Duft
Comments 2

Charlie by Revlon


Denne parfymen hadde eg på åttitalet, men det er ikkje dufta eg huskar best. I parfymeriet i Ulsteinvik, der eg var innom støtt og stadig, delte dei ut ei slags reklameavis for Charlie, som var den første beskrivelsen eg såg av kva det innebar å vere ei karrierekvinne. Denne avisa gjorde at eg strakk meg ein halvmeter trur eg, og eg slukte kvart eit ord i den.

Det var lange lister med kva ei Charlie-kvinne gjer og ikkje gjer, eg huskar aller best denne: En Charlie-kvinne har en klokke – og bruker den! Litt utløpt på dato no, men det er morsomt å sjå tilbake på den tida då det å ha på eit armbandsur var uttrykk for å vere moderne.

Eg fann denne Charlie-filmen nyleg, og den er også eit døme på kva type kvinne denne parfymen var retta mot: 

At filmen har Sharon Stone i hovudrolla er berre ein bonus.

revlon-charlieOg dufta? Bilverkstadnotane er med for full musikk, med dagens terminologi ville ein vel seie at den luktar ganske kjipt. Enkelte meiner den kan minne om Chanel no. 19, eg trur vel kanskje det er ein fornærmelse mot fru 19. For meg er det aldehydane og den intense opninga med estragon som gjer at denne ikkje er aktuell lenger. Den er faktisk å få tak i, den siste flankeren kom i 2001. Vonaleg er den meir velkomponert og «i tida» enn den første Charlie var. Men viss den ga lov til å gjere dette, så hadde den vel noko ved seg…

This entry was posted in: Duft

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Jøss da, jeg har også hatt Charlie. Har nesten vært på nippet til å skaffe meg en flaske (koster jo nesten ingenting), bare for å snuse og mimre 🙂

    Likar

  2. Huskar godt Charlie, det var parfymen «alle» brukte på 80-tallet, og den var kjempegod og til ein overkomeleg pris… Lukta på den for nokre år siden og fant den da grusom, jobbet mange år i parfymeri og har solgt en god del av dei nyare variantane, spesielt den raude. Ein vert rimeleg kresen av å stå oppi dufter i fleire år, og resultatet er at eg har vanskeleg for å finne meg nye parfymer.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s