Syltetøy er min favoritt på helgefrukostbordet, på ostefatet og til dessert.
Pæretre kan bere enormt med frukt enkelte år, og då er det ikkje så lett å få brukt alt. Har du ikkje pæretre sjølv, så sjekk med naboen. Spør om du får plukke, i bytte mot nokre glas syltetøy.
Pærene kan hermetiserast, du kan lage deilige dessertar, og ikkje minst kan du lage spennande variantar av syltetøy. Har du eple kan du også blande eple og pærer i syltetøyet.
Eg lagar heller fleire ulike sortar syltetøy i små porsjonar enn masse av ein sort. Pæresyltetøy er ikkje så vanleg, men har du pærer for handa bør du prøve å lage dette.
Dette syltetøyet passar perfekt til ein moden brie, men det er også godt på brunost eller på gräddost. Det passar også perfekt til tilslørte bondepiker, den ultimate haustdesserten.
Syltetøy er den perfekte gåva, ta med eit glas viss du vert invitert til middag hos nokon, eller gi eit glas bort til jul. Alt syltetøy skal på sterile glas. Eg samlar glas heile året, og brukar til dømes konsekvent First Price tacosaus, for dei har så fine lok som det ikkje står noko på, perfekt til syltetøy. Fjern lappane før du vaskar glasa. Nokre lappar er ekstra gjenstridige. Av og til hjelper det å la dei ligge i vatn nokre timar, så skrape, og så la dei ligge litt til. Dei nest verste fjernar eg med aceton, dei verste må eg bruke whitespirit på.
Etterpå får glasa seg ein runde i oppvaskmaskinen. Skal du sylte med ein gong, så køyr glasa på det varmaste programmet, då kan du ta dei rett ut, og fylle dei medan dei er varme. Du kan også sterilisere dei ved å ha dei i steikeomnen på 100 grader i tjue minutt. Då bør du ta loka i ei lita gryte, dei er ofte ikkje så glade i høg varme. Eit anna alternativ er å koke opp ei stor gryte med kokande vatn, og la glasa ligge der i nokre minutt, fiske dei ut med ei pølseklype eller ein matpinsett, og vende dei på eit heilt reint handkle.
I dette syltetøyet brukar eg fruktpektinpulver, du kan også bruke syltepulver. Det gir syltetøyet ein fastare konsistens, og dessutan inneheld det konserveringsmiddel, som gjer at syltetøyet ikkje mugnar eller gjærar. Det reduserer svinn, og gjer at syltetøyet held seg fint sjølv om det vert ståande i kjøleskapet ein månad eller to etter at det er opna.
Denne oppskrifta er ei grunnoppskrift, som du kan bruke for å sylte ulike typar bær og frukt. Vil du leike deg litt, så prøv gjerne å lage det same syltetøyet men med kanel og kardemomme i staden for ingefær. Det kan sjølvsagt også lagast heilt utan krydder, og du kan droppe nøttene om du ikkje likar det.
Kos deg med syltinga!
Pæresyltetøy med ingefær og valnøtter
2 kg pærer
½ liter vatn
40 g fersk ingefær
1 pakke syltepulver eller fruktpektin
2-3 ss sitronsaft, eller 1-2 ts sitronsyre
Ca. 600 g sukker
100 g hakka valnøtter
Skrell ingefæren, og del den i fingertjukke bitar. Kutt bitane i syltynne skiver med ein skarp kniv. Kok opp 2 dl av vatnet og ha i 100 g sukker. Kok ingefæren i sukkerlaken til den tjuknar, ca. 10 minutt.
Del pærene i to, fjern kjernehuset og stilkfestet, og skrell dei. Kutt dei i ganske små terningar, og ha dei i ei tjukkbotna stålgryte saman med resten av vatnet. Kok pærene til dei er møre og mjuke. Viss dei ikkje kollapsar og kokar ut, så kan du sette stavmiksaren nedi gryta, og køyre delar av syltetøyet til mos.
Ha i pektinpulveret, og la det heile koke friskt i to-tre minutt. Ha i sitronsaft, sitronsyre og sukker, og smak til undervegs. Litt ekstra syre og litt ekstra sukker kan høyrest ekstravagant ut, men det framhevar pæresmaken mykje meir enn viss du lagar denne med låg sukkermengde. Ha i ingefæren med laken, og valnøttene, og kok opp igjen.
Fyll syltetøyet på reine, nykokte glas med skrukork. Oppbevar dei mørkt og kjøleg.
Pingback: Tilslørte bondepiker | Alt godt