Paul Smith: Floral
Det er eigentleg dårleg gjort å skrive om parfymar som ikkje er lett tilgjengelege. Men ved hjelp av ebay, fragrancex, strawberrynet og slike plassar kan ein lett få tak i sjeldne dufter, så eg hiv meg utpå. Paul Smith er ein designer med særpreg, rosedufta hans frå 2007 er allereie ein klassikar. To år før dette, i 2005, kom Floral, ei lekker frukt/floral-duft. Dessverre er den gitt eit handikap ved at den er lansert i den styggaste flaska eg har sett i heile mitt liv, men det skal eg ikkje bruke mot den. Floral er eit døme på ei duft som inneheld mange notar som kan bli heilt feil, men som er heilt rette i den samanhengen Paul Smith har plassert den i. Ingefær, grapefrukt og vannlilje i feil blanding kan minne mest om stanken av oppkast. Men i denne parfymen, i kombinasjon med appelsin, magnolia og orkidé skaper dei kjensla av varm eleganse. Når den tørkar inn, tek dei florale hjartenotane over, og gjer at Floral får nærast eit pudrete preg, som understrekar det …