Duft
Comments 11

Serge Lutens Un Bois Vanille

Når ein har lukta på parfymar som berre er solala, er det deilig å endeleg finne noko som verkeleg har kvalitet. Eg har ikkje lukta på mange av Serge Lutens sine parfymer, men ei som luktar like godt som meg, men annleis, ga meg ei lita prøve på Serge Lutens Un Bois Vanille.

un_bois_vanilleUn Bois Vanille kan minne om Acqva de Zucchero, men den er langt meir kompleks enn italienaren. Der Acqva er rein sødme, er Un Bois Vanille meir enn det.

Den har eit hint av kokos, utan å minne om solkrem, den har eit hint av lakris utan at det blir ekkelt, og i botnen og overalt rundt ligg den sødmefylte vaniljen og pakkar det heile inn. I tillegg vil dei røynde kunne kjenne duft av bitre mandlar og bivoks i denne komposisjonen.

Trenotane i botnen er gaiaktre, eller pokkenholt, eit treslag eg ikkje hadde høyrt om før no. Det er visst eit av verdas tyngste og mest solide treslag, brukt i gamle bowlingballar, morterar og utemøblar i tropiske strøk.

All vill pokkenholt er freda, men den vert dyrka på plantasjar. Pokkenholt er så tungt at det søkk i vatn, og er rikt på harpiks og andre aromatiske forbindelsar, mellom anna vanillin.

Når Un Bois Vanille tørkar inn vert den meir treaktig, meir komplekst aromatisk, sjølv om den framleis er intenst søt. No er eg kanskje ei enkel sjel, men for meg er denne dufta berre reint velbehag.

Å velge mellom Acqva og Bois ville vere vanskeleg, og eg har ikkje lukta på dei samstundes, så ei komplett samanlikning kan eg ikkje gjere. Men følg mitt råd, lukt på (og prøv på deg) begge uansett når du treff på dei, og uansett kva kjønn du tilhøyrer.

 

 

This entry was posted in: Duft

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

11 Comments

  1. Så hyggeleg at du syns det. Det er ein spennande sans å stimulere og å utfordre.

  2. kjersti70 says

    For ei som kan NADA om parfyme, og aldri brukar det, er det ganske facinerande at nokon syns parfyme er facinerande. Det fortel meg at her må det vere noko viktig eg har gått glipp av. Eg datt av lasset når eg fekk barn; då skal ein ikkje bruke parfyme har eg høyrt. Eg datt av sånn ca. rundt.. Poeme og Green Tea og Tresoir eller kva dei nå hette alle saman. Nå er minsten 3 år, og eg har for lengst slutta å amme 😀 Kanskje på tide å sniffe meg fram til noko eg kan bruke?

    Har du eit forslag til ein pen og forsiktig start til ein rusten parfymebrukar? Lett og grønt trur eg er meg… hmm… trur eg da.

  3. Å, så hyggelig at du likte den og skrev slik fin post 😀 Jeg blir så glad som om jeg skulle laget den selv 😆

  4. Kjersti70: Viss du likte Green Tea kan du prøve Green Tea Energize. Den er ei fin, frisk men «rund» sommarduft. Eg likar Poeme og, eg syns den er nedvurdert.
    BÅ: 😀

  5. Jeg elsker å lese parfymebeskrivelsene dine, de er veldig levende! Og siden jeg er umåtelig begeistret for vanilje, kjenner jeg at jeg vil lukte på denne parfymen. Hvor i verden finner man Serge Lutens?

  6. I utlandet, utanfor Norden. Eg har ikkje funne dei verken i København eller i Stockholm. Når den først vert lansert i eit land blir den ofte vidt distribuert. http://www.sergelutens.com har ein grei outletsøkefunksjon, og viss du ser på Tyskland er dei til sals i veldig mange byar. Kvifor dei er så sære ift Norden veit eg ikkje, vi må kanskje spørje Shisheido, som eig Serge Lutens. Acqva finn du på Gimle i Oslo.

  7. sol says

    Tips til alle som vil prøve Lutens: Finn Paris-adressen via nettstedet deres, skriv et brev og be om prøver. Da kommer snart, og det helt gratis, en velduftende konvolutt i postkasse med voksprøver av alle «eksport»-parfymene deres (noen selges nemlig eksklusivt i flaggskipbutikken til Lutens: Salons du Palais-Royal Shiseido)

  8. Havnet innom her via Glamourbibliotekaren, og her fikk jeg lyst til å bli leeenge. Sanselig og flott blogg!
    Og nå fikk jeg bare lyst til å gå ut og snuse på parfymer. Det nærmer seg bursdagen min, og jeg kunne kanskje gi mannen noen hint…
    Ha en fin, fin dag

  9. Un Bois Vanille er også en deilig sak med mye godsaker. Nesten for mye av den gode, men likevel fantastisk .. 😀 Lurer på om jeg må bestille noen prøver fra Profumum også 😉 Farlig farlig ..

Leave a Reply