All posts filed under: Duft

Hanae Mori: Magical Moon

Ein av dei mange skattane du kan finne på Gimle parfymeri er parfymene til Hanae Mori. Hanae Mori (eigentleg Mori Hanae) er ein kvinneleg japansk tekstildesigner, fødd i 1926. Ho slo igjennom i Paris og New York på sekstitalet, og som alle designarar med respekt for seg sjølv lagde ho også ein serie dufter. I tillegg til ei herreduft har Gimle tre damedufter; Butterfly, Haute couture og Magical Moon. Det var Magical moon som fanga mi interesse, den er kompleks men tiltalande, ei svært samansett duft. Her finn du krydder, frukt og kvite blomar, ein typisk «floriental», som Karl Lagerfeld Kapsule Floriental, Sublime Balkiss og Miracle Forever. Men eg opplever den ikkje som eksotisk, heller som ein lekker, velkomponert, ikkje for søt dessert. Denne parfymen er ein mannemagnet, viss ein mann først har byrja å lukte på deg når du har på deg denne parfymen skal det godt gjerast å få han til å slutte. Likevel er den ikkje påtrengande, den er nær huda, du må inntil for å kjenne den. Eg kjøpte parfymen, og …

Ein liten tur i byen…

… og litt shopping news. Heaven scent har -20% på 100ml store flasker frå The Different Company, så viss du går og siklar på Sublime Balkiss eller Jasmin de Nuit så er dette tida for å hive seg rundt. Dei har dei i nettbutikken og, viss du er i feil by (eller ikkje i ein by i det heile tatt), http://www.heavenscent.no. Eg var hos frisøren i dag, og han snuste meg i nakken 😮 fordi eg lukta så godt, det var Sublime Balkiss. Neida, dette er ikkje reklame. 😉

Yves Rocher: Voile d’Ambre

Yves Rocher, postordrekongen, har komponert ein del dufter som definitivt har noko ved seg. Ikkje alle har like god stamina, men særleg dei som kjem i Eau de Parfum-styrke gjer nok av seg til at dei kan vere verd pengane.  I tillegg kan du bestille prøver, eg trur eg betalte ein femtilapp til saman for femten prøver (rett nok våtserviettar, ikkje minisprayar) pluss ein masse anna dill som kom saman med dei. Du må berre stålsette deg, og godta teppebombinga av skritteljarar, venninnetilbod, pysjamasar i storleik lita dokke og alt det der. Voile d’Ambre er ei duft basert på syntetisk amber. Ekte ambergris, eit kompakt sekret frå galleblæra til spermasettkvalen, er dyrt og sjeldant, og mange kjemiske substitutt er på marknaden. Kouros, Obsession og Egoïste er klassiske herredufter med amber, og Coco, Burberry Brit og Jan-Paul Gaultiér Classique er nokre av dei mange dameduftene med denne noten.  Amber blir ofte balansert med sitrus, og i Voile d’Ambre er grøn mandarin med på å lage ei frisk, men også nokså skarp opning. Den dempar seg ganske …

Ein tur rundt i byen

Det er eit stort frynsegode å ha jobben liggande slik at ein kan sette seg på sykkelen og lunte sakte nedover Grünerløkka, irritere seg over fotgjengarane i sykkelfeltet i Markveien, nyte freden i Birkelunden og på Olaf Ryes plass, stoppe på Youngstorget og høyre på lydprøve med Hallelujah-kameratane til Sommaråpent i kveld og stikke ein tur innom parfymeavdelinga på Glasmagasinet.  (Dei har ikkje fått altfor god kritikk, desse karane som syng firstemt, men ein ting skal dei ha, i motsetning til ein del andre som står og lagar lyd i sentrum; dei har øvd. Og dei har ein trommis som får til eit overbevisande Steve Gadd-trommeriff på 50 ways to leave your lover. Me like.) Det er 30% rabatt på alt mulig av glas, servise, bestikk og gryter i første etasje og underetasjen i same sjappe, dei påstår at dei feirar 270-årsjubileet, men dei treng nok kontantar. Det ser ut som om dei er rana enkelte stader, men dei har masse fint igjen likevel. Sjølv om det er eit år sidan dei opna oppdaga eg …

Imponerande…

Ei heldig dame i Oslo eig denne; det er ei flaske med Eau de Parfum Shalimar med bimønster. Kor stor den er veit eg ikkje, eg vart så befippa då ho tok den fram at eg gløymde å spørje. Men den er sikkert 750 ml eller ein liter. På henne luktar denne parfymen heilt fantastisk, på meg luktar den gammal dame, dessverre. Eg har verkeleg prøvd å like den. 

Dufta av ei rose

I det siste har eg leita etter den optimale roseparfymen. Rosene blomstrar i hagen, nokre av dei luktar heilt fantastisk, og eg skulle ønske eg kunne lukte slik.  Eg har ved fleire høve prøvd Paul Smith Rose, som han lagde til kona si i gåve, og som vart lansert på Chelsea flower show, for sikkerheits skuld. Den duftar lekkert, elegant og med god «sillage». (Kan nokon hjelpe meg med å finne eit godt norsk ord for den skya vi parfymebrukarar går rundt med omkring oss?) Den varer også godt, sommarflankeren av den er også god men døyr etter ein halvtime. Men det er noko som plagar meg med denne, som gjer at den ikkje er optimal for meg. Kva det er fann eg ut då eg sjekka notelista, den har ganske mykje fiol i seg. Det er ein «dealbreaker» for meg, så eg måtte gje Paul Smith på båten, sjølv om eg likar mange av dei andre duftene hans. Den neste eg prøvde var den nye flankeren til Laura Biagiotti, Laura Rosé. Laura vart lansert …

Shoppingalarm – igjen!

Eg var innom Steen & Strøm i dag, og vart overraska over å sjå fleire parfymar nedsett med 50%. L’Instant perfum, Vetiver og Cologne 68 frå Guerlain, Secret Obsession og Flower by Kenzo Winter Flower, den som har notar av helleborus om eg ikkje huskar feil. Likte du denne, så løp og kjøp, den er ein limited edition og kjem nok ikkje tilbake. At Steen & Strøm har salg på parfymar skjer så sjeldan at eg tenkte det fortente å bli formidla vidare. Hermès hadde dessutan fått inn Eau de Genthiane Blanche. Litt skarp etter min smak, men definitivt sniffeverdig. Ha ein fin dag! 😀

Damer med pistol

Hagen på hytta skriv om Juliette has a gun Lady vengeance, ein av parymekreasjonane til Romano Ricci. Ja, han er barnebarnet til Nina Ricci. Han har fått med seg Francis Kurkdjian til å skape duftene, min helt etter at eg forsto at det er han som har lagd Narciso Rodriguez for her EdT og Fleur de Male.  Konseptet er tiltalande syns eg, rocka og romantisk og tidlaust på ein gong. Eg har prøver på to av Juliette-duftene, Citizen Queen og Miss Charming. Citizen Queen er ei bombe, den lukta kjøttaktig, som uvaska dame og som døyande roser i ein vase. Når eg seier uvaska så er ikkje det heilt presist, for den har eit hint av såpe og, men den luktar så kroppsleg og animalsk at det virkar som om det er ei stund sidan den såpa vart brukt. For meg fungerte den ikkje i det heile.  Den var så «in my face» at eg måtte skrubbe den av med ein gong. Beklagar, Francis.  Miss Charming følgjer namnet sitt, den er også ei roseduft, men ei …

Skapet mitt

Syrin utfordra meg til å vise fram skapet mitt, eg går ut frå at ho meiner det som eg har parfymer i. Eg syns ikkje eg har så veldig mykje, eg veit om folk som har meir enn meg, men eg har kanskje meir enn lands-gjennomsnittet.  Det skulle ikkje mykje styling til, men vanlegvis står dei store flaskene på eit brett av tauverk, så eg tok dei av det slik at også dei låge skulle synast. Det brettet brukar eg fordi det gjer det enkelt å ta ut alle på ein gong når eg har besøk av parfymeinteresserte.  I den øvre hylla står alle dei store flaskene, sjølv om eg stort sett kjøper minste storleik når eg kjøper ein ny parfyme viss det finst ein liten. Eg byttar ofte, og brukar ikkje kvar duft intenst over lengre tid. Difor vil eg unngå at dei vert øydelagde slik dei kan bli viss dei står lenge.  I hylla under står alle småflasker (under 30 ml), og prøvene i ammunisjonseskene sine. Trettenåringen har okkupert ein av dei, så eg …

Gimle og meg

-Mitt forhold til Gimle parfymeri har vore ambivalent. Eg har følt at eg har vore i veien når eg var der, samstundes har dei fantastiske dufter som ingen andre har og som eg gjerne ville lukte på. Å kjøpe ein parfyme er annleis enn å kjøpe ei bukse. Med buksa går du i prøverommet, og passar den blir den med heim. Ein parfyme må ein gå med, gjerne fleire timar, og dessutan finst det så uendeleg mange å velje blant.  I dag hadde eg bestemt meg for å kjøpe Acqva de Zucchero. Den var dei sjølvsagt utselde for, men under over alle under, eg fekk med meg prøven heim, får ein sms når den er tilbake, og kan bytte inn prøven i mi eiga flaske. Det kallar eg service! Parfymeleige, på ein måte.  Eg prøvde også på meg Laura Mercier L’Heure Magique, den er deilig, men toppnotane har meir sjarm og særpreg enn botnnotane. Den døyr litt på meg.  Neste tur til Gimle blir for å prøve Hanae Mori-duftene. Eg fekk dei med meg på …

Shoppingalarm!

Eg skreiv om Karl lagerfeld Kapsule Floriental for ei stund sidan, og den har blitt ein stayer på parfymehylla. Ein deilig parfyme! I dag gjekk eg igjennom Byporten Kjøpesenter, og stakk hovudet (heilt tilfeldig) innom parfymeriet Fredrik og Louisa. Der har dei Floriental til halv pris! Den skal ikkje gå ut av produksjon, men dei skal slutte å føre den. Det er eit kupp! Dei sel også alle parfymene Elisabeth Arden distribuerer (Red Door, Green Tea, Mariah Carey, Britney Spears) til 199,- per flaske. Det er ikkje ofte parfymer er på salg her i landet dersom dei ikkje skal gå ut av produksjon, så viss nokon av desse er av dine favorittar så er laurdag den store parfymeshoppedagen!

No er den min!

The Different Company: Sublime Balkiss! Toppnotar: Bergamott, solbær og mørke bær Hjartenotar: Roser, liljekonvall, fiolblad og syrin Botnnotar: Patchuli og uttrekk av erika-lyng Mmmmm!

Sisley: Eau du Soir

Eg har tidlegare skrive om det å gje ein parfyme ein ny sjanse, men av og til er det ein skal gjere kanskje å bytte produkt. Eau du Soir har eg alltid oppfatta som ei bestemorparfyme, med alt for mykje iris til at eg kunne like den. Den er pudrete, har mykje skarp sitrus i starten, og den har aldri komt lenger enn til papiret med meg. Sist eg var på ein Sisley-stand møtte eg ei utruleg triveleg og hjelpsom dame som verkeleg formidla duftene til Sisley på ein spennande og god måte. Ho ga meg prøver på dei tre nye duftene Sisley 1,2 og 3, dei skal eg skrive om ein annan dag. I tillegg putta ho nedi posen nokre små kremprøver på Soir de Lune og Eau du Soir. I dag hadde eg tenkt å ta på meg Soir de Lune, men eg tok ganske enkelt feil, og enda opp med Eau de Soir på hendene og armane. Så kva luktar denne bestemorparfymen på meg? Det første som slo meg var høy, tørt, …

Dior: Escale à Pondichéry

Christian Dior lanserte Escale à Portofino i fjor, og det var ei av sommarens parfymesuksessar. I år kom Escale à Pondichéry, med same design og stil. Det er allereie varsla at det vil kome fleire «trappeparfymer» i denne serien, som til no består av to aromatiske sitrusdufter, den eine inspirert av Italia, den andre av India. Escale à Portofino falt eg ikkje for. Eg opplevde den som litt emmen, ikkje så frisk som ein kunne vente. Escale à Pondichéry er ei heilt anna historie. Den opnar og med markante sitrusnotar, men den beheld det friske preget så lenge eg har parfymen på. Den har tenotar og, ein av mine favorittar. I tillegg har den eit hint av kardemomme, men det gjer den ikkje søt. Det berre legg til litt varme, denne typen friske, kjølege parfymar kan lett få eit metallisk preg viss det ikkje er varme notar med i komposisjonen. Escale à Pondichéry er ikkje pudrete, men likevel klassisk elegant. Den har eit mystisk skjær over seg, som eg vil beskrive som androgyn. Dette er definitivt …

Chanel Cristalle Eau Verte

Chanel Cristalle vart lansert i 1974, og er ein klassisk grøn chypre. nokre kallar den ein fruktig chypre, men trass i dei fruktige notane av melon så er det blomane og eikemosen som overveldar meg. Det kan hende at eg aldri har gjeve den nok tid. Eg har sjølv prøvd å overtyde folk om at av og til må ein lide seg igjennom den første halvtimen for så å oppleve ei fantastisk duft. men med Cristalle har eg aldri stått løpet ut. Eg opplever den berre som skarp og lett kvalmande, beklagar til alle fans der ute. I år har Chanel lansert ein flanker, Cristalle Eau Verte, altså grønt vatn. Eg var ein smule skeptisk første gongen eg lukta på den, og avviste den ved første sniff. Men så spraya ei dame på Kastrup den på armen min før eg rakk å takke nei, og eg hadde for lite tid til å gå og vaske den av meg før flyet skulle gå. Etter kvart som flyturen gjekk vart eg sittande å sniffe på armen min, …

Kenzo Amour Florale

Kenzo har fleire parfymeseriar, og Amour-serien byrja med Kenzo Amour som kom i 2006, i ei elegant og velforma flaske. Mange vart forvirra av at den kom i ulike fargar, og trudde kvar flaske var ei spesiell duft, men fargen på flaska avheng altså av storleiken på den. Amour er ei asiatiskinspirert blomeduft med tre- og musknotar. Kirsebærblomar, kvit te og røykelse er også ein del av komposisjonen.   I 2008 kom Amour le Parfum, i bronsefarga flaske. Den er litt meir orientalsk i notesamansetjinga, med ris som ein av hjartenotane, og patchuli og vanilje i botnen. Eg likte denne betre enn den første, og den minte meg om honning på huda. Eg har vore på leiting etter ein god sommarparfyme som har litt stamina og som samtidig er lett og floral. Då eg fann Kenzo Amour Floral var det som å kome heim. Den er ei grøn blomeduft utan å bli skarp, den er lett og elegant. Samstundes held den i allfall halve dagen, og meir kan ein kanskje ikkje vente av ein floral …

Dagens opplevingar og innkjøp

Eigentleg har vi hatt bremsene på, var vi einige om der vi sykla heimover ned Gothers gade. Men nokre innkjøp må ein gjere når ein er i store byar. Heidi går rundt og akkar og ojar seg over kor stort det er her, og kor mykje folk det er her. Fast på ett bra sätt. Det kan ha ein samanheng med at det er pinse, og dermed pinsekarneval. Vi syntest vi var tidleg oppe, og var klare på Kongens Nytorv klokka elleve. Der kokte det, med trommer, lettkledde damer og eit folkeliv utan sidestykke. Han karen til høgre leia eit trommekorps ved hjelp av armane, si eiga tromme og ei fløyte. Han og gjengen hans lagde mykje bråk, kan ein seie. Som du ser leia han det raude laget, i tillegg var det grøne, det turkise, det kvite og det meksikanske der. Alle tromma i sambatakt, og var imponerande samkøyrde. Det grøne laget hadde med seg denne dama, eg trur ho sto opp tidleg for å byrje stylinga. Ho var nærare 190 cm høg, rett …

Nokre er like sprø som meg

-når det gjeld parfyme. Eg besøkte ei av mine duftande venninner i Grimstad, og her er bevisa. Eg trudde eg var sprø med min halve kvadratmeter med parfyme. Vertinna har omtrent så mykje som meg, men ho har eit minikjøleskap å ha dei i!!! Kult?  Eg er ganske misunneleg, ja. Kunsten er altså å følge med når hotell pussar opp, og kastar ut gamle minibarar. Dei vert perfekte heime-parfymekjøleskap, til trygg oppbevaring av duftande skattar. Her er mange kjende dufter, Narciso Rodriguez EdT, Dolce Vita, Delice de Cartier, Eau de Jatamansi og den lyse, lette Burberry Brit Sheer, som trettenåringen min kosar seg med.  Her ser du heile samlinga, iallfall dei flaskene som det er noko storleik på. L’Occitane Cedre er ei heilt magisk duft, basert på reine trenotar, og den er noko av det mest sexy eg kan tenke meg. Kanskje helst på ein mann, men eg følte eg pusta gjennom armen min då eg hadde den på, så den funkar på damer og. Den store irissåpa som ligg fremst luktar som ein heil …

Det er ein første gong for alt…

I dag har eg for første gong i mitt liv gått inn i ein butikk og spurt: Du, har dokke slike boksar til å ha ammunisjon i? Ja, svarte mannen bak disken, og tok meg med til ammunisjonsbokshylla. Kva kaliber skal det vere då? spurte han. Eg anar ikkje, svarte eg, eg må sjå på dei først. Der fann eg den mest perfekte oppbevarings-dingsen for parfymeprøver eg har sett nokon gong, så eg kjøpte klokeleg tre. Mannen hadde tydelegvis greie på det han heldt på med, og fekk kanskje på eit eller anna tidspunkt kjensla av at det hadde ikkje eg. Er du sikker på at dette er rett kaliber, spurde han då vi sto ved kassa, og eg skulle betale. Eg gir beng i kaliberet, eg skal ha den til å ha parfymeprøver i, sa eg. Det var nok første gong for han og, fekk eg inntrykk av, å selje ammunisjonsboksar til parfyme. I desse fine boksane skal altså alle småprøvene mine få plass, sortert etter parfymehus, sesong eller notar, eg har ikkje bestemt meg …

Dagens duft for 17. mai

I dag har vi dobbelt grunn til å feire, både grunnlovsdagen og sigeren i Melodi Grand Prix i går kveld. Kva bør ein dufte av når ein skal feire sitt eige land og våre sigrar? Det finst berre ein norsk dameparfyme som eg veit om, Laila, lagd av den einaste norske parfymøren eg veit om, Geir Ness.  Han har oppkalt dufta etter mor si, som tok han med på fjellturar då han var liten, og inspirerte han til å lukte på blomane. Laila er ei frisk blomeduft, den har eit lite hint av frukt, men ikkje for mykje. Den er ein lys og lett parfyme, men blir lenge på huda, og gjer mykje av seg på ein god måte.   For meg er dette ei «kvit», rein, såpeaktig duft som ein føler seg vel med. Den er vaksen, eg ser ikkje for meg tenåringar med denne på seg, sjølv om det sikkert kunne vere stilig med ein slik kontrast.  Den er ikkje tilgjengeleg overalt, men eg veit av nokre Estetique-parfymeri har den, mellom anna på …

Serge Lutens Un Bois Vanille

Når ein har lukta på parfymar som berre er solala, er det deilig å endeleg finne noko som verkeleg har kvalitet. Eg har ikkje lukta på mange av Serge Lutens sine parfymer, men ei som luktar like godt som meg, men annleis, ga meg ei lita prøve på Serge Lutens Un Bois Vanille. Un Bois Vanille kan minne om Acqva de Zucchero, men den er langt meir kompleks enn italienaren. Der Acqva er rein sødme, er Un Bois Vanille meir enn det. Den har eit hint av kokos, utan å minne om solkrem, den har eit hint av lakris utan at det blir ekkelt, og i botnen og overalt rundt ligg den sødmefylte vaniljen og pakkar det heile inn. I tillegg vil dei røynde kunne kjenne duft av bitre mandlar og bivoks i denne komposisjonen. Trenotane i botnen er gaiaktre, eller pokkenholt, eit treslag eg ikkje hadde høyrt om før no. Det er visst eit av verdas tyngste og mest solide treslag, brukt i gamle bowlingballar, morterar og utemøblar i tropiske strøk. All vill pokkenholt …

Dsquared Wood for her

Når ein virrar rundt på byens parfymeri er det rett som det er at ein får prøver på nye dufter. Iallfall dersom ein spør om det. Bipbap og eg var innom Eger, det nye kjøpesenteret midt på Karl Johan, og Estetique der er det einaste norske parfymeriet som fører Dsquared Wood-duftene i dame- og herreutgåve.  Av ein eller annan grunn fekk eg med meg berre dameutgåva, og det kan vere like bra. Etter å ha googla desse duftene kan eg notere meg at dei er nærast reine fioldufter. Av alle duftaromaer trur eg det er den eg slit mest med.  Likevel har eg enkelte parfymer som inneheld fiol i begrensa mengder. Både Feminité de Bois og Karl Lagerfeld Floriental har fiol i seg, og begge dei to likar eg fantastisk godt. Men rein fiol utløyser hvoudverk og kvalme hos meg, og eg må gå og vaske det av meg med ein gong om det vert «feil».  Viss du likar fiol, og i tillegg syns at jasmin er deilig så er Dsquared Wood rett duft for deg. …

To rose-dufter: Voleur de Roses og Drôle de Rose

L’Artisan har to rosedufter,Voleur de Roses og Drôle de Rose. Voleur de Roses (rosetjuven) er den mandige av dei, sjølv om begge er beskrivne som unisex. Med mandig meiner eg at den er mineralsk, nesten metallisk i lukta til å byrje med, medan Drôle er meir blomstrande, feminin og nesten søtleg i starten. Det mineralske i Voleur vert mildna av ein fruktig note, som i følge ekspertane skal vere plomme. Likevel er det rav og eit lite hint av løysemiddel som pregar Voleur den første timen, iallfall på mi hud. Etter kvart utviklar den seg i ei mørkare retning, og patchulien kjem fram. Heile tida sit denne nært til huda, og er ikkje dominerande sjølv om den inneheld relativt markante notar. Mot slutten er den varm og tiltalande, det luktar berre godt. Eg ser for meg at denne må vere fantastisk på den rette mannen, altså som har rett hudkjemi til å bere denne. Den kan sjølvsagt også gjerne berast av ei kvinne. Drôle de rose (den morsome/festlege (??) rosa? Nokre translatørar her?) er som …

Ein fin dag

Eg har hatt ein fin dag i byen! BipBap, som skriv http://www.velduftende.com, og eg møttest på Majorstua, og byrja dagen på Heaven Scent som avtalt. Dei sterkaste minna som sit att derfrå er Coeur d’été frå Miller Harris, og Vittoria Apuana frå Profumi del Forte. Coeur d’été er ei mjuk og delikat sommarduft, som opnar med kvit fiol, heliotrop og solbær, men som får sødme frå sjokolade, banan og lakris (!!) utan at den på nokon måte er klissete. Lyn Harris komponerte den medan ho var gravid, og følte at luktesansen hennar vart meir kjenslevar enn den hadde vore. Dette er ei duft som er nær deg, og som er lett å bere, samstundes som den har karakter og særpreg. Avslutninga er floral og tørr utan å vere pudrete. Ei elegant duft som skiftar preg undervegs utan å tape seg. Vittoria Apuana er også fruktig, har også banan, men supplert med vanilje og balansert med mykje sitrus, fleire ulike typar sitrusfrukter. Denne er også velkomponert, har ei vakker flaske og avsluttar varmt og nært kroppen. …

God fredag!

Helga er over oss, og eg har endeleg kome meg heim frå jobb. I vindauga står desse rosene og lyser mot meg, er kjøpte dei faktisk forrige torsdag! Rettferdige er dei og, så dette var eit godt kjøp på alle måtar.  I morgon har eg planar om å treffe http://www.velduftende.com, vi skal ut og sniffe i Oslo. Kjenner eg oss rett, vert første stopp på ferda Heaven scent. Denne vakre, uavhengige parfymebutikken, som eg er så glad i.   Den er perfekt innreidd for å prøve parfymer, eit stort bord i midten, eit utal flasker, lys og kremar langs veggane og ein benk for dei som måtte vere uinteresserte. Eg gler meg! Ha ei god helg, alle som kjem innom, senk skuldrane og nyt livet.