På Gimle har dei ein fin serie som kanskje har hamna litt i bakevja. Flaskene ser litt mandige ut, men dette er velkomponerte unisex-dufter som definitivt fortener eit større publikum.
Eg har lukta på to av dei i dag, Vetiver Ambrato og Classic 1920. Vetiver Ambrato er ei woody-amber-duft, med ein god porsjon vetiver, som namnet seier. For meg blir opninga dominert av ein annan note, artemisia. Det er ein urtefamilie som omfattar estragon, malurt og burot, og den som har luka burot kjenner lukta.
Etter kvart vert den mildare, varmare og meir tiltalande, men på meg er den skarpe artemisia-noten så dominerande at denne måtte eg vaske av meg. Viss du ikkje har noko imot denne noten, har eg det frå sikre kjelder at når denne dufta tørkar inn er den fantastisk, varm og grøn på same tid. Eg kom altså aldri så langt.
Classic 1920 er i ein heilt anna divisjon. Sjølv om dei deler mange av notane, så er dette ein klassisk, frisk parfyme, og markant mandig etter mitt skjønn. Eg ville ikkje gå i denne, men eg ville følgje etter ein mann på gata langt avgarde viss han hadde denne på seg.
Den byrjar med ein sitrusnote som eg trur må vere mandarin eller appelsin, den har iallfall noko søtleg over seg, men ikkje emment. Så utviklar den seg vidare med meir krydder og amber, nok til at det blir spennande, men ikkje overveldande. Varmen kjem med eit hint av tobakk, den urøykte, altså, musk og noko urteaktig som nok er timian.
Classic 1920 er ikkje ei stor, komplisert duft, men smakfullt sett saman. Denne dufta vil aldri bli feil, for mykje eller “bad taste”. Den er elegant, kanskje meir ein dress-parfyme enn ein shorts-parfyme. Sjølvsagt vil huskjemien påverke denne mykje, som den gjer med alle dufter. enkelte notar blir feil på enkelte personar, og enkelte “forsvinn”, og komposisjonen kjem i ubalanse. Men Classic 1920 er ikkje eit risikoprosjekt, det er ei duft som mange vil like.
I dag har jeg vært og brukt litt penger i et parfymeri – noe som resulterte at jeg fikk med meg prøver på de 5 nye duftene fra D&G. De skal visstnok være unisex-dufter. Har prøvd den ene av dem på håndleddet (Le lune), og duftet på de andre på papirlapper. De virker lovende. Har du prøvd noen av dem?
(dette ble kanskje litt off topic ift innlegget ditt, men det er ihverfall duft-relatert! ;-))
Har aldri fått somlet meg til å teste noe særlig fra dette merket. Jammen ikke lett å rekke over alt, men testing skal bli 😀