Billig mat, Mat, Middag, Tilbehør
Comments 11

Når mat blir farleg

Vi har lang tradisjon her i landet for å ha svært god tru på vårt eige landbruk, og produkta som kjem derfrå. Norsk mat er bra av mange grunnar. Vi har strenge krav til mattryggleik, og så har den reist kort. I eit økologisk perspektiv er det viktig, transportkostnadane for mat er snart høgare enn produksjonskostnadane.

Men likevel er det viktig å lære seg god kjøkkenhygiene. Mange matforgiftingar skjer fordi mat som skal oppbevarast ikkje kolnar fort nok, slik at bakteriar får blomstre. Spesielt farsemat, altså alt som har gått gjennom kvern, er utsett for bakterievekst. Her i huset et vi mykje kjøtdeig, og den kan ofte vere syndaren viss den ikkje er oppbevart kjøleg, handtert med reine reiskapar eller gjennomsteikt.

Ei utfordring er at det ikkje alltid er nok å gjennomsteike kjøtdeigen for at ein skal vere heilt trygg. Det hjelper lite å gjennomsteike kjøtdeigen viss ein ikkje vaskar dei reiskapane ein brukar godt, eller vaskar seg på hendene etter å ha handfere kjøtdeigen. Å ha ei fjøl for grønsaker og ei anna for kjøtprodukt er ein god regel.

Eg brukar å reinske grønsaker, lage salat og gjere alt det ferdig først, så kan eg ta fatt på kjøtet til slutt. Det reduserer risikoen for søl og kryssmitte mellom mat som vert eten rå og mat som må vere kokt. Hendene må vaskast i tide og utide. Tørk deg med kjøkkenpapir, då slepp du eit skite handkle på kjøkenet. Visste du forresten at datatastaturet er den skitnaste plassen i huset? Mykje verre enn do…

I dag skal vi lage gamaldags mat. Eg lagar kålrulettar, det er god mat som vert kokt lenge og vel. Dei gode gamle kålhovuda er vel og bra, men eg syns det er eit slit å få av kålblada nokolunde heile. Dette er eit godt høve til å la kinakålen kome til heider og verdigheit igjen. Eg fann ikkje kinakål i dag, så eg måtte streve med kålblada mine.

Og sidan vi er i det gamaldagse hjørnet: I dag skal du få smake stua gulrøter og. Stua grønsaker er ein undervurdert rett, mine ungar et utruleg mykje meir grønsaker når dei er pakka inn i ein god, lys saus. Til og med stua kål sklir ned på høgkant. Prøv det viss du ikkje klarer å nå målet om fem om dagen. Slik gjer du det:


Kålrullettar til fire

Eit kinakålhovud eller vanleg kålhovud

500 g kjøtdeig av okse eller kylling, eller medisterdeig

1,5 ts salt

½ ts peppar

rulett1

Ei klype muskat

Ei klype allehånde

1-2 dl mjølk

2 ss potetmjøl

½ ts bakepulver

½ liter buljong

1 ss maizena

sukkerkulør

Til gulrotstuingen:
4-5 fine gulrøter

2 ss smør

2 ss mjøl

¼ liter mjølk

¼ liter kokekraft frå gulrøtene

Salt, peppar og muskat

Ta kålblada frå kvarandre, og snitt ut den tjukkaste midtstilken på dei. Legg dei i kokande vatn eit øyeblikk, slik at dei vert mjuke. Spe deigen. Dette må du gjere på skjønn, men det viktigaste er å få ein passe fast deig som ikkje er for hard heller. Har du ein grautrest, risrestar eller liknande så putt det i deigen. Det smakar kjempegodt.

Legg ei skei farse på kvart kålblad, og rull det saman til ein pakke. Legg dei tett saman i botnen på ei låg, vid gryte eller i ei eldfast form. Når dei ligg tett treng dei ikkje knytast att, eg syns alltid det der med tråden var noko styr når eg fekk dette heime. Slå over buljongen, og damp kålrulettane under lok (folie viss du gjer det i omnen) på låg varme (ca. 150 grader i omn) i ein halvtime. Fyll på med væske viss det trengst.

Mot slutten kan du slå av buljongen, og bruke den som kraft til ein saus. Eg lagar saus jamna med maizena til kålrulettar, i og med at eg brukar stuing og dermed ein kraftigare saus til det. Du kan og servere kålrulettane med urtesmør når du har stua gulrøter til. Det er kjempegodt!

rulett2Slik lagar du sausen: Kok opp krafta, og rør ut maizenaen i litt kaldt vatn før du slår den over litt og litt. Pass på så den ikkje vert for tjukk. Smak til med litt tomatpuré viss du har, litt sukker og ha i eitt par dropar sukkerkulør.

Skrell gulrøtene, og skjer dei i små terningar. La dei koke i lettsalta vatn til dei er møre. Ta vare på litt av kokevatnet. Smelt smøret til gulrotstuingen, og rør i mjølet. Rør det glatt og fritt for klumpar før du slår på mjølka og kokevatnet. La det heile koke i nokre minutt. Smak til med salt, peppar og riven muskat. Ha i dei kokte gulrøtene. Blir smaken litt tam kan ein sprut sitronsaft løfte stuingen til nye høgder.

This entry was posted in: Billig mat, Mat, Middag, Tilbehør

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

11 Comments

  1. hildeG says

    Datatastaturet kan tørkes av med sprit. Det finnes også spritbasert desinfeksjonsmiddel til å ha på hendene. I helsevesenet brukes dette etterhvert i stedet for håndvask dersom det ikke er synlig forurensning. Tørker ikke huden ut i samme grad som vann og såpe, og er kjappere (dvs større sjans for effekt enn ved «kattevask» av hendnen). Anbefales!
    Fjølene synder jeg med, og har nå gått til innkjøp av skjærefjøler i herdet glass. Disse kan gå i oppvaskmaskinen og jeg innbiller meg at det setter seg færre bakterier på den harde overflaten enn i plast eller tre.

  2. Ja, vi brukte spritgelé på hendene når vi var i Nepal og Egypt. Du får også våtserviettar med same middel på. Men heime på kjøkkenet er det nok grunnleggande hygieneopplæring som bør gjere susen… 😉

    Glasfjøler er veldig bra. Bakteriemålingar viser at det faktisk er meir bakteriar i plastfjøler enn trefjøler. Trefjøler har visstnok ein svakt bakteriedrepande effekt ved normalt reinhald. Eg skrapar av mine trefjøler med ein skarp kniv ein gong i blant, då blir det mindre hakk og sår som ting kan sette seg i. Dei kan også slipast ned, men då bør dei ut av kjøkkenet, elles blir det veldig mykje støv.

  3. Kålrulleter er en vinner her i huset! Har pleid bruke ferdigspedd kjøttfarse, men nå vil jeg jamen prøve din variant.
    Til kålen: Jeg pleier skjære inn i stilken på kålhodet og grave ut så mye jeg kan av den, så halvkoker jeg kålhodet før jeg tar fra hverndre bladene. Lett som en plett.
    Mine plastfjøler får seg en runde i oppvaskmaskin etter nærkontakt med kjøtt. De har overlevd så langt. Glasfjøler høres fristende ut!

  4. Det var lurt, Berit! Då blir det sikkert mykje lettare. neste gong prøvar eg din patent!

  5. Jeg har trefjøl til grønnsaker, og så har jeg fått sånne «myke» plastfjøler i ulike farger, hvor den røde brukes til kjøtt og den blå til fisk. Disse vasker vi med varmt vann og Zalo samt iherdig mekanisk behandling med oppvaskbørsten. Da blir de reine.

    Grunnleggende opplæring i kjøkkenhygiene er absolutt på sin plass. Mer av det og mindre av antibakteriell ditt og antibakteriell datt!

  6. hildeG says

    Antibakteriell gel erstatter absolutt ikke grunnleggende kunnskaper om hygiene – verken i helsevesenet eller på kjøkkenet. Men i helsevesenet er det gjort mange studier som viser at folk generelt vasker hendene for kort tid og for slurvete – det blir mange bakterier igjen. VIl tro kokker ofte er like travle. 10 sek med sprit gir samme effekt som ett minutt med såpe og vann. Og det gir visstnok ikke flere resistente bakterier.
    Alle de såkalte «antibakterielle» zalo-midlene og lignende er det nok større grunn til å være skeptisk til.

  7. Mona says

    Apropos økologisk – en bonde jeg kjenner sa at forskjellen på økologisk og vanlig «bruk» er at når man driver økologisk sprøyter man om natten…. hihihih

    Økohysteriet har tatt litt av når det gjelder mat. Det hjelper liksom ikke at osten er økologisk dyrket når den blir transportert i fly fra Italia – som et eksempel – da blir det idioti!

    Ellers leste jeg en undersøkelse en gang om bakterier på tre- kontra plastfjøler – på trefjøler ble bakteriene faktisk borte selv uten vask, mens de på plastikk ynglet som bare det.

  8. Jeg faar vann om munnen. Visste du at Mannfolkprat skrev om kaalrulletter (i en erotisk setting!) og jeg fulgte opp med en liten tribute-post (om reise, ikke erotikk!) som handlet om det samme? Jeg blir sentimental her jeg sitter.

    Og tenker paa en ting som ikke staar i noen av de ovennevnte postene. Av de «gamle damene» hjemme har jeg laert at hodekaal er et godt middel mot leddvondt! Man lar bladene dampe i kokt vann til de er myke, og saa ruller man dem rundt det leddet som gjoer vondt og lar det sitte paa ei stund. Som den ene dama sa: «det trekker ut verken». Jeg har ikke proevd, men stolte fullt paa dem som fortalte om det. De visste hva de snakket om.

    Men det er kanskje en annen historie? Jeg skal slutte aa spamme her naa 🙂

  9. Eg las nok dei to postane når eg tenker meg om, for ei stund sidan. Dette er ikkje spam, Alter Ego, det er kjekt at du er innom!

  10. shoops says

    Det der såg skikkelig godt ut! 🙂
    Må jammen prøve å lage det ein dag!

    Når det kjem til tastaturet, så vaskar eg det med antibac ganske ofte. Det same gjeld mobilteleofonen. Som GARANTERT er verre enn tastaturet.

Leave a Reply