samlinga av store flasker har blitt supplert noko, med nokre deilige Serge Lutens og Armani Ondé for å nemne nokre. Estée Lauder Jasmine White Moss er også eit flott tilskot, syns eg. Eg likar den veldig godt. Eau de Tarocco er eit av nyinnkjøpa som eg har brukt aller mest, og den hentar meg alltid mange kompliment, den største lykka ein parfymeelskar kan oppnå. Minisamlinga mi har vakse meir, der har eg supplert med fem nye Bulgari-dufter og eit knippe frå Victoria’s secret. Tarot-duftene frå D&G har også kome til, sjølv om eg har gitt bort to til personar eg trur vil nyte dei meir enn meg. Kuppet eg gjorde i København i påska har også vore eit fint tilskot til samlinga. Har du bilde av di samling, så lenk gjerne til den i kommentarfeltet! I mellomtida kan du ta ein titt på denne.

Lolita Lempicka: Si Lolita

Glasmagasinet har fått inn Lolita Lempicka si nyaste duft: Si Lolita. Trass i det dustete namnet er denne dufta retta mot ein «vaksnare» marknad enn dei øvrige Lempicka-duftene, og det forstår eg. Det er ei krydra floral duft, som byrjar med eit hint av sødme, men som ikkje er overveldande. Det friske i den kan vere frå nellik, ein av notane som er kamuflert som gillyflower. Det kan også vere frå det dei kallar elemi, ein type gummiaktig kvae frå Filippinene som skal ha ein grøn aroma med sitrus- og korianderpreg. Go figure. Midtvegs er det ein note som plagar meg litt, eg veit ikkje kva for ein det er. Eg trudde først at det var fiol i den, men det er det ikkje. Etterkvart vert den kjølegare, meir balansert og tonkapreget som eg kjente litt av i opninga er borte. Eg likar den betre på slutten enn i byrjinga, dei siste timane minner den meg om Omnia Amethyste. Ikkje note for note, men det kjølege, elegante preget har dei til felles.

Parfymesnakk er på nett!

Jorid har opna eit skandinavisk parfymeforum, Parfymesnakk! Dersom du syns at duft er gøy, så gå inn og registrer deg, og delta i parfymesnakket. Bra initiativ!

Fine byen

Sola skein. Vi var ute i ein slik flat båt med glasstak som vi kunne ta ned eller dytte opp alt etter temperaturen. Dei serverte lakserogn med blini og ytrefilet av okse til lunch ombord. Det er eit slit, dette livet… Eg har teke eit bilde eg eigentleg ikkje har lov til  å ta. Dette er Tage Andersen sin verkstad. Grunnen til at det var så stille der og så lite blomar er at han er på slottet og lagar oppsatsar til dronninga sine mange festar, no når ho fyller 70. Gratulerer med dagen i morgon, Margrete! Vonar blomane vert fine. Eg skulle veldig gjerne ha sett dei. -Og her er det som vart med heim. Eg har ein liten pasjon for miniflasker. Så heim til Oslo tok eg med sju Bulgari-flasker og sju Victorias secret-flasker, Ondé Mystére frå Armani, som var ei gåve frå DFDS, og Annick Goutal Petit Cherie. Petit Cherie blir fjortenåringen sin konfirmasjonsparfyme. Kryss av, då er det i orden. Viktige ting. Pluss eit lass med prøver, sjølvsagt. Eg fekk lov …

Kva gjer ein-

-for å fortene dette?  Frukt på rommet, ein romsleg lugar ombord i båten til København i niande etasje, med utsikt fram over baugen?   Ein held foredrag om parfyme på tampen av dagen for 100 forretningsfolk. Butikken på båten melder tilbake at dei sel masse parfyme i dag, og andre typar parfyme enn dei vanlegvis sel. 100 elles fornuftige forretningsfolk går rundt og snusar på kvarandre, og diskuterer parfyme over den lekre middagsmenyen. Det gjer ein for å fortene dette. Ha ein fin dag, du og!

I’m on a horse

Han skulle ikkje ha mast lenge, men på slutten må eg berre le…

Oops, I did it again…

Vi var på ein enorm loppemarknad i dag, i Forum nederst på Fredriksberg. Det var så digert! Eg brukte to og ein halv time, og då rakk eg over berre andre etasje og halve første etasje. Det var på storleik med Oslo spektrum, fullstappa med lopper, av til dels svært god kvalitet.  Eg fekk med meg nokre skattar. Tolv likørglas frå Holmegaard i serien Hørsholm vart mine for 200,-. Dei var heilt feilfrie, og nydelege med slipte horisontale striper. Når dei var i produksjon veit eg ikkje, kanskje ein av dokke veit? Men toppen på kransekaka var då eg kjøpte alt ei dame hadde av parfymer. Ho hadde masse anna og, så eg sette henne ikkje ut av drift fullstendig, men parfymeselgar kan ho altså ikkje lenger kalle seg.  Samlinga ser du til høgre, her er det mange skattar. Gamal Chloé, som luktar heilt fantastisk, Cabochard Gres, L’Interdit frå Givenchy i 1957-versjon, eit rør med Diorissimo i Extrait d’parfum, K by Krizia, gamal Lagerfeld, gode, kjære Charlie frå seint syttitalet, Balenciaga sin Rumba, ei klassisk …

Dei velluktande sin tur gjennom byen

Laurdag var det klart for sniffetreff i byen. Vi møttest på Scandic Edderkoppen, og fekk servert ein fantastisk lunchbuffet. Masse deilig mat, og høgdepunktet for meg var den sanselaust gode sjokolademoussen med hasselnøtter. To die for! Vi trakk oss tilbake til vår eiga suite, Tom Sterri 2, der vi hadde plassert ut duftene vi hadde medbrakt. Vi fylte eit heilt spisebord med brett med spennande dufter, og lukta oss igjennom det meste. Christine og eg fekk kartlagt at alt ho likte likte ikkje eg, og omvendt. Det kom til nytte seinare. Så kasta vi oss i to drosjer for å prøve å rekke Gimle før dei stengte. Det gjorde vi med eit nødskrik, og eg distraherte innehavaren, som eigentleg ville stenge, med å kjøpe lipgloss og neglelakk medan resten av gjengen fekk sniffa seg igjennom iallfall Byredo, Acqua di Parma og litt Profumo. På vegen vidare hadde vi betre tid, og rakk både grønn te og caffe latte i tillegg til ein liten svipptur innom Lille Vinkel sko. På Heaven Scent traff vi resten av …

In no particular order

Eg har pakka, og som overskrifta seier er det kanskje noko kaotisk. Eg vonar at eg klarer å få systematisert det sånn nokolunde før sniffedamene får sleppe seg laus og leike med samlinga mi. Dette blir ein fin dag, sola skin og eg får halde på med dei to tinga eg syns er aller mest gøy: parfyme og å snakke i forsamlingar. Vi er så ulike, for mange ville begge delar vere ganske lite tiltalande, men for meg er dette lukke. Ha ein flott dag!

Fredag igjen – og eit shoppingtips

Eg har vore ute ein liten runde, henta ting eg treng til treffet i morgon, avklart detaljar med damene på Glasmagasinet og vore innom på Gimle og advart om at vi kanskje kan kome innom ein tur viss vi får tid. I kjellaren på Glasmagasinet fann eg eit ekte kupp, Victorinox kokkeknivar og konditorknivar til halv pris! Det er eit kupp, ingenting anna å seie om det. Vil du ha slike knivar, så sjekk ut dette. (Eg er ikkje sponsa av Glasmagasinet, underleg nok.) Eg har dei knivane eg treng, men eg fekk med meg heim nye grytelappar, forkle og to nye kakespadar til halv pris. Til sniffetreffdeltakarane: Eg gler meg til å sjå dokke i morgon kl. 13 på Edderkoppen! Vi møtast i restauranten. Til alle dokke andre: Ha ei fredeleg helg, og send oss ein lett misunneleg tanke! 🙂

Ein liten tur

Eg sveipa ein liten tur innom Glasmagasinet i går, for å sjekke ut kva nytt dei har fått inn som vi kan presentere på laurdag. Svaret er: Masse! Og dei driv og pakkar fine goodie bags til oss…  Eg gler meg veldig til å sjå dokke og presentere gamle og nye dufter for dokke!

The Body Shop White musk Midnight Iris

Normalt held eg iris-dufter langt frå livet, eg har hatt nokre dårlege erfaringar der. Men eg er veldig glad i den klassiske white musk frå TBS, og har alltid testa flankerane frå dei og. No er dei ute med ein ny flanker, White musk Midnight Iris. Eg måtte prøve, og etter eit minutt eller to med skepsis så  vart eg enig med meg sjølv om at denne slett ikkje er så verst. Det er ein klassisk floriental, den minner faktisk ikkje så reint lite om Karl Lagerfeld Floriental. Men den er utan fiol, heldigvis. Midnight iris opnar ganske friskt og krydra på ein gong, med varme og punch. Denne er ikkje diskret i opninga, men den roar seg relativt raskt. No, etter åtte timar på huda må eg inntil for å kjenne den. Nær inntil er den forførande, spennande, med eit hint av luksus. Denne parfymen luktar meir enn den kostar. Eg likar måten det orientalske er balansert med noko friskt, det er nok salvie og vannlilje som opplevest som urteaktig og grønt. Når den …

Og så utanriks

This is for my scented friends, I’m not going to Paris. Until August. 😉

I boks!

No byrjar planlegginga av sniffetreffet å finne si form. Heaven scent stenger butikken for andre, og let oss boltre oss der frå klokka fire. Glasmagasinet stenger klokka seks, og då har vi mac-avdelinga og parfymeavdelinga for oss sjølv. Kult? Det syns eg! Så skal vi prøve å finne ut kvar vi kan vere når vi tek med våre eigne dufter og sniffar på kvarandres. Eg kjem tilbake med meir detaljert informasjon seinare, og ikkje minst endeleg påmelding.

20. mars!

Sniffetreffet, altså. Det ser ut til at vi får det til 20. mars. Eg kjem tilbake med nærare planar, og eg tek gjerne imot ønske om kva vi skal finne på i kommentarfeltet. Det som er sikkert er at det blir i Oslo, og at vi byrjar rundt lunchtider. Kanskje kan vi spise saman først, og så vandre vidare. Eit besøk på Heaven scent står høgt på lista, og eg har eit par idéar til som eg driv og sjekkar ut. Heng med!

The bare necessities

Eg har vore ein liten runde i byen, og gjort nokre lenge planlagte innkjøp. Estée Lauder Private Collection Jasmine White Moss har eg lenge hatt lyst på, det er min soleklare favoritt blant dei tre som i tillegg består av Tuberose Gardenia og Amber Ylang Ylang. I dag vart den min. Eg kjøpte den på Gimle, og den kosta flesk, vil du ha den og er i Oslo så sjekk på Steen & Strøm. Eg dro dit etterpå, og oppdaga dei har fått den inn der og. Eg lurer på om den er feilprisa, og då er den eit kupp. Eller så vart eg rundlurt av damene på Gimle. Bortsett frå det fann eg ein kjempefin foundation som eg har leita etter ei stund, Double Wear Light i akkurat min farge. Eg skulle ha ein augekrem, og vurderer Time Zone, men valde å kjøpe eit sett med fleire kremar i tillegg til ein stor prøve på den. Då utløyste eg eit premieskred, altså masse småprøver som du ser på bildet. Til slutt kjøpte eg ein …

Nye vennar

Eg legg til og tek bort lenker til bloggar her på sida innimellom.  Dei eg tek bort er stort sett bloggar som ikkje lenger er aktive, eller som eg sjølv har slutta å lese. Og ein gong i blant «møter» ein nye bloggarar som er opptekne av noko av det same som meg, som eg legg til lista. Mine to nye bekjentskap denne veka er Per Christian og Helge og Jorid. Helge og Jorid bloggar saman, om partikkelfysikk, japansk og parfymer. Og jammen står det ikkje noko om korps der og. Per Christian er ferskare i gamet, og konsentrerer seg berre om parfyme. Spennande bloggar, begge to. Ta ein tur innom om du får tid!

Skal vi møtast?

Eg har lurt på dette ei stund. Skal vi møtast, vi parfymeelskarane? Skal vi ha eit sniffetreff? Eg trur det ville vere kjempestas, sjølv om vi pratast på nettet så blir det ikkje heilt det same som når ein samlast medbrakt flasker og prøver og kan oppleve ” the smell and feel of it”. Det er mange alternativ, vi kan møtast hos nokon, vi kan finne eit passande lokale, vi kan vere i ein butikk (Glasmagasinet er ikkje uinteressert, Gimle er fint men for trangt, Heaven scent ville vere fantastisk) eller vi kan dra ein stad. Eg har fått ein uformell invitasjon frå DFDS om å invitere med meg duftgale på Københavnbåten til ein gunstig pris. Då kunne vi dra ned ein fredag med foredrag og sniffing, parfymeretta vandring i byen og så båten tilbake søndag, for eksempel? Kva av dette kunne dokke tenke dokke å vere med på? Eg har laga ein poll under her, der det er mogeleg å velge fleire alternativ. Skriv gjerne i kommentarfeltet kva du har mest lyst til.

Har du sett noko så søtt?

Desse vart med heim frå Heaven Scent på laurdag. Er dei ikkje nydelege? Merket er fransk, og heiter Crazylibelule and the poppies, enkelt og greitt. Produktet er ein voksparfyme, i ein beholdar som ser ut som ein stutt og tjukk lypsyl. Akkurat passe til kosmetikkpungen på fest, kontorskuffen eller handveska. Trettenåringen valde ut «Toi mon prince», og eg valde «dans tes bras». Den har ingenting til felles med Frederic Malle si duft med det same namnet. Malle si utgåve har opptil fleire ting eg ikkje klarer, som til dømes iris, fiol og heliotrop. Denne er ein heilt annan parfyme, ikkje berre fordi den er ein fast voksparfyme. Den er ein nær slektning av Feminité de bois, så nær at eg faktisk har tenkt å ha den i veska som eit supplement utover dagen når eg har på meg Faminité frå morgonen av. Den andre vi kjøpte, Toi mon prince, er ein fruity floral, fast på ett bra sätt, som svenskane seier. Den er balansert og fin, med eit hint av eple og mango, og med …

Ein liten tur rundt i byen…

Eg har vore ein liten runde på dei viktigaste plassane, og funne ut at det er altfor lenge sidan eg var på shopping. Det har skjedd store ting, mellom anna har Gimle fått inn Byredo! Byredo er eit svensk parfymemerke, og har hatt ein enorm internasjonal suksess. Byredo har vore særleg populært i USA. Eg lukta på dei sist eg var i Paris, og vart aldeles förtjust. Eg har Byredo Blanche på mi venstre hand, den er lett, grøn, elegant, floral, ei perfekt sommarduft. Den minner meg litt om Kenzo Amour Florale. Deilig. Den andre hendinga er at Estée Lauder Jasmine White Moss er i byen! Denne dufta er ein del av Estée Lauders eksklusive Private Collection. Dei skal berre selgast i butikkar som Aerin Lauder sjølv ville ynskje å gå inn i, og Gimle er den utvalde butikken i Oslo. Det er ei lekker duft, litt høgrøysta i starten, men den endar opp som eit delikat, kjøleg slør av silke. Å lukte på denne er vaksenopplæring for parfymørar som trur at jasmindufter må vere …

Cartier-kupp

Glasmagasinet sluttar å selge Cartier no i desse tider. No har dei sett fram på salg til halv pris alle saman, så det er mogeleg å gjere eit skikkeleg kupp. Delice er ei deilig duft dersom du vil ha ein velkomponert fruity-floral, og dei har også ein del av Delice Eau Fruitée, som har blitt hylla som ein vinnar av parfymeekspertar verda over. Dei har også So pretty, som eg faktisk ikkje har lukta på, men som sikkert er vel verd ein sniff. Baiser du dragon er dei tomme for dessverre, det er min favoritt. På herresida har dei Pasha, Roadster (den nye i liggande flaske som skal sjå ut som ein bil), Déclaration, Santos og ein til som eg ikkje huskar. (Note to self: Ta bilde. Alltid.) Santos må dei ha henta opp frå kjellaren, den har eg ikkje sett til sals i Norge på mange år. Så viss du er i byen, og er glad i Cartier, så bør du nytte høvet. Ha ein fin laurdag!

Boudoir

Imagine you are a young man, just passed twenty. You are in Paris, at Pigalle, and have been invited to Moulin Rouge to see a show. Who invited you? You’re not sure, you got a card in the mail, and the instructions said to show it to the man in red uniform at the door. You go there, with plenty of time before the show starts. When you show the card you got to the doorman, he ushers you to the left, through a hidden door in the velvet wall, into the corridors of the Moulin Rouge wardrobes. A elderly woman follows you through the hallway which surrounds the scene. It’s full of equipment, gaffers running back and forth, all with a designated mission. You pass the wardrobe of the chorus, all the girls who are in the lineup for the show which is taking place in less than half an hour. They are putting on makeup, getting their hairpieces together and putting on their stockings and shoes. It’s an electricity in the air, the …