Billig mat, Dessert, Mat, Noko søtt, sylting og safting, Veggis
Leave a Comment

Tilslørte bondepiker

Laga du det gode pæresyltetøyet eg la ut her om dagen? Eg prøvde å bruke det til tilslørte bondepiker, og det vart så godt! Kombinasjonen av litt ingefærsting og dei sprø valnøttene var perfekt match.

Eg gjorde det lettvint for meg sjølv, og brukte knuste kjeks til å legge lagvis med krem og syltetøy. Eg hadde bixit-kjeks, og dei har den deilige, grove strukturen og passe sødme.

Du kan også bruke digestive-kjeks, eller steike smular av tørka brød med litt sukker og kanel. Det er ein fin måte å bruke gamalt brød på. Rist ei brødskive, knus den i matmølle, og steik smulane i litt smør før du drysser på sukker og kanel. Det er passe mykje smular til to dessertglas.

Min dessert vart pynta med ferske fiken, berre fordi eg fann det i butikken. Finn du det, så kjøp det! Dei er i sesong no, og blir så fort borte. I tillegg smakar dei fantastisk. Det kan du også servere til ost, forresten.

Tilslørte bondepiker

1/3 liter kremfløte

1 ts ekte vaniljesukker

2 dl pæresyltetøy

5 stk bixit-kjeks eller digestivekjeks

Fiken til pynt, viss du finn

Pisk kremen stiv med litt vaniljesukker. Knus kjeksen. Ha litt krem nederst i glaset. Legg kjeks og eplemos lagvis i glasa.

Leave a Reply