Billig mat, Mat, Veggis
Comment 1

Ein kan ikkje tenke på alt…


-som for eksempel at for å få ein vellykka sopptur er det ein fordel at det har regna dei siste to vekene. Det har det ikkje gjort i Oslo, men eg tenkte ikkje på det då eg endeleg fekk ein ettermiddag for meg sjølv, og kunne stikke av til min favorittskog og leite etter sopp.

IMG_0280Det er ikkje så mange soppar eg er trygg på. Favorittane er traktkantarell og gul trompetsopp, og finn eg kantarellar blir eg lykkeleg.

Steinsopp kan eg, piggsopp er også enkelt. Kremler er litt styrete, stort sett er dei skarpe, og får ikkje vere med heim. Risker er og flot sopp, men dei gode er ikkje så mange av.

Åkersjampinjong er lett, dei har ei karakteristisk stjerne som dekker dei brunrosa skivene.

Traktkantarellen er ein favoritt, sjølv om eg slit med å skilje den frå gul trompetsopp.

IMG_0278Sjølv om det ikkje har regna på lenge så fann eg nokre soppar som vart med heim. I dag trur eg det var mest trompetar, dei er intenst gule i stilken, og lette å kjenne igjen. Traktkantarellen har litt meir gråleg stilk, men stort sett same fasong.

Desse skal i omnen for å bli tørka, så blir dei køyrt i matmølle til soppmjøl. Kjempefint å ha i supper, sausar og gryter, og mine pysete barn, som ikkje likar konsistensen på sopp, syns det smakar nydeleg.

Eg tørkar soppen over natta i steikeomnen med varmluft på ca. 40 grader. I døra set eg ei tresleiv, slik at fukta slepp ut. Soppen eg fann i dag var så tørr at den var ferdig etter tre-fire timar. Etter ei regnskur eller to blir det meir å finne, det er eg sikker på.

IMG_0297

This entry was posted in: Billig mat, Mat, Veggis

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Éin kommentar

  1. Sopp er godt, og forskjellen på traktkantarell og gul trompetsopp er vel nærmest akademisk uansett

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s