Duft
Leave a Comment

Ein liten tur i byen…

IMG_0739Eg hadde ein liten runde til mine faste stader, og noterer: Glasmagasinet har fått inn både Gurelain Idylle, Estee Lauder Sensuous, YSL Parisienne og Narciso Rodriguez Musc intense for her og for him. Idylle får mange ekstrapoeng frå meg for flaska, den er lekker, og er inspirert av ein damehæl – oppned.

Dei har også fått inn Ricci by Ricci, ei fantastisk flaske men ei urkjedeleg fruity-floral duft. Ein limited edition av DKNY Woman har dei også teke inn, den syns eg og var i overkant fruktig.

IMG_0740I tillegg har dei fått inn Kenzo Flower Essentielle, ei nytolking av den snart ti år gamle Kenzo Flower. Kenzo flower var for grøn og skarp på meg, Essentielle er varmare, mjukare, ørlite krydra og er ei fryd for nasa.

Flower har hatt flankerar før, oriental var forsåvidt god, og Winter Flowers er kjend for å ha ein helleborusnote, men Essentielle er den beste så langt, etter min smak. Du får prøve, og sjå kva du likar best.

This entry was posted in: Duft

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply