Duft
Comment 1

Paul Smith: Floral

floral1Det er eigentleg dårleg gjort å skrive om parfymar som ikkje er lett tilgjengelege. Men ved hjelp av ebay, fragrancex, strawberrynet og slike plassar kan ein lett få tak i sjeldne dufter, så eg hiv meg utpå.

Paul Smith er ein designer med særpreg, rosedufta hans frå 2007 er allereie ein klassikar. To år før dette, i 2005, kom Floral, ei lekker frukt/floral-duft.

Dessverre er den gitt eit handikap ved at den er lansert i den styggaste flaska eg har sett i heile mitt liv, men det skal eg ikkje bruke mot den.

Floral er eit døme på ei duft som inneheld mange notar som kan bli heilt feil, men som er heilt rette i den samanhengen Paul Smith har plassert den i. Ingefær, grapefrukt og vannlilje i feil blanding kan minne mest om stanken av oppkast. Men i denne parfymen, i kombinasjon med appelsin, magnolia og orkidé skaper dei kjensla av varm eleganse.

Når den tørkar inn, tek dei florale hjartenotane over, og gjer at Floral får nærast eit pudrete preg, som understrekar det elegante, lekre ved dufta.

Sjølv om det er fruktnotar i Floral er den ikkje søt. Dei fruktige elementa gir varme og fylde til dufta, men botnnotane er ikkje søtlege, og dufta får dermed eit friskt preg. Den har god stamina, den blir ikkje borte etter kort tid, slik mange sommardufter blir.

Eg likar Floral veldig godt. Eg har gått forbi den to gongar, ein gong i Tromsø (der eg fekk ei prøve som eg kosar meg med av og til) og ein gong på Illums, neste gong blir den nok med heim.

This entry was posted in: Duft

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. sol says

    Synest den pop art-inspirerte designen på flaska er litt kul, eg! Ut ifrå beskrivelsen din trur eg at eg også ville like innhaldet!

    ps til listen av notar: Likar godt grapefrukt når det er svært tydeleg(dominerande) også. Favoritten i så fall er Guerlains Pamplelune i serien Aqua allegoria. Men kun på søndagar..

Leave a Reply