Vi var på ein enorm loppemarknad i dag, i Forum nederst på Fredriksberg. Det var så digert! Eg brukte to og ein halv time, og då rakk eg over berre andre etasje og halve første etasje. Det var på storleik med Oslo spektrum, fullstappa med lopper, av til dels svært god kvalitet.
Eg fekk med meg nokre skattar. Tolv likørglas frå Holmegaard i serien Hørsholm vart mine for 200,-. Dei var heilt feilfrie, og nydelege med slipte horisontale striper. Når dei var i produksjon veit eg ikkje, kanskje ein av dokke veit?
Men toppen på kransekaka var då eg kjøpte alt ei dame hadde av parfymer. Ho hadde masse anna og, så eg sette henne ikkje ut av drift fullstendig, men parfymeselgar kan ho altså ikkje lenger kalle seg.
Samlinga ser du til høgre, her er det mange skattar. Gamal Chloé, som luktar heilt fantastisk, Cabochard Gres, L’Interdit frå Givenchy i 1957-versjon, eit rør med Diorissimo i Extrait d’parfum, K by Krizia, gamal Lagerfeld, gode, kjære Charlie frå seint syttitalet, Balenciaga sin Rumba, ei klassisk åttitalsbombe på linje med Montana, Janine D. frå Muehlens (som også lagar 4711) og eit lite rør med l’Air du temps i perfum.
Til og med ei lita russisk flaske (trur eg) har rota seg inn her. Nokre er uidentifiserbare, enten har dei ingen lapp, eller så har dei ein lapp som eg ikkje trur stemmer. Det er ei flaske med Eau d’Aliage her som er merka med Estée Lauder, det er berre det at Estée Lauder sin heiter Eau d’Alliage med to l-ar. Eg har prøvd å finne ut av det, men har ikkje funne ei forklaring enno.
Mykje moro for mor for ein hundrelapp, altså!
For my foreign friends: I did a scoop at a flea market in Copenhagen yesterday, one of the ladies there can no longer call herself a perfume seller. I bought her entire stock. You see the names above. One mystery: Eau d’Aliage is labelled Estée Lauder, but the only version I can find is Eau d’Alliage with two l’s. Is it a fake? I don’t know. Anyway; lots of fun for less than 15 bucks!
Aj, gratulerer med den! Håper du fant mye godt også, og ikke bare mye 😉
Søsteren min har noen slike minier, Cabochard Gres, en Balenciaga osv., mye fra 70- og 80- tallet. Antar de har samme opphav i form av et sett eller noe, og de ser ganske like ut.
Gleder meg litt til loppemarkedsesongen begynner her, men tviler sterkt på at man gjør slike scoop som man leser om på now smell this — f.eks. hun som fant joy parfum for veldig lite penger.
Så mye morsomt for 100 kroner 😀
Er nok noen gullkorn der.
Kos deg masse 🙂
Nå er det du som er parfymesamleren. Grattis med kuppet! 😀
Wee! så gøy altså, Chloe er en av mine favoritter – og jeg har også en original L Interdit…sukk, den er nydelig! Kos deg med skattene 🙂
Så moro, da! Gratulerer med fangsten 😀
Gratulerer, mye moro for pengene der 😀
Når det gjelder Alliage/Aliage fra Estee Lauder, så virker det som om det skrives på begge måter, litt tilfeldig. På hjemmesiden deres esteelauder.com heter den vanlige versjonen Aliage med en l, så jeg tror den er ekte 🙂
Wow! Det var mye fint for lite penger. God deal!
Hører jo ofte om folk i Usa som får seg vintage Guerlain for en slikk og ingenting på liknende salg.. Det hadde vært noe 😀
Åå, misunnelig (i positiv forstand)! så mye spennende!