Ein liten runde på salg
Eg har vore ein liten runde på byen, og sjekka kva nokre av parfymeria har lagt ut på salg. Nokre plassar har nokre få gode kjøp, som Eger, som har YSL Elle og Jean Paul Gaultier (dame) i gavepakke til halv pris. Det er eit kupp, om du likar dei duftene. Dei har også kroppsprodukt til Angel til halv pris. Steen og Strøm og Glasmagasinet ser ut som om dei er rana, veldig lite dufter igjen, og ingen gavesett så vidt eg kunne sjå. Dei har framleis mange kroppsprodukt, også for kurante dufter. Den butikken som verkeleg har slått på stortromma for å selge parfyme på salg er Kicks i same bygg som Steen og Strøm. Dei har 30% på masse kurante dufter. JLo-duftene er satt ned, både Miami glow og Deseo, det same er ein flanker av Kate Moss. Secret obsession er satt ned, det same er Tresór, Diesel (herre og dame), fleire clean-dufter og Jasper Conran (som dei er åleine om å selge i Norge).Versace versense er ei deilig grøn sommarduft, den får …