Eg testa Kapsule nr. 2 i kveld, Woody. Etter den offisielle beskrivelsen skulle dette vere ein spennande kombinasjon av edeltre, fruktige notar og svart peppar, men for meg så tok pepparen fullstendig styringa, og gjorde at dette ikkje vart nokon hit for meg. Den er sikkert deilig på ein mann, og den kan sikkert vere god på nokon med ein annan hudkjemi enn meg. For meg er Floriental framleis vinnaren av dei tre Kapsule-duftene til Karl Lagerfeld. Eg har hatt den på meg i dag, og den er som å gå med eit vakkert kasjmirsjal. Ein deilig parfyme!
Ein bekjent av meg hadde testa D&G The one for men her om dagen, og sa at det kunne vere ei unisex-duft. Sidan eg likevel var ute og sniffa på Karls verk så tok eg den på den andre handa. Den ga meg ikkje stort, litt sånn skyllemiddelaktig, med overveldande sitrusnotar. Skuffande eigentleg, eg er så glad i dei søte, krydra notane i D&G The one for her, men der var det ingen forbindelse.
Eg spaserte rundt i eit kjøpesenter, og gjekk forbi ein Body Shop-butikk. Ein idé slo ned i meg, og eg tok TBS Vanilla oppå D&G The one. Deilig! Det var det som skulle til, litt varme og nærleik frå vaniljedufta løfta den kjølege, kjedelege D&G til nye høgder.