Blogging, Duft
Comments 5

Dette tok ikkje heilt av…

Invitasjonen min til spørjerunde var ikkje nokon kioskveltar, sjølv om mange var innom her i går. Det er vel berre GundaM som har kome med eit skikkeleg spørsmål til meg, og det er slik:

Da kommer jeg med et spørsmål; Hva parfyme vil du anbefale til meg tror du…? Må innrømme jeg liker bedre mannfolk parfyme enn dameparfymer. Før gikk jeg med Chanell men nå… Klem i natten til deg ;)

Eg er også fascinert av herreparfymar, så eg har prøvd litt forskjellig. Du seier ingenting om kva for ein Chanel du har gått med før, det er så mange. Men i allfall: Dei herreduftene eg har presentert her i bloggen er Karl Lagerfeld Kapsule-duftene, Bulgari Black og Miller Harris Feuilles de Tabac.  Feuilles er vel teknisk sett ei unisex-duft. Felles for desse tre er at dei er av den orientalske, krydra, varme typen.

Eg skal nemne to til, nemleg Calvin Klein Obsession for men og Chanel Egoïste. Obsession for men er det nok ikkje mange damer som går med, men Egoïste er ganske vanleg å bruke til «cross-perfuming». Grunnen til at eg nemner dei begge er at eg kjenner ei som brukar den første, ein liten drope bak kvar knehase (!!) og ho luktar fantastisk. Eg prøver Egoïste når eg har høve til det, og vil nok kjøpe meg ei flaske før eller seinare.

Dei to duftene delar ganske mange notar, men patchulien i Obsession gjer den særeigen og intenst varm, meir hippie-prega. Egoïste har den same kombinasjonen av florale notar som rose og nellik, og krydder, som kanel og koriander, men den er noko meir treaktig og elegant. Davidoff Adventure er ei anna av desse woody-spicy-oriental-duftene som tiltalar mange damer.

Dersom herreduftene du likar er av den friskare typen vil eg anbefale deg å prøve L’eau d’Issey for men, Creed Royal English Leather og Kapsule Light.

No er sikkert GundaM glad, når det gjeld alle dei andre som har vore innom måtte eg ty til søkeorda for å finne ut kva dei lurte på. Her er resultatet:

ambre roseparfyme – Ein klassisk kombinasjon, som du vil finne i mange av dei mest kjende duftene som Chanel No. 5, L’Air du Temps, Must frå Cartier, Anaïs Anaïs og YSL Paris. Ein ny versjon er JLo sin Glow, ein moderne klassikar.

annakanne er det annakanna.blogspot.com du leitar etter? Kjempefin USA-basert designstudentblogg.

arkitektens trøst – Eigentleg ein plante, Polygonum baldschuanicum. Ein fin klatreplante som skal skjule skavankar og feilkonstruksjonar – innan rimelege grenser.

biff til mange – Eg heilsteiker den, og skjer den i skiver. Alltid enklast, og du kan få til ei rosa kjerne som dei fleste kan like.

billig og god mat konfirmasjon – Sjå denne. Lykke til!

bryllupsparfyme – Eg har berre gifta meg ein gong, men eg sverga til «min» parfyme, den som var meg på den tida. Viss du vil ha ein spesiell til bryllupet ville eg ha foreslåttat du bør prøve Estee Lauder Beautiful, Stella McCartney Stella, J’adore, Victor & Rolf Flowerbomb eller Narciso Rodriguez EdT. Dei er alle florale, oppløftande, ikkje for påtrengande men samstundes til stades.

ekte vaniljesukker – Veldig viktig. Tørsleffs. ICA Maxi, Centra eller Meny.

ertesuppe med ferske erter – som ertepuréen min, men meir utspedd, og kanskje meir krydra? Prøv!

estetique sandvika – Fint parfymeri.

festmiddag «ferdig på forhånd» – Ikkje så lett, men ting som går inn i omnen i form er alltid enkelt, som pestofisk eller heilsteikte kjøtstykke. 

går sukker ut på dato – nei.

grønn genser portvin – Grønn genser var ei dame som gutta på forelesning på jussen var veldig opptekne av. Og ei bergensk marsipankake, trur eg. Har ikkje oppskrift. Går sikkert strålande til portvin og vice versa.

gryter som ikke svir – Eg er fornøgd med Eva Trio, her må ein berre prøve seg fram. Kanskje ein kunne få gryter på heimlån?

hva er tahine? – Sesamfrøpasta, vert brukt åleine og t.d. i Hummus

hvordan kjenner en acetonlukt – Neglelakkfjernar? Litt sånn mandelaktig, meiner eg å huske?

joni mitchell emo blue – Ja

kanel allehånde moussaka – Eg brukar kanel i moussakaen min, men ikkje allehånde. Kanskje ville det vere godt?

koking fersk pasta – Stor gryte, halvfull med vatn, gjer at det ikkje kokar over.

kompliment i bogstadveien – Får eg ein gong i blant, mellom anna av frisøren min, ein strålande fyr.

lag ei fin dame sjølv – Her er eg heilt i villreie. Vanskeleg å lage damer. Dei kjem i liten storleik først.

leve billig mat  – Her

pakke en kake – Bruk ei papplate som du skjer til, dekk den med folie eller kakeserviett. Ein steikepose er fin til å dra over.

rose ikebana kjøpe – Hermes, Stein og Straum, deilig duft.

saftige boller enkle barn – denne oppskrifta gir nydelege bollar, enkelte ville kanskje også kalle dei saftige. Men enkle barn, det må du ordne med sjølv.

semulegrynsgraut – Ha passe mengde gryn i mjølka medan den er kald. Rør medan den vert varma opp. Smak til med litt sukker, salt og ein liten klatt smør. Mmmm!

skyldskifte – I den gamle matrikkelen vart ein eigedom sin relative storleik ift heile landet registrert. Denne andelen vart oppgitt i eigedomen si «skuld». Eit skuldskifte er ei oppdeling av eigedomen basert på denne relative andelen. Ikkje heilt påliteleg, altså. Matrikkelen er oversikta over alle eigedomar og kven som eig dei. Grunnboka er oversikt over tinglysingar knytt til eigedom. Jammen er jussen nyttig i blant.

tage andersen københavn – Fin butikk, kreativ mann. Perfekt besøksmål.

teknikk ved baking med smør og sukker – Nokre oppskrifter seier «rør smør og sukker hvitt». Det blir aldri kvitt, men litt lysare gult kan det bli. Andre oppskrifter seier lag eggedosis, og ha i smelta smør saman med mjølet. Den første metoden vert brukt til tyngre, saftigare kaker. Eggedosis pluss mjøl og smør vert brukt når ein vil ha eit lettare resultat.

vaffelrøre i brusflaske settes i kjøleskap – Det går fint. No til dags kan ein også bruke mjølkekartongar med skrukork. Lett å frakte og å pakke tett, og lett å porsjonere i vaffeljernet. 

This entry was posted in: Blogging, Duft

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

5 Comments

  1. Takk for masse info !! Den Black skal absolutt testes selv om jeg ser av artikkelen din den er på vei ut…Og Miller harris;) Har skrevet de opp nå og skal testes.

    No.5 fra Chanel var engang min favoritt da. Men disse unisex parfymene er vel det som passer best for alder, humør og utseende nå…

    Ha en vakker dag der nede! her skiner sola fra blå himmel, herlig!!! Nå skal jeg ut i hagen og qigonge meg ;)))

  2. Camilla says

    Hei!
    Då kjem eg med eit spørsmål til deg: kva ville du servert i ein bursdagsfest med 100 gjestar? Fint om det meste kan lagast i forveien, og det må vere noko som ikkje kan gå gale… 🙂 Budsjettet er ikkje så mykje å skryte av heller.

  3. Jeg har også et spørsmål:
    Har du lyst på en miniflaske med Un bois Vanille fra Serge Lutens? Jeg har gjort den i stand til deg, drar til Oslo på kurs i kveld, og blir der til tirsdag ettermiddag. Vi ringes 😀

  4. GundaM: Prøv Feminité de Bois viss du ikkje finn Black, litt av det same, men meir trenotar. Deilig. Shisheido har den.

    Camilla: Du får ein eigen post! 😀

    BÅ: :hoppar opp og ned: Ja!!! Eg er på kurs på Plaza i morgon ettermiddag, er i S2 elles.

  5. Pingback: Chanel: Egoïste « Alt godt

Leave a Reply