Duft
Comments 13

Å prøve og å få prøve

Det å velge ein parfyme som ein likar kan vere vanskeleg av mange grunnar. Ein parfyme utviklar seg over tid, og dei ulike notane som parfymen er bygd opp av byttar på å ha ein framtredande og ein meir tilbaketrukken plass i duftopplevinga.

Ein kan lett avvise ein parfyme basert på korleis den luktar på papirpinne, men når den kjem på huda får du ei heilt anna oppleving av den.

Samstundes er det begrensa kor mange parfymer ein kan prøve på huda på ein gong. På det meste har eg hatt på meg fire, men då må eg skrive opp på ein lapp kva eg har på meg. Elles går det i surr.

img_46351Eg prøver alltid å få prøver før eg kjøper ein parfyme, men eg lukkast ikkje alltid. Nokre erfaringar har eg gjort meg. Dei billige butikkane (Vita, Body Shop) har sjeldan prøver, men av og til hender det. Fine parfymeri har ofte skuffene fulle, men ikkje alltid av dei duftene du ynskjer deg prøver av. Sjansane er større for å få prøve av ei ny duft enn av dei gamle klassikarane.

Eit triks eg brukar for å få prøver er posetrikset. Eg kjøper noko eg treng, ein krem, rensemjølk eller ein leppestift. Så står vi ved kassa, og dama spør: ”Vil du ha pose?” Då svarer eg alltid: ”Nei, eg treng eigentleg ikkje det, med mindre du vil putte nokre morsomme prøver oppi der.” Viss dama (for det er som regel det) har ein god dag, får eg lov til å kikke i skuffen. Skuffen er den som er under hyllene, der alle prøvene ligg.

Då gjeld det å vere kjapp, høfleg og blid på ein gong, så kan du velge ganske fritt blant dei prøvene som er der. Kjem ho med den nyaste til Britney Spears eller Christina Aguillera, så seier eg at den er kanskje ikkje noko for meg, men datra mi blir sikkert glad for den. To prøver bør ein få ut av ein slik runde, eg har faktisk endt opp med fire på ein maksimalt god dag.

Eg klassifiserer faktisk parfymeri etter kor rause dei er med prøver. Som innkjøpar veit eg at prøvene er ein del av prisstrukturen i parfymeria, og kjøper du noko utan å få med deg prøver så har du betalt for mykje. Det virkar som om damene på enkelte parfymeri rundt omkring ser på prøver som sin eigen private eigedom, som vert gitt til venner og kjente som dei vil halde seg inne med. Det er i beste fall misforstått. Sjansane for at eg skal kjøpe ein parfyme eller ein mascara aukar drastisk viss eg først har fått ein prøve på den. Og passar den meg ikkje, så kjøper eg den ikkje, men hadde eg kjøpt den utan å prøve ville eg vore misfornøgd, og det vil dei vel ikkje?

I Oslo varierer det veldig. På Glasmagasinet er dei ganske rause, men dei har ofte veldig mykje av ei bestemt duft, lite variasjon. På Fredrik og Louisa på Byporten er dei kjempepositive, og delar gjerne ut. Estetique på Paleet er heilt ubrukeleg. Der har eg lagt att over 500,- i ein handel, og ikkje fått med ei einaste prøve. Då går eg ikkje dit meir, anna enn for å sniffe. På Heaven Scent på Majorstua sit også prøvene laust, og der er damene lutter smil og glede. Eg har også god erfaring med Estetique i Sandvika Storsenter. Der har dei ofte prøvene ståande i ein kurv, så du kan velge det du vil ha sjølv. I Estèe Lauder-disken på Steen og Strøm lagar dei prøver av den parfymen du vil teste, dei har eigne små glaskapslar til det. Lekkert!

img_46271I taxfree-butikkar får du ofte kjøpt småflasker av ulike merke. Målt i volum er det ikkje billig, men det kan vere ein grei måte for å få småflasker av parfymer du ikkje treng ei heil flaske av, men gjerne vil prøve ein gong imellom. Handysize på Byporten, som er ein reiseeffektbutikk, har også ofte småflasker av parfyme. Mine Burberrydarlings er kjøpt der.

 

This entry was posted in: Duft

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

13 Comments

  1. hildeG says

    🙂 Sånt som dette leser jeg med litt forundring. Jeg liker såpass få parfymer at det sjelden er noe problem å prøve de få jeg finner som ikke stinker på hvert håndledd. Og når jeg først finner noe, så bruker jeg den i mange år. Nå har jeg Calvin Kleins Truth, og den som har bilder av valmuer utenpå (husker ikke navnet…) til sommerduft. Det får holde noen år…

  2. Dette er både viktig og moro 😀
    Det er du som har fått øynene mine opp for prøver, og jeg skrive under på opplevd glede og velvilje hos Heaven Scent. Fredrik & Louise er visst en kjede? I alle fall står det Fredrik & Louise på posen jeg får når jeg handler hos «Solo» i Arenasenteret i Arendal. Det er kanskje en bevisst policy? Jeg blir nemlig formelig overdrysset med de lekreste prøver på foundation, renseprodukter, kremer for ymse formål hver gang jeg er der, og det betaler seg selvsagt for dem. Det er der jeg legger igjen pengene mine når jeg får fot for den siste duften fra Chanel, eller foundation og pudder osv fra samme. Hvordan parfymerier kan vurdere å IKKE drysse prøver, skjønner jeg ikke.

    Hilde: den heter «Flowers» og er fra Kenzo, den sommerduften. Den er deilig, -jeg har den også 🙂

  3. Jeg elsker butikker som gir meg prøver, blir jo skikkelig blid av sånt. 🙂 Har opplevd å få prøve fra Body shop også – og der er jeg nesten alltid veldig fornøyd med hjelpen.

    Godt med tips, ser i hvert fall at jeg skal holde meg unna Paleet. Kjipinger! 😉

  4. HildeG: Du får bli med på eit sniffetreff med BÅ og meg, så skal du iallfall få prøve litt forskjellig! 😀
    BÅ: Det kan godt hende at det er Fredrik & Louise, ja. Veldig bra med rause parfymebutikkar!
    Lothiane: Ikkje sant? Vi blir meir positivt innstilt når vi møter denne rausheita. På lang sikt lønner det seg for butikkane, er eg sikker på. Paleet kan pakke saman!

  5. Torill says

    Jeg elsker parfymer….prøver stadig noen nye,men kommer som regel tilbake på den gamle,som er Chanel mademoiselle..den er bare herlig.
    Småflaskene på taxfreen står jeg glatt over. Kastet 12 flasker her om dagen da jeg rydda i skapa.
    “Flowers” fra Kenzo har jeg også,men kan ikke si at jeg liker den noe særlig…
    Estetique på Moa er flott,der er det prøver i lange baner.Men så er det omtrent bare der jeg handler.
    Men at jeg er en sniffer er bare å skrive under på….

  6. Kasta du småflasker? 😮 Ingen kusiner eller nieser som ville syns det var gøy å arve dei? Coco Mademoiselle er deilig, du har rett i det. Men den tilhøyrer ei bestemt venninne, så den kan eg ikkje bruke. 🙂

  7. Maiblomst says

    Eg er nok ikkje den som brukar mest parfyme, men innimellom vert det nå litt. Husbonden var nyleg i Sverige, og hadde i oppdrag å kjøpe parfyme. Så eg rusla innom eit parfymeri for å sniffe litt. Bak parfymeriet hadde dei tydeligvis eit rom for behandling av eit eller anna slag. i alle fall lukta det så sterkt av eit eller anna (fotkrem, aromaolje e.l.), at det var berre til å pelle seg ut at. Eg prøvde meg forsiktig med at det lukta veldig her, men dama på parfymeriet såg ikkje ut til å forstå kva eg meinte. Det var nesten så det svei i augene, korleis kan dei tenke seg at folk skal kunne prøve parfymar i slik ei lukt? Det endte med at husbonden kjøpte ny flaske av den eg hadde frå før. 😀

  8. sol says

    Jeg kjøper nesten aldri parfymer uten å ha prøvd dem et par ganger på forhånd, unntaket er om jeg finner noe i utlandet og ikke har anledning til å komme tilbake til en ny prøverunde. I hjembyen min Trondheim handler jeg (selvsagt) der stemningen er best. Bentes parfymeri nederst i Prinsensgate er rause med både tid og prøver, dessuten tilhører de de få uavhengige parfymeriene, og har merker man ellers må til Oslo for å finne, som Acqua di Parma og andre non-main stream dufter, samt klassikere. De samarbeider vistnok med Gimle parfymeri og fører noen av de samme merkene. Håper virkelig at de klarer å overleve i konkurransen med kjedene!

  9. Gimle syns eg berre sånn passe om, damene der er meir opptekne av å understreke om dufta du prøver er ei herreduft eller ei dameduft enn å inspirere til nye opplevingar. Eg ville prøve nokre Penhaligon’s-dufter, og då beskreiv den eine dama der den serien som «noen gamle, engelske parfymer». Ho kunne ikkje begripe at eg ville lukte på dei. Uff uff.

  10. sol says

    Da er stemningen på Bentes parfymeri en helt annen! Flere prøver og bedre service enn der har jeg knapt opplevd. Mannen min og jeg var innom der for å snuse engang, og endte opp med prøver og småtuber av det meste fra Acqua di Parma. Nesten ikke en overdrivelse å si at vi gikk tungt lastet derfra. Jeg kjøpte senere min Iris Nobile derifra heller enn å vente til mulighet for lavere pris i utlandet, pga at de fortjener å overleve.
    Jeg har vært på gimle kun en gang, både i det «gamle» parfymeriet og den nye økologiske avdelingen, og de slo meg som «kjølige» i motsetning til dette..

  11. A propos kaste småflasker…
    Nå som jeg er blitt så glad i dufter tenker jeg med sorg og ruelse på alt jeg hadde før, og gav bort fulle flasker av – i et anfall av «renselse» (man blir litt lei av ting og tang når man rydder helt tomt et ekteskap): «Y», «Rive Gauche», «Paris», «Ysatis», «Cinnabar», «White linen», «Private Collection», – bare for å nevne noen. Jeg husker særlig «Y» som en jeg likte veldig godt. Sukk! Jeg håper mottakerne har kost seg med dem.

  12. sol says

    Brit Åse: ja, det får vi håpe! Alle desse klassikarane er jo gode! Ikke minst Y, som er ein av mine favorittar; fersken + aldehyd + blomebukett mot underlag av vetiver, eikemose, civet (moskusaktig parfymestoff frå desmerskattens luktkjertlar, les eg) & anna! Nydeleg, men krevande å bere (ein må godtta enkelte andre sine gamal dame-assosiasjonar!)
    ps: cinnabar får meg til å drøyme meg langt langt bort frå dette kontoret i dette mørke og kalde landet..

Leave a Reply