Eg er inne i ei ”hot” fase på kjøkkenet, og i dag har turen kome til den klassiske britisk-indiske suppa mulligatawny.
Namnet betyr noko slikt som pepparvatn, utan at det seier så mykje. Det er få rettar i verda det finst så mange ulike versjonar av som denne suppa, du kan få den med eller utan fløte, vegetarisk eller med kylling og med ulike kryddersamansetjingar.
Suppa har delvis blitt kjend fordi det er denne suppa grevinna får servert av sin trufaste men akk så bedugga hovmester kvar vesle julaftan. Når hovmesteren fastslår at ”I’ll kill that cat”, står latteren i taket her hos oss, iallfall. Server gjerne suppa med sherry til, eit glas halvtørr sherry går fint til den sterke suppa.
I vår familie er dette ei klassisk bursdagssuppe. Den står og putrar på komfyren, eg har i meir kraft, meir grønsaker og hakka kyllingfilet etterkvart som gjestane sig inn døra, og den varar i timesvis. Ei diger gryte med ris står ved sidan av, slik at ein kan ha oppi si eiga suppe etter smak og behag. Dei mest kjenslevare ungane får pølser eller kjøttbollar i tomatsaus, tøffingane og vi vaksne har denne deilige suppa for oss sjølve.
Min versjon av mulligatawny er teken litt herfrå og litt derfrå, med ganske kraftig karrismak og kokt på hønsekraft. Du får også ein snøggversjon, slik at suppa kan lagast på alminnelege kvardagar og. Slik gjer du det:
Mulligatawny
1 høne
Vatn til å dekke høna
1 ts heil svart peppar
1 løk
Til suppa:
1 stor løk
3 fedd kvitløk
2 syrlege grøne eple, type Granny Smith
4 stilkar stangselleri
2 gulrøtter
1 paprika, valfri farge
1 boks knuste tomatar
2 ss madras curry-pulver, eg brukar ”hot” utgåve
2 ss garam masala
1/2 ts chilipulver
2 ts gurkemeie
1 ss sukker
Olje til steiking
Vask og skyll høna, og legg den i ein stor kjele. Slå over vatn slik at høna er dekt. Ha i peppar og ein løk, og la det koke opp. Skum av slik at krafta vert klar. La dette koke til høna er mør, ca. 90 minutt. Ta høna opp, og la den kolne. Sil av krafta, og kok det inn til to liter.
Rens og kutt alle grønsakene (inkl. epla) i suppestorleik, altså ganske smått. Varm opp oljen i ei gryte, og ha grønsakene oppi saman med knust kvitløk, curry, garam masala, chili og gurkemeie. Fres dette til alt har fått fin farge. Slå over krafta og tomatane. La suppa koke til alle grønsakene er møre.
Medan suppa kokar delar du opp høna, og kuttar alt kjøt i små bitar. Ha det i gryta, og smak til med sukker, salt og peppar. Vil du ha ei meir mettande suppe, kan du slå i ein pakke kremfløte mot slutten, eller du kan ha i ein boks kokosmjølk. Då får suppa ein fyldigare konsistens. Nokre knar og saman litt smør og mjøl, og jamnar suppa med det. Kokar du risen i suppa blir den og tjukkare, men eg syns det er meir delikat å ha den ved sidan av.
Kok opp 6 dl vatn. Ha i ½ ts salt. Ha i 3 dl ris, medan du rører godt. legg på loket, slå ned varmen og la risen trekke i 14-15 minutt. Server risen i ei skål ved sidan av, slik at gjestane kan ta i så mykje dei vil ha.
Snøggversjonen av denne suppa er å bruke kyllingfilet i staden for høne, skjere den i små terningar og steike dei i olje før du steiker grønsakene. Då er det godt å bruke hønsebuljong i terning eller på flaske for å få den gode kraft-smaken. Har du rensa og hakka grønsakene (unntatt epla, dei bør hakkast same dag for ikkje å bli brune) dagen før, er dette ei kjapp suppe å lage når du kjem heim frå jobb.
Har du ikkje alle grønsakene i denne oppskrifta kan du variere med det du har. Squash gjer seg godt i denne suppa, det same gjer rotselleri. Eg har også sett oppskrifter med poteter i, men ikkje overdriv det. Alle typar løk kan brukast, har du vårløk så ha den i mot slutten av koketida. Den er god når den ikkje er kokt heilt i hel.
Server suppa med godt brød, og som sagt gjerne eit glas portvin til.