Elysium, som kommenterte i min forrige post, har laga ei fantastisk liste over alle dei beste og mest interessante parfymeadressene i Paris. Eg postar den her med hennes samtykke. Det kan vere nyttig for alle som planlegg parfymereiser til Paris. Eg legg inn nokre kommentarar der det er relevant.
På Elysium si liste står også dei store magasina, Printemps og La Fayette. Printemps har Creed, Kilian, Diptyque og the Different Company, La Fayette har mellom anna Amouage og Etat Libre d’Orange. Begge har Goutal, L’Artisan, Lutens, Molinard og “dei vanlege”.
Eg set i feit font dei som (etter mitt syn) bør stå øverst på lista dersom du må prioritere.
Aépure, 35 Rue Guénégaud 75006 Paris
Amin Kader, 2 Rue Guisarde 75006 Paris
Annick Goutal, 14 Rue de Castiglione 75001 Paris – Har ein lite tid kan ein få med seg AG i magasina. Illums i København har litt AG, men slett ikkje alt.
Caron, 34 Avenue Montaigne 75008 Paris France
Chanel, 31, Rue Cambon 75001 Paris – er i magasina, men Les exlusifs (colognane) er berre i Chanel sine eigne butikkar.
Colette, 213, rue Saint-Honoré 75001 Paris – har Le Labo, Dior-colognar og masse rare greier.
Comme des Garçons, 16, Place Vendôme 75001 Paris
Edition Parfum Frédéric Malle, 37, Rue Grenelle 75007 Paris – Noko heilt for seg sjølv. Like ved Rodin-museet.
Etat Libre d’Orange, 69 rue des archives 75003 Paris – Hysterisk morsomt homoerotisk Tom of Finland-konsept, duftene er flotte. Dei mest fantastiske namna. Ikkje noko for Gimle, trur eg.
Evody, 63, Rue St André des Arts 75006 Paris
Fabienne Creed Diffusion, 38, Avenue Pierre 1er de Serbie 75008 Paris – alle menn bør dra innom Creed og finne si duft. Flott kvalitet, stort utval, klassiske herredufter. Eg syns dameduftene er berre middels interessante.
Fragonard Opéra, 9, Rue Scribe 75009 Paris
Galeries Lafayette, 40, Boulevard Haussmann 75009 Paris
Guerlain, 68, Avenue Champs Elysées 75008 Paris – Ikkje noko for meg, eg likar nesten ingen Guerlain-dufter, men for alle andre.
Hermès Sellier, 24, Rue Fbg St Honoré 75008 Paris – Lekkert, lekkert, i tillegg er dei rause med prøver.
Hôtel Costes, 239 Rue Saint-Honoré 75001 Paris – Ikkje så langt unna Hermes som adressa kan tyde på, ikkje mange dufter men topp kvalitet. Det hippaste hotellet i byen.
JAR Parfums, 14 Rue de Castiglione 75001 Paris – utruleg spesielt, sju dufter, grisedyre, personleg demonstrasjon med glasskrukker, heile butikken kledd i fløyel, til og med taket.
Jean Patou, 5 Rue de Castiglione 75001 Paris
Lancome, 29 Rue du Faubourg Saint-Honoré 75008 Paris
L’artisan Parfumeur, Grand Boutique 2 Rue de l’Amiral de Coligny 75001 Paris – Hipp som happ om du går hit eller til Rue de Bourg-Tobourg 30 i Marais. Dei har det same, litt romslegare i Grand Boutique, trivelegare folk i Bourg-Tibourg, og butikken ligg vegg i vegg med Mariage Fréres, byens beste tebutikk.
Le Bon Marché, 24 Rue de Sèvres 75007 Paris
Les Parfums de Rosine, 15, Rue Mail 75002 Paris – Rosine har eg ikkje sett andre plassar enn her, Illums og Gimle (nokre få). Bitteliten butikk, rett ved Lutens, flotte dufter, rause med prøver.
Maison Francis Kurkdjian, 5 Rue d’Alger 75001 Paris
Maitre Parfumeur & Gantier, 84 Rue de Grenelle 75007 Paris
Merci, 111 Boulevard Beaumarchais 75003 Paris
Miller et Bertaux, 15, Rue Ferdinand Duval 75004 Paris
Montale parfums Paris, 26, Place vendome 75001 Paris – oud-spesialisten framfor nokon, arabisk stil, nydelege dufter. Når du kjøper ei normal flaske får du ei 15 ml (eller var det 20?) på kjøpet.
Old England, 12, Boulevard Capucines 75009 Paris
Osmothèque, 36, Rue Parc de Clagny 78000 Versailles
Parfums de Nicolai, 80 Rue de Grenelle 75007 Paris
Parfums Divine, 3, Rue Scribe 75009 Paris
Patyka, 14, Rue Rambuteau 75003 Paris
Printemps, 64, Boulevard Haussmann 75009 Paris
Salons du Palais Royal Shiseido, 25, Rue Valois 75001 Paris – Fantastisk butikk og nydelege dufter. Rause med prøver, vakkert lokale, fotoforbud. Har berre dufter, ikkje hudprodukt frå Shisheido.
Fra kontorfronten takker hjerteligst for alle de gode tips og kommentarer! Vi ser oss nødt til å innvilge oss en utskrift på statens bekostning, som skal medbringes til Paris. Vi gleder oss til å lukte godt.