Det er framleis roser i hagen, og eg klipper dei og tek dei inn i små vasar. Sjølv om sommaren eigentleg er over har dei fine dagane vi har hatt no i september gjort at mykje framleis blomstrar i hagen som om ingenting har skjedd. Snart kjem dei første frostnettene, og då er det for seint. Så hiv deg rundt, og ta med saksa ut. Det må ikkje vere blomar heller, det kan vere strå, frøkapslar, eføy og andre bladvekster. Lag deg ein bukett og kos deg med det som er att av sommaren.
No skal vi ut og vere med på Kulturnatta, trettenåringen har nokre vennar som skal opptre, og det er masse fint å oppleve og å vere med på. Programmet finn du her.
Ha ei god helg, du som stikk innom!
Kos dere skikkelig på kulturnatta – programmet ser svært tiltalende ut!