Musikk
Comments 3

Noko av det vakraste V


I rekka av korverk som eg har fått vere med på å framføre, har vi i dag kome til Frank Martin si messe for dobbelt kor. Den sveitsiske komponisten Frank Martin vart fødd i 1890 og døydde i 1974.

Han skreiv denne messa  på 1920-talet, men rekna verket å vere ei sak mellom seg og sin gud, og lot det ligge i skuffen. Først i 1963 vart messa framførd for første gong av Bugenhagen Kantorei i Hamburg. 

Frank Martin var inspirert av fransk impresjonisme, gregoriansk musikk og nyare komposisjonsmusikk. Denne messa er faktisk det einaste a cappella-verket (sang utan akkompagnement) han skreiv, det andre berømte korverket hans er Ariels sangar, med tekst frå Stormen av Shakespeare. 

Agnus Dei-satsen er den siste satsen i messa, som skal syngast under nattverden. Det er ein inntrengande melodi som vert sungen av kor 1, medan kor 2 skaper eit tettvevd bakteppe gjennom heile satsen.

På slutten endar det heile i ei intens bøn om fred, Dona Nobis Pacem, i ein durakkord som gjev von om ei betre verd. Får du høve til å høyre dette verket på konsert nokon gong, så gå. Du kjem til å føle deg som eit betre menneske etterpå. Vil du kjøpe det på CD, så leit etter den utgåva som er spelt inn med Harry Christophers og The Sixteen. Den er fantastisk, og du får også med fleire andre verk av Martin. (utalast Mart´æ.)

This entry was posted in: Musikk

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Så fint å få tips om gode innspillinger også.
    Dette var veldig, veldig vakkert. Jeg får assosiasjoner til kirkeklokker av koret som synger ag-nus-de-i-qui-tol-lis-pec-ca-ta-osv. Hvis du skjønner hva jeg mener. Er det bakteppet som bølger litt fram og tilbake det da, kanskje? Det der skulle jeg gjerne sunget, sopranstemmene høres behagelige ut 😀

    Likar

  2. Ja, eg trur det var nettopp den klokkeeffekten Martin ville oppnå med kor 2. På nokre innspelingar får den meir preg av trekkspel, det er ikkje så sjarmerande. Kor 1 består (i vår utgåve då eg var med) av 1. sopran, 1, alt, 1. tenor og 1. bass. Kor 2 = ditto andrestemmer. Rundt fire minutt løyser alt seg opp i store, malande akkordar. Nydeleg. Hiv deg på viss du får sjansen, det er flott musikk å synge.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s