I butikkane har det stått store bollar med prøver på den nye varianten av L’Eau d’Issey, L’Eau d’Issey Une goutte de nuage. Une goutte de nuage betyr ein dråpe sky har eg fått vite, om det er noko anna enn regn veit eg ikkje.
Når det kjem slike nye utgåver kallast dei ein flanker. Dei store, kommersielle parfyme-produsentane produserer sommar-utgåver og andre spesialutgåver av ei originalduft. Nokre flankerar kan havne ganske langt frå originalen, andre ligg ganske tett opptil den opprinnelege parfymen.
Av L’Eau d’Issey har det kome ei lang rekke flankerar, dei siste åra så mange som to i året. Desse er såkalla “Limited edition”, altså kjem dei berre ein gong, og så går dei ut av produksjon. Så får du ein darling her er det berre å byrje med eige lagerhald. Men sjansane for at det kjem ein ny darling neste år er overhengande.
På ei lita utflukt her om dagen fekk eg tilbod om ei prøve på den opprinnelege L’Eau d’Issey, og eg seier ikkje nei til prøver, så lenge det ikkje er Madame av Jean Paul Gultier. I dag har eg hatt L’Eau d’Issey på høgre hand, og L’Eau d’Issey Une goutte de nuage på den venstre. Det har vore ein interessant studie, ikkje minst fordi dette er dufter som eg ikkje har vurdert å kjøpe sjølv.
Begge har lotus og roser som framtredande duftelement, men Une goutte de nuage har te i uspesifisert form som toppnote. For meg gjer det den meir interessant, den har eit meir krydra og komplekst uttrykk i opninga.
L’Eau d’Issey har berre blomar i opninga, i tillegg til ein note som vert beskriven som ”aquatic”. Den skal altså gje oss dufta av reint vatn. Den som lagde denne noten sånn reint kjemisk har nok ikkje sniffa på ein norsk fjellbekk, men heller leita etter ein ”rein” note. For oss som har eit nærare forhold til fjellbekkar minner denne noten kanskje mest om kjensla av laken på ei snor om sommaren. Det er i allfall ikkje havet som er forsøkt fanga her, noten er frisk, den har ikkje noko salt ved seg.
Det er vel det grøne preget som sit mest att når den verste blominga er over, og L’Eau d’Issey vert heilt klart i grønaste laget for meg. Utover dagen var det så ille at eg vurderte å skrubbe den av meg, eg følte at eg gjekk rundt i ei syrleg, grøn sky. Og det er nettopp det syrlege i L’Eau d’Issey som gjer at den ikkje sjarmerer meg. Det har sikkert noko med hudkjemi å gjere.
Det intenst grøne kjem nok frå nokre av hjartenotane, nellik, peon og kvite liljer. Liljer har ei veldig spesiell duft, og eg har ein høgare toleranse for den lukta ute i ein hage eller i ein vase enn på min eigen kropp.
Une goutte de nuage tiltalar meg meir, med sitt lette, men ørlite meir krydra preg og eit hint av noko søtt. Den har ikkje eit overveldande særpreg, men har definitivt noko ved seg. Den varer ikkje så lenge, det gjer imidlertid L’Eau d’Issey.
L’Eau d’Issey tørkar inn roleg og elegant, men for meg overdøyver dei florale notane også botnen, som skal vere edeltre, musk og amber. Den dempa florale botnen på parfymen er langt meir behageleg enn dei insisterande toppnotane som beit seg fast tidlegare i dag. L’Eau d’Issey står ikkje på mi ønskeliste, eg vil heller ikkje bruke pengar på Une goutte de nuage, men får eg ei prøve til kan eg ta den på meg og sveve avgarde på ei sky til ein sommarfest.
Takk for fin beskrivelse!
Eg tilhøyrer også dei som ikkje likar denne såkalla “aquatiske” (beklagar hybridspråket!) noten, uansett kor kompetent parfymen er sett saman, og som deg synes eg at Madame av JPG er fæl!
(sitt her god og mett etter å ha ete ovnsbakt fiskefilet med pesto, med middelhavsgrønnsaker til (gjett inspirasjonskilde!), og duftar godt av Iris Nobile i edp (den har eikemose og patchouli i motsetning til edt-varianten, som også er deilig..:)
Håper du har ein fin søndagskveld
Jeg likte L’Eau d’Issey veldig godt, men gubben syntes det lukta myggspray, så det ble med en gangs kjøp av den parfymen. Kanskje jeg må skaffe en prøve og se om han fortsatt misliker den så sterkt?
Sol: Hehe, ja, damene er så vande med at alle tek imot prøver med stor takk at dei får sjokk når eg seier nei til den. eg har eitt par til eg seier nei til, den nyaste Guccien, til dømes.
Mokki: Myggspray ja, det var ein ny tanke. Men ikkje så dum beskrivelse når eg tenker meg om.
L´eau d´Issey er en av de svært få parfymene jeg klarer å bruke, kanskje nettopp fordi den er så syrlig og “akvatisk” (jeg tenker på det som vannliljer.) Nesten alt annet er enten for søtt eller for tungt, eller begge deler. Men jeg skal sannelig prøve ut varianten…
(Så rart, Gucci for Gucci synes eg heller ikkje noko om! Eg fekk ei prøve av den i edp då den kom, og den nye versjonen i edt har eg ikkje hatt lyst til å prøve eingong..)
L’Eau d’Issey måtte jeg prøve i dag – nydelig, men melonnoten med myggspraylukta kunne jeg spart meg for – selv om den heldigvis bare var i mellomnoten på min hud.
Jeg falt også for Versace og har begge på hver sin lapp og på hver sitt håndledd.
Det er egentlig nokså like parfymer, men Versace mangler myggspraylukta og er mye “kortere” på håndleddet. Den er også ekstremt mye “søtere” på papiret, men ikke på meg, heldigvis. Etter 2 timer er Versace så og si borte, mens L’Eau d’Issey bare lukter deilig.
Hadde “noen” kunne parret de – slik at jeg fikk L’Eau d’Isseys friskhet og varighet og Versace sin mildhet (ikke myggspray) …. En av dem må bli min og nå ligger L’Eau d’Issey et halvt hode foran.
Jeg tar imot beskrivelser av flere “grønne” med takk… 😉
2,5 timer seinere – ca 4 timer etter påføring: L’Eau d’Issey dufter nydelig – vann og ceder og en bitteliten undertone av noe “tyrkisk” – en lukt som likner ekstremt på CK One. Mildt og godt – tydelig, men langt ifra påtrengende. Versace forsvant sporløst etter ca 2 timer. Jeg vet hvem jeg skal se etter på tax-free. 😀
PS Der jeg har skrevet “melonnoten” i første innlegg mener jeg mellomnoten… Og det er antakelig nellik den skal være… :-S
Lettlurt? Yadda!
Fornøyd – og litt skuffa. Jeg prøvde parfymen på et parfymeri på Nordby og var positivt overrasket over den gode holdbarheten.
Så kjøpte jeg den på taxfree – og den holder rett og slett ikke like lenge. 🙁
Og jeg har dobbeltsjekket at det var parfyme og ikke eau de toilette jeg kjøpte. 🙁
Men heldigvis lukter den like godt om enn bare halvparten så holdbart.