Duft, Frustrasjonar
Comments 4

Generaltabbe

I det siste har eg vore noko bakpå når det gjeld å få lese avisene som kjem i hus. Eg har gjort mange kjekke ting, vore på festar og truffe nydelege menneske, og difor er eg ikkje ajour.

Det har sin pris. I ettermiddag senka freden seg etter handletur og andre viktige ting, og eg fekk sett meg ned med ein kopp te og ein stabel med aviser. Kva les eg i Aften Aften for torsdag? At det er marknadsdag i Bygdøy Allé på laurdag.

Skal tru om Gimle parfymeri er med på det, tenker eg. Jaudå, mellom anna har dei -50-70% rabatt på ein del nisjeparfymer… Kva er det dei har selt til halv pris og mindre enn det? Profumum? DelRae? Byredo? Acqua di Parma? Creed? No er det uansett for seint. Det er så ille at eg må berre la vere å tenke på det. Grrr… Er det nokon av dokke lesarane som fekk med dokke dette, og gjorde kupp? Rapporter i kommentarfeltet, og gni det inn – med salt…

This entry was posted in: Duft, Frustrasjonar

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. Solveig: Ja, det kan du tru. 😉

    Det morsommaste er korleis hjernen virkar, i natt drøymde eg at eg kom forbi i Bygdøy Allé i dag, og så var det plutseleg ope. Eg spurte Lill-Ann om kva som hadde vore på tilbod, og ho blunka lurt til meg og sa det var berre ei flaske, ei diger, svart flaske med ei eller anna herreduft. Eska var stygg og, og den var ikkje selt. Så eg gjekk ikkje glipp av noko likevel. 😆

  2. Men det er jo gull verdt å være sosial og aktiv! 🙂 Man kan bare ikke få med seg alt. Nyt sol og sommer, og la noen skip seile, du 🙂 klem!

Leave a Reply