Duft
Comments 5

Svipptur til Hermès del IV


Dei har jammen mange parfymar, Hermès. No held eg på å sniffe meg igjennom Hermèssence-serien, og Vetiver Tonka og Osmanthe Yunnan som eg skreiv om her om dagen er ein del av denne serien.

Vetiver Tonka er ein del av dei opprinnelege fire, saman med Poivre Samarkand, Rose Ikebana og Ambre Narguilé. Desse vart lansert i 2004.

Poivre Samarkand har som namnet seier tunge pepparnotar, både svart peppar og chili. I tillegg har den ulike tresortar kombinert med chypre, altså mose, og musk. Det er ein ganske kraftig parfyme, men framleis unisex.

For meg vekslar den mellom eit varmt, spennande og krydra uttrykk, til rein mannesveitte. Det kan tyde på at denne kan vere ganske ulik frå person til person. L’Artisan sin Poivre Piquant har eit lettare, slankare, lysare preg, sjølv om den og er ein markant pepparparfyme.

Paprika Brasil skuffa meg, må eg innrømme. Den er for grønn for meg, og iris er ein note eg alltid har problem med. Den har edeltre i basen, og burde tørke inn vakkert, men når eg har hatt den på meg nokre timar har eg berre ei litt rotete, grønn krydderduft på huda.

 

Brin de reglisse var eg sikker på at eg ikkje skulle like, i og med at eg ikkje er så glad i lavendel. Viss du har det som meg, er byrjinga tøff, lavendel er først og fremst ein toppnote i denne dufta, og er med på å gjere den tørr og pudrete. Appelsinblomar gir den eit friskt strøk, og høy (!!) gir den ein jordbunden karakter. Men når lavendelen har tørka slår den deilige lakrisen igjennom, og basen er fyldig, ”vaksen”, men gir likevel assosiasjonar til barndomens laurdagsgodt.

Rose Ikebana er etter mitt syn nær ein perfekt roseparfyme. Den er søtleg på grunn av rosearomaene, men dette blir vakkert balansert av grapefrukt og rabarbra. Når den tørkar, og basenotane kjem fram, vil eit slør av vaniljeparfymert honning balansere dei florale notane på ein nydeleg måte. Eg er ikkje roseparfymetypen, men er du det bør du definitivt prøve denne.

Det passar å ta Ambre Narguilé til slutt, den er på ein måte desserten i ein (for tida) sjurettars meny. Høyr på dette: Vanilje, karamell, honning, sukra (!!) tonkabønner, rista sesamfrø, kanel og rom! Dette er ikkje så ille som det kan høyrest ut, faktisk så er dette og ein ganske elegant parfyme, langt unna andre dessertparfymer. 

Ambre Narguilé held seg lenge, og utviklar seg undervegs. Dette er ikkje ein lineær parfyme. Eg ser denne for meg som ein vinterparfyme, kanskje rundt juletider. Ambre Narguilé har også denne ”eg vil ha meir”-egenskapen, du får lyst til å fortsette og fortsette å lukte på den. Deilig. 

This entry was posted in: Duft

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

5 Comments

  1. Her var det masse info om Hermes 🙂 Et merke jeg har tenkt å teste bedre ut. Jeg har Hiris, og ønsker meg Un jardin sur le Nil. Tenkte jeg skulle kaste meg over Hermessence i London. Vetiver Tonka virker jo interessant, og den nye Vanille Galante høres jo deilig ut .. Eller hva tror du? Det er så alt for mye fristelser

    Likar

  2. Vanille galante er deilig, men uventa annleis, nesten floral. Dei er veldig hyggelege i Hermèsbutikken på Stein og Straum, men det går jo fint å sniffe Hermès i London og… 😉 Vetiver Tonka er fantastisk. Osmanthe Yunnan og, eg er svak for tedufter. Hadde dei hatt den inne i småflasker hadde eg nok no vore eigar av eit slikt sett: https://altgodt.wordpress.com/2009/03/18/eg-ma-berre/

    Likar

  3. Jeg er svak for både teduft og vetiver, så da må jeg nok prøve begge 😉 De småflaskene er jo fantastiske! Er et must for oss med små flasker. Jeg er veldig svak for Chanel les exclusifs også, og der er jo flaskene på 200 ml .. :/

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s