Eg var innom Steen & Strøm i dag, og vart overraska over å sjå fleire parfymar nedsett med 50%. L’Instant perfum, Vetiver og Cologne 68 frå Guerlain, Secret Obsession og Flower by Kenzo Winter Flower, den som har notar av helleborus om eg ikkje huskar feil. Likte du denne, så løp og kjøp, den er ein limited edition og kjem nok ikkje tilbake. At Steen & Strøm har salg på parfymar skjer så sjeldan at eg tenkte det fortente å bli formidla vidare.
Hermès hadde dessutan fått inn Eau de Genthiane Blanche. Litt skarp etter min smak, men definitivt sniffeverdig.
Ha ein fin dag! 😀
jeg passerte Steen&Strøm i dag, med to tempererte barn som definitivt ikke var klare for parfymesniffing. Og rundt hele kvartalet kunne jeg bare tenke på denne bloggposten…Føler det blir bytur på lørdag uten de søte små. Jeg tar ingen sjanser på å ta dem med nå, man vet aldri hva mor kan finne på å si i varmen!
No har eg oppdratt mine til å like å lukte på parfymer, tiåringen min er heilt komfortabel hos Hermès, og konstaterte tørt at Vanille Galante lukta banan. Det gjeld å byrje tidleg… 😉