Duft
Comments 3

Dei raude duftene


Kva er ein raud parfyme? Fargen raudt ber i seg lidenskap, kjærleik, modne, sødmefylte frukter, som i jordbær og bringebær og det krydra, skarpe som i paprika og chili.

Men ein parfyme vert ikkje raud av i vere i ei raud flaske, sjølv om den ofte er det. Eg har for eksempel Mandarina Ducks Rouge intense, som langt på veg er ei grøn duft. Du skal ha gått med den i fleire timar før dei raude sidene ved dufta, det varme og omfamnande, kjem fram. Krydder i ei duft gjer den heller ikkje alltid raud. Poivre Piquant frå L’Artisan inneheld peppar og honning, altså både varme og sødme, men eg opplever den ikkje som raud. 

For å gjere forvirringa komplett går eg i dag med tre raude dufter, og prøver å finne ut kva eg likar og mislikar ved dei. Dei tre er Délices de Cartier, Magnifique frå Lancome og Absolutely Irresistible frå Givenchy. Alle tre er relativt nye parfymar, Délices kom i 2006, Magnifique i 2008 og Absolutely… i 2009. 

Absolutely Irresistible er den nyaste, og blir lansert «as we speak». Det gjer at det er ganske lett å finne prøver av den rundt om i parfymeria. Kjenner du Very Irresistible, så har dei lite til felles, Very I. er så og seie ei rein roseduft med eit lite hint av sterneanis. For meg er Absolutely Irresistible definitivt ei raud duft, men likevel diskret. Den er fruktig, varm men ikkje krydra. Den har ikkje allverdens levetid på huda, men OK.

Av dei tre eg har på meg er denne den eg ville kunne ta på meg på kontoret utan å plage ei sjel. Dei florale notane er behagelege, med appelsinblomst og jasmin som dei berande elementa. 

Magnifique vart lansert i fjor haust med brask og bram, og var overalt. Som den parfymenerden eg er var eg tidleg ute med å klare å fiske til meg ei prøve, og var «underwhelmed» første gongen eg prøvde den. Når eg no prøvar den igjen kjenner eg at eg kanskje har forandra meining. Dette vert endå tydelegare når eg samanliknar den med dei andre to raude.

Eg opplever Magnifique som ei elegant duft, med meir ryggrad enn Absolutely I.. Toppnoten er safran, og den gjev dufta eit distinkt særpreg. Det er ein uvanleg note i mainstream-parfymar. Agent Provocateur og Samsara er kanskje dei to mest kjende utanom Magnifique. Men eg kjenner og dei florale notane godt, som her i tillegg til jasminen som dei to har til felles, også består av ulike typar roser.

I botnen ligg vetiver, sandeltre og eit av verdas verste ugras; Nagarmotha, eller cyperus rotundus. Vetiver er nok med på å gjere denne dufta til noko meir enn berre tiltalande, når den tørkar ned gjev den meg denne kjensla som eg likar ved ein parfyme; at eg får lyst til å lukte meir på den. Den har eit spennande preg, med litt røyk, tre og jord som balanserer det sødmefylte i dei florale tonane.

Délices de Cartier er ei lett Cartierduft, den vert skildra av Cartier sine marknadsførarar som ei «vågal» duft. Om den er vågal parfymeteknisk eller på andre måtar veit eg ikkje. Eg har lukta på denne nokre gongar, og også gått med den på meg. Det er ein parfyme som eg får kompliment for, og som er lettlikt. For meg er den eigentleg ikkje så veldig fruktig, sjølv om den har ei søtleg side. Fiolnoten slår igjennom på meg, og dette er vel ein av dei få parfymane med fiol som eg kan like, i tillegg til Karl Lagerfelds Floriental. 

Også i denne er jasmin ein del av dei florale notane. -Og ute i hagen opplever iallfall eg sjasmindufta som omfamnande, lett krydra og varm. I tillegg er fresia med i komposisjonen, ei ekte hageduft. Det florale ved denne parfymen vert gjort søtleg ved at tonka er med blant botnnotane, denne sigarduftande bønna som gjev sødme og aroma til ei duft. 

Av desse tre er det altså Délices som tek størst plass, som gjer mest av seg. Magnifique er elegant, spennande og kan også få bli med på jobben i små dosar. Absolutely Irresistible er diskret, ikkje preglaus, men ikkje særprega heller. Har du på deg parfyme mest for din eigen del er denne heilt OK. Dei to andre får andre ta del i dersom du har dei på deg.

This entry was posted in: Duft

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Artig å se hvor ulikt vi kan oppleve dufter. Jeg ble nesten slått ut av stolen her da jeg prøvde Absoluteli irr.. Pføy!
    Délices derimot, -der har du en av yndlingene mine. Det jeg tror jeg liker best ved den er at den varer så lenge og at den har sin egen personlighet på en måte. Den er søt til å begynne med, og kommer og går en del. Avslutningen lukter -mmm – rent og lett krydret. Sukk, jeg skulle ønske jeg var flinkere til å beskrive dufter.

    Likar

  2. Akkurat. Har gjort litt research. Det er sandeltre jeg kjenner igjen i avslutningen, i kombo med tonkabønne og abra. Sandeltre er noe av det deiligste jeg vet 😀

    Likar

  3. sol says

    Takk for flott innlegg! ingen av desse har eg prøvd, men forstår at eg bør det. Spesielt fristar Magnif. med safran i toppnoten!
    Likar eit par andre «raude» parfymer, den eine er raud også i flakongen & den inneheld fiol; nemleg Flower by Kenzo le Parfum (som ikkje er den opprinnelege i gjennomsiktig glass). Notane sitert frå Ozmoz:

    *top notes

    May blossom, black currant
    * heart note

    Parma violet, Bulgarian rose, almond
    *base note

    Opopanax resin, white musk, French vanilla, amber

    Ei anna med fiol som eg likar godt, spesielt seint om våren, er ein avart av YSL’s Paris; Paris Nuit de Fete, med notane
    fiol, bergamot, appelsinblomst
    rose, mimosa
    sandeltre, vetiver, eikemose, musk
    Den er tydeleg «Paris», men med fiolnoten er sterkare, og vetiver og eikemose manglar vel helt i originalen

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s