Sidan eg har farta litt rundt i det siste, så tenkte eg det kunne vere på sin plass å seie litt om dei duftnyhenda eg har støtt på undervegs.
Marc Jacobs Lola, i den søtaste flaska eg har sett på lenge, har komt til Gardermoen og København. Den er frisk, ikkje så intenst fruity-floral som så mykje anna nytt i det siste.
Den er verd ein sniff, sjølv om den har mykje av standardnotane som vert brukt no for tida. Grapefrukt, rosa peppar og peon, høyrest det kjent ut?
På Kastrup såg eg den nye til Lolita Lempicka, Si Lolita. Ingen andre plassar, den har altså ikkje komt til Illums eller Magasin enno (d.v.s. pr. 9. september).
Også den er friskare enn ein kunne frykte, litt meir krydra enn Lola og litt “vaksnare” enn dei tidlegare Lempicka-duftene. God staying power, og ei tiltalande duft.
Flaska skal vere inspirert av ein firkløver, så viss du vil ha eit hint av lykke rundt deg så er altså dette dufta å ha på seg.
På Gardermoen hadde dei fått inn YSL Parisienne, den søte veslesøstra til YSL Paris. Lekker flaske, lik den gamle men litt slankare.
Dufta er som Paris prega av rose og fiol, med innslag av peon, patsjuli og vetiver.
I tillegg har den ein udefinerbar metallisk, mineralsk note. Som lukta av eit par nye, høghæla lakksko som du har dansa i berre ein halvtime, eller lukta av ei ny, fin veske som ikkje er skinn. Det høyrest rart ut, men det fungerer.
Fiolen gjer den til ein no-no for meg, men likar du fiol er dette ei flott duft.
Nokre av dei nye duftene har komt hit og.
Idole frå Giorgio Armani er ei behageleg fruktig orientalsk duft, lett å like og å ha på. Den har iallfall komt til Glasmagasinet, der eg lukta på den.
Er du på leit etter ei nær, ukontroversiell haustduft er den verd å prøve, iallfall medan vi ventar på Sensuous. Den er no så nær som Gardermoen, men har ikkje komt til Oslo enno.
Sensuous er også ukontroversiell, noko varmare enn Idole og med litt meir styrke, sjølv om den er på den snille sida til Estee Lauder-duft å vere.
Det kjedelegaste ved den er eigentleg flaska. Korleis er det mogeleg å ha all verdas designarar flokke seg rundt deg, og likevel ikkje klare å kome opp med noko meir sexy enn dette? Det einaste eg kan seie er at boksen er endå kjedelegare. Men den hiv ein vel likevel.
Ei anna hauststjerne som og har kome til Oslo, sjølv om eg berre har funne den på Eger, er Narciso Rodriguez EdP Intense for her og for him.
Kva kan eg seie? Triste greier, først og fremst når det gjeld styrke. Den er så diskret at du må heilt inntil huda og trekke inn djupe drag for å kjenne den.
Den er behageleg, muskprega, på ein måte alkoholvarianten av NR Musc oil, den grisedyre sengeparfymen som vart lansert saman med NR For Her. Skuffande, altså.
Men flaska er lekker, der har Estee Lauder noko å lære.
Har virkelig ikke Sensuous kommet i butikkene her enda .. Kanskje den kun skal være på tax free? Jeg kjøpte den på nett i mai i fjor, men solgte den ganske raskt. Flasken er utrolig kjedelig ja
Å, så søte flakonger! Ja, jeg kan ikke finne et ord som passer bedre på den første der, enn flakong.
Dette var en kjempefin liten artikkel for meg som er på leting etter en ny spennede duft. Marc Jacobs Lola ble jeg veldig nysgjerrig på! 🙂